SOGNDALSRUSSEN 1960


Oppdatert: tysdag 20. desember 2022

Kjære, gode russevener!

Nokre ord frå redaktøren og. Eg har det svært bra for tida. Helsa er god, og eg kan leva livet som eg vil. Og slik er det for Ragnhild og, frisk og sprek. Og me trimmar med turar i skog og mark. Dessutan går Ragnhild på Vesterland på trening i trimrom og i bassenget. Eg får og bra trening med praktisk arbeid på "bruket" vårt i Solvorn: Stell av hagen og epleplukking, pressing av eplesaft/eplejuice. I fjor pressa me 700 liter, i år vart det noko mindre. Så har eg vore i skogen og hogge ved til oss sjølve og til etterkomarane våre. Straumprisane er høge, så det er bra med litt ved. Eg har hogge hjå Knagenhjelm her i Kaupanger. Har rydda lauvskog langs skogsvegane.



Så har me renovert huset vårt i Solvorn dette året: Nye vindauge og dørar, betre isolasjon og ny kledning. Og så måtte huset målast på nytt, og det gjorde me sjølv. Har vorte ein racer på å setja opp stillas og å ta det ned att.



Eg var i Bergen og kjøpte ny båt i sommar, og tok han med heim att på tilhengjar:



No i julehelga vert me alle samla. Bjarte og familie som bur i Bærum, kjem på veslejuafta. Resten bur i Kaupanger, Sogndal, Hafslo eller Solvorn. På julafta til lunsj her hjå oss så vert me 20 stk. Og det er kjekt å ha alle rundt seg.

Så vil eg ønskja alle ei GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR!

Mange helsingar frå Oddvar




Frå Anne-Kathrine:

Kjære russevenner!

Så er det jul igjen og snart nytt år, og det er tid for det obligatoriske julebrevet.

Takk for sist til dere som jeg hadde æren av å være på minitreff sammen med sist sommer! Det var et hyggelig lag, og som alltid kjekt å treffes igjen, men jeg savnet selskap av dere medsøstre! Jo eldre man blir, jo nærmere kommer de gode minner fra "før i verden". Jeg tenker på tre gode år i Sogndal, og gleder meg over at vi fortsatt holder kontakt, til tross for geografisk avstand og andre hindringer.

Jeg er heldigvis frisk og rask ! Som pensjonist erfarer jeg jo at livets elv flyter saktere. Jeg kan innimellom savne å ha plikter og struktur i hverdagen, men har en ivrig unghund som er avhengig av meg, slik at jeg får både mosjon og sosial kontakt flere ganger daglig. Drammen er kåret til å ha Norges varmeste sommervær, og jeg kan se tilbake på deilige sommerdager her, og på fjellet, i Hallingdal, der jeg tilbragte store deler av sommeren. Jeg har i høst kvittet meg med åremålshytta, p.g.a. strømutgiftene!

Et sentralt høydepunkt fra høsten var at jeg fikk delta på veterantreffet -/ festen for Geir Tjugums store livsprosjekt Rescon/ nå Mapei. Umulig å ikke bli kjempe imponert over anlegget i Odalen og de vidtrekkende konsekvenser dette entreprenørskapet har fått ! Jeg er stolt over at Geir er en av oss 60 russ!!

Julen pleier jeg å tilbringe til fjells, enten på Beitostølen eller på hytte. Siden jeg i høst kvittet meg med min åremålshytte ( p.g.a. høye strømpriser), skal jeg denne jula feire sammen med min søster på hennes hytte på Sangerfjellet i Ål. Derfra har vi utsikt til Hallingskarvet og omkringliggende herligheter. Jeg drar opp julaften etter å ha vært på kirkegården og tent lys, og ankommer hytta til surkållukt og peisknitring, i god gammeldags stil, og stillhet. Nyttår blir det nok mer fres, jeg skal feire på Storefjell.

Nå ønsker jeg hver især av dere russevenner en GOD JUL og et VELSIGNET NYTT ÅR ! -og tør å håpe på nye treffmuligheter for oss i -23?!!

Beste hilsen fra anne-kathrine




Frå Kirsti:

Hallo dere alle som var russ 1960, og til dere som hjalp oss å feire med musikk!!

En liten hilsen fra nok en dame som merker at hun er blitt gammel. Men som borger i en småby får jeg med meg litt av hvert uten de store anstrengelsene!!

I dag på en liten runde i Storgata ble jeg ropt inn i Sparebanken Sør og fikk med meg en nydelig og festlig julekonsert spilt av 5 dyktige musikere fra Kristiansand Symfoniorkester. 5 messingblåsere. Mange godbiter i vente fra dem ble det fortalt av en nydelig amerikansk dame som snakket norsk med bare littegrann aksent: Jeg har ingen familie her nede, men til jul kommer barn og barnebarn sørover. De har sin farfar her i nærheten i stort hus, og jeg farmor, har bare en praktisk og koselig liten boks. Plass til en gjest, til datter Helene! Stas!

God Jul!

Og gode ønsker for 2023 fra

Kirsti


Frå Arnold:

God jul.

Eg går rundt på strondi i den norske byen Arguineguin.

Arnold


Frå Kari:

God jul til dykk alle!

Her i Bergen er det for ein gongs skuld kvitt. Noko som hjelper på julestemninga. Men snøen blir neppe liggende til jul. I år skal eg feire jul hos Ingunn. Det er full oppussing i leiligheta mi. Eg skal få nytt bad og vaskerom. Så no er det fullt kaos der. Formen er fin og helsa god. Eg har gode dager og kosar meg.

Ynskjer dykk alle ei god jul og eit godt nytt år.

Helsing frå Kari


Frå Geir:

Kjære Russevener!

Brith og eg er relativt friske og har det bra. No er me i Spania i leiligheten vår utenfor Marbella. Me brukar den ein god del i den kalde årstiden. I år har eg vore her fem turar ca 3 veker i januar ,februar, påsken og no i desember. Her går eg tur nesten kvar dag frå 2-4 timar oppi åsen over oss og ser til Gibraltar og Afrika i klårvær. Sjølv om formen er god har det vore nokre alders småreparasjoner i år. Før jul i fjor skulle eg ha, nye briller, men då oppdaga de at eg hadde grå stær. Det ville eg ha fiksa, men sidan eg har berre eit auga som virkar burde eg få gjort det på eit sjukehus Det vart Drammens sjukehus, men ikkje før 18.01.23.Videre etter elgjakta i fjor fekk eg vundt i ryggen,fekk tatt EKG og konstatert prolaps og hadde isiassmerter i eit bein. Fekk time hos ortopedspesialist på Martine Hansen. Operasjon er 60 % sjanse for å bli bra, men trening er bra, henge i ribbevegg , yogaballøvelser og gå tur i terenget. Eg valte ikkje operasjon, Kjøpte Yogaball og gikk til fysioterapøyt og fikk øvelser og instruksjon. Etterpå har eg trent kvar dag 1-1,5 timar og gått mykje i terrenget. Treninga har virka, nå har magen blitt borte, vekta er redusert med ca 15 kg og alle smerter er borte- og eg kjenner meg i god form. Hovedgrunn til at eg har forstått og gjennomført treninga er ei 86 år gammal fysoterapøytkjering som driver i full jobb med masasje og akpuntur. Ho kjøper 200-240 kg elg frå meg kvart år og et elg kvar dag og held seg frisk. Ho seir»Jo eldre du blir jo meir må du trena-knebøyningar er veldig viktig» I det programmet eg gjer kvar dag er det 120 forskjellige knebøyninger. Har fått enda en oppgradering i år ved at jeg har fått meg høyreapparat.

For det meste er eg i skogen på Finnskogen med dei to elghundane mine .Brith pendlar opp og ned fra leiligheten i Sandvika og passar på at eg har mat og reine klede. No har eg berre ein hund da den eine var gammal og me sende han til de evige jaktmarker etter årets elgjakt. Eg går i skogen og ser på trea mine og bestemmer kva som skal hoggast og ungskogspleies. På for sommaren hadde eg entreprenør og vi hogg ca 2500 m3(dvs ca 60 trailerlass med henger) vider gjore entreprenøren noe vegarbeide på skogsbilvegen min. Tømmersalget og avirkningen gjeres av andelslaget som jeg er medlem i Glommen Mjøsen Skog SA. Hvis jeg ikkje hugsar galt omset dei ca 3 millioner m3 pr år ca 1/3 av årsvolumet i landet.De er også hovedeigar i Moelven så konsern messig har dei ein omsetning på 15-16 milliarder pr år. Eg har ein liten jobb i andelslaget som eg har hatt minst de siste 10 år som leder for andelseiernes tillitsvalgte i Glommen Mjøsen Vinger Odal Dvs kommunene Eidskog, Kongsvinger og Nord og Sør Odal. 8-10 møter i året. Første helga i august var me i Fjærland på vår årlige famellie stemna me fire syskjeni og etterkommarar ca 25 stk og der hadde me det som vanlig fint. Fjellturen i år var å gå i Brith og mine fotspor over fjellet fra Sogndalsdalen framom Selseng over fjellet til Berge i Fjærland.Det var denne vegen eg smugla Brith inn i Fjærland fyrste gangen ho var der og la ho på pensjonatet. Kunne ikke komma på bauten før det var fast fisk- som fjærdlending var eg forsiktig. Det var i 1964. Denne gangen fekk eg ikkje væra med då eg ennå ikkj var kvitt isiasen min, men våre to barn med ektefeller og fire barnebarn + 3-4 til hadde ein strålande tur over den snødekte fjellet de ser bak deltagarene eg fotograferte på stølen i Sgndalsdalen før dei starta. Bildet av meg i bunad og hatten er i konformasjon til yngste barnebarnet vårt i år.Eg berre prøvde hatten til svigerson vår som han hadde til Bærumbunad. Det tredje bildet er frå elgjakta i haust i Gapahuken eg og ein polakk laga. Eg var arkitekt.Eg har denne polakken i skogen kvar sumar 2-3 månader for ungskogpleie og planting. Elgjakta gjekk fint me skaut to okser og tre kalvar og eg var kvitt isiasen då.

I november hadde me vårt årlige Lutefiskgjilde 7 relativt spreke 81 åringer kamerater frå Befalskulen på Gimlemoen fra 1960-61.. Ein kjem frå Stavanger,ein frå Kristiansand, ein fra Mandal, ein frå Oslo og ein frå Hurdal Dei kjem til skogen ein dag så preparerer me eit skikkelig lutefiskmåltid med godt drikka og koser oss utover kvelden Alle overnattar på setra hos meg. Ein god frukost neste dag så dreg dei. Ein tradisjon me har hatt i sikker 15 år.Opprinnelig var me 3 til, med har forlatt denne jord- slik ein må rekna med i vår alder. Plukka ca 20 kg molter og ein god del blåbær. Det likar jeg godt når tida er der. I november var Brith og eg på Veterantreff for folk som hadde jobba i Rescon dei første åra. Heile 85 stykk deltok og det var fantastisk fint å treffa mange igjen og å sjå kva bedriften har blitt til i Mapei Over har eg rota saman om litt av mitt liv i 22.

Tilslutt; Riktig god jul og godt nyttår til dykk alle!

Mvh

Geir






Kjære russevenner!

Kjekt å lesa om gamle russevenner, og då må eg prøva yta litt sjølv og.

Me hadde tenkt å vera heime i år, men så fekk me tilbod om å leiga same leilighet som i fjor. Det kunne me ikkje stå imot. Så no sit me her i Albir i Spania. Me kom hit 3. desember og skal vera her til 27. februar.

Det er nok vinter her og, men lysare, varmare og lengre dagar enn i Sogndal. Også slepp me snø og glatta, lettare å koma seg ut og få frisk luft og mosjon. Det minkar på norske pensjonistar her no, men på nyåret brukar mange å koma igjen. Me skal vera åleine denne jula då våre to sønner er opptekne på andre kantar. Så det blir ei enkel jul. Men pinnekjøt har me med. Truleg inviterer me nokre andre einslege. Me er glade så lenge me kan korta ned vintrane slik.

Me må prøva å gjera det beste ut av alderdomen, - som diverre ikkje kjem åleine. Tykkjer russ 60 er flinke slik. Ein del plager må ein vel rekna med, men så er det og mykje positivt å bruka dagane på. I dag hadde me ein fin morgontur til stranda før me tok til med daglege syslar. Det heiter vel at dei fleste ulukker blant eldre skjer i heimen. Og det fekk eg prøva for vel eit år sidan. Eg ramla på stovegolvet og klarte å knekka fleire ryggvirvlar. Det er fortsatt eit problem, men MR viser at det har grodd bra. Me har norsk TV og me les Sogn Avis som e-avis, så me følgjer med på det meste.

Eg ynskjer dykk ei GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR!

Helsing Magny








Frå Gunnar:

Gode Russ 60

God jul til dikka adle saman!

Vonar de har fint der de held hus-!

Ja, at helsa held seg bra i lage alderen vår teke omsyn til!! Nokre av venene mine frå Russ60 kullet treftest hjå meg i Grefsenkollveien 20E i Oslo no i sumar. Etter å ha fått pausmurde smørbrød med ditto drikke til bar det med bilen til ho Anne Kathrine opp på toppen av Grefsenkollen der me hadde vidt utsyn heilt frå Tryvannstårnet om Holmenkollbakken og Rådhuset i Oslo heilt til Bunnefjorden mot aust! Etterpå bar det ned att til meg der drøsen gjekk livleg under middagen med pizza etc og dessert. Etterpå var det kaffi etc og sang frå oppstensilerte sanghefte med mange gode gamle sangar som ljoma utover Kollen! Diverre vart det eit heller svakt oppmøte, men dei som fann høve til å koma tykte eg det var steikjande kjekt å få vitjing av. Dei var ho Anne Kathrine, Geir, Arnhold og Wehrner. Anne Kathrine hjelpte meg med ein del gjeremål ifm med prosjektet! Me to har hatt ein del kontakt ellers også! Ho er jo ei steikande kjekk og oppegåande jente, tykkjer eg-!

Eg har hatt ein noko amputert Sognetur no i sumar. Amputert fordi eg i hurten og sturten vart invitert til å feire namnedagen til ho Sigrid som eg er oldefar til. Teke vel kanskje til å verte lite vetta hugsalause inn i mellom, trur eg kanskje-! No er endå ei ny jente på gang, det hugsar no eg likevel! So da er vel ikkje so gale, får eg meg til å tru! Ellers prøver eg å trene lite vetta, men for lite! Helsa er alt i alt rimeleg bra alderen teke omsyn til.

At det er storkrig i Europa set vel preg på oss alle-! Befolkningen i Ukreina blør-! Tykkjer det er bra det Norge gjer for å hjelpe ukreinarane mot den russiske invasjonen!

Så vil eg ynskje dykk adle ei god jul og eit godt og ikkje minst fredeleg nytt år!

Beste helsing frao han Gunnar Kristian


Frå Helge:

Hei Oddvar!

Kjekt med post – og takk for at du pusjer på oss. Det er lett å bli noe giddalause etter hvert.

Her går det på det jevne – uten de store begivenheter. Helsa er bra – alt tatt i betraktning. Nå er det (dessverre) kvitt ute her i Stavanger og med begrensa muligheter for rulling med rullestolen. Men vi har stor terrasse og med måka løype blir det ijaffal bra med frisk luft. På den andre sida skjerper det også appetitten – kanskje ikke av det lureste…. Men det går ikke ut over havregrauten og gamalosten!

Familien er spredd og blir opptatt på sine hold i jula, men kommer på besøk etter hvert utover på nyåret. Den eldste, Ingjerd, er nå tilbake i Oslo etter et par år i Bryssel. Det er ganske artig når de små snått-ungene springer rundt og snakker fransk. Men bestefar graver likevel fram noen gloser fra fransktimene i Sogndal – dessverre uten å imponere.

Verksted og butikken er avslutta. Vi starta på dette i slutten av pandemien. Da jeg ble sjuk, måtte Synnøve ta over likvideringen samtidig som hun bygget om her heime, kjempejobb! En av jentene som har vært med i verkstedet i noen år, tok over alt som hadde med sølv osv å gjøre og fortsatte i andre lokaler. Det var kjekt. Eiendommen er solgt, så nå er de bekymringene borte.

Her er juletre og -nisser på plass. Ribba og pinnekjøttet i frysen – og akevitten i skapet (forøvrig kvalitetskontrollert og etter noen sjekker funnet i orden, den må ikke å modnes mer).

Forrektig GOD JUL til alle!

Hilsen Helge






Her er Osvald sitt innlegg:

Kjære russevenner!

Oddvar etterlyste nokre ord frå kvar av oss, og sidan eg ikkje har vore den mest aktive av oss, vil eg gjerne senda nokre ord.

Eg har no relativt god helse, men litt plaga med hoftene etter ein uheldig hofteoperasjon. Men ikkje verre enn at eg kan trena på helsestudio tre gonger i veka.

I sommar vart eg plaga med isjas i venstre hofte og bein, slik at treninga måtte setjast på vent. Det heldt på å setja ein stoppar for ein tur til Kroatsia i september. Turen var tinga i fjor, og sidan det var fleire år sidan me hade vore i "søren", ville eg nødig gå glipp av den. Margrete og eg plar gå lange turar når me er der, men det var begrensa kor langt eg greidde å gå, så det blei Margrete som tok seg av turane denne gongen. Eg hadde nok med å karra meg til butikken og tilbake. Hotellet vårt låg like ved stranda, og der var det god temperatur i sjøen, men eg fekk ikkje til å symja, så eg måtte nøya meg med å flyta og padla fram og tilbake med armane. Det var ei rar kjensle.

Til slutt vil ynskja alle ei fin adventstid og ei retteleg god og frdeleg jul!

Helsing Osvald


Frå 2021:


Kjære russevener!

Det kom nokre russehelsingar, men ikkje så svært mange. Men lat det bli nokre nyttårshelsingar! Kast deg over tastaturet og fortel korleis du har hatt det i jule- og nyttårshelga!

Eg kan fortelja at eg har hatt det strålande! Bra helse, og barn, barnebarn, oldebarn og svigerbarn rundt meg/oss for det meste. To kveldar har me hatt huskonsert med etterkomarar som spelar piano og syng både klassisk og også litt meir lettbeint musikk. Vêret har vore bra, og det har vorte mange fine turar i nærområdet og i skogane. Dessverre er det ikkje alle som har det så godt. Men lat oss vona at nyåret fører med seg betre tider for alle! torsdag 30. desember 2021 Oddvar


Frå Jørgen:

Hei,

Eg ynskjer dåke alle eit godt nytt år !

Jørgen
Kjære Russevenner!

Tusen takk for sist!

Det var igjen usedvanlig fint å treffes igjen, og jeg skulle ha hørt av meg for lenge siden ??, men som sikkert flere har merket, er man som pensjonist svært opptatt ??.

Jeg hadde tenkt å lage Per-Erlings Podcast, siden dette er blitt så populært at vanlige radioprogram omtrent er borte, men det får være til en senere anledning.

Nå vil jeg først rette takk til:

Oddvar, vår eminente administrator, for invitasjoner og program

Per Birger med familie som det fine vertskap for treffet

Signe og Jon som åpnet sitt hjem for allsang med nogo attåt

Olav som forberedte sangen med sitt utmerkete hefte Vik Røde Kors

Og til alle dere andre som hver for dere bidro til at dette ble vellykket!

Stor takk og fagnad??

Med hensyn til allsangen, så utesket du Jon mitt syn på kvaliteten, og jeg var litt tvilende. Det burde jeg ikke ha vært, fordi allsang er først og fremst til glede og kvalitet for de som synger, slik som det er i dette vedlegget. Men her er det også til glede for de som hører på, i alle fall for meg, siden de fleste av mine favoritter er med:

https://www.youtube.com/watch?v=1ZkJDL3E0cc

Og så til dere som av ulike grunner ikke kunne være med, dere var sterkt savnet ??

Så, på tross av utfordringer med pandemi og diverse andre saker, vil jeg:

Ønske dere en riktig God og Fredfylt Jul og et enda bedre Nytt År ??

Joy to world and may the force be with you ??

Hilsen

Per-Erling




Kjære russevenner!

Sender på denne måten årets julehilsen til alle, dere som jeg fikk være sammen med sist august, og dere som jeg håper å være med ved neste korsvei! Ønsker alle en riktig god og fredelig julefeiring og et velsignet nytt år!

Hilsen anne-kathrine




Kjære russevenner!

God Jul og Godt nytt år til dykk alle! Eg kunne ikkje delta på treffet i år, det sakna eg. I sommer sovna Bjarne stille inn 20. August. Etter en tids sjukdom. Det var godt at han fikk slippe no. Forrige mandag vart eg hofteoperert. Fikk plass på opptrening i 3 veker. No er eg ute på prøve hos Ingunn i jula. Formen er etter forholda bra og stigende. Her i Bergen skin sola frå ein skyfri himmel. Ingen hvit jul, men vakkert likevel!

Helsing frå Kari.


Frå Olav:

Julehelsing til russ60




Her kjem ei sein julehelsing frå Vangsnes skriven på sjølvaste julaftan. Redaktøren har vel teke juleferie, så dette kjem kanskje ikkje ut før over jula, men det får våga seg. Eit nytt koronaår er til endes med alle sine "vederverdigheter". Eg ser med stor glede attende på treffet me hadde i sumar. Det var godt å treffast att, vonar det kan laga seg til sumaren neste år. Veldig kjekt med allsong stunda i heimen til Signe og Jon. Det er mange songar att i songheftet me brukte, så det er berre å halde fram der ved neste treff. Med denne korte helsinga ynskjer eg alle mine gode russevener ei retteleg god jol og eit signa og mest mogeleg koronafritt nytt år

Olav F.


Hallo!

Takk for sist! Hyggjeleg å møtast om me ikkje vart så mange. Denne vinteren har me leigd oss ei leilighet i Albir (Spania) då me tykte vinteren vart for lang i Sogndal i desse coronatider. Juledagane har me teke turen over til Porto (Portugal) og kosar oss der med ein son og fam. i feriehehuset deira ved Atlanterhavet. Ynskjer dykk alle ei GOD JUL og eit GODT NYTTÅR!



Helsing Magny


Kjære Russevener!

Det var ein veldig fin samling me hadde i haust. Sjølv om me alle har levd lenge på kvar vår kant i livet-,er me liksom så nær når me treffes, sjølv om det ikkje er so ofte. Brith og eg er relativt friske og har det bra. Som vanlig var me i Fjærland ei liti veka i sumar på fammiliestemne vi fire syskjeni med etterkommara. Det var veldig fint, men ein ting likte eg ikkje; ungdommen og Brith la ned forbod for meg 80 åring å vera med å gå over breen frå Lunde i Jølster til Fjærland..Eg let dei få rett og dei hadde vel rett .For ein gangs skuld var eg lydig. Med det same det åpna igjen etter koronaen var Brith og eg ein 9-dagas tur til leiligheten vår Elviria del Sol i Spania. Det gikk fint med koronapass og vi kosa oss. Tilbake derfra så var det elgjakt og det gjekk relativt enkelt i år- kvoten vår på 6 dyr fikk vi på 10 jaktdagar. I år merka me ingen ting til ulven, men på nabo valdet vart ein elghund drepen av ulven i jakta. Me fann også ferske bjørnespor 2-300 meter frå huset vårt i skogen. Etter jakta og i slutten på den har eg hatt ei tømmerdrift i skogen. Det utføres av entreprenør så eg berre seier kvar dei skal hogga og så går eg å kjikkar på. Siden jakta gjekk så greitt drog Brith og eg til Spania i gjen 28.november og kom heim etter 17 –soldagar med fin sumartemperatur ,brune og fine. Eg gikk 2-4 timers tur i åsene over nesten kvar dag, Der møtte eg neste ikkje folk, men gjeiter og ein dag fraff eg på to villsvin. Dei sprang felt når dei oppdaga fjærlendingen. Siden 16 desember har me vore heime for å gjære klar til jul. Julafta skal me væra på Jar i Bærum hos sønn vår sin famillie. Fjerde hadde Brith og eg invitert til slektssamkome 22 stk, men det har vi måttet avlysa på grunn av nye koronaregler. Isteden skal vi og sønn vårs fammellie til vår datters fam på Skui tredjedag.
Etterpå drar me til skogs att, men nyttårsafta ca kl 0700 drar me til Spania att for vel tre veker.

God jul og godt nyttår!

Mvh

Geir

Frå meg er julehelsinga slik: GOD JUL til alle saman!. Eg vonar at helsa er bra og at de kan kosa dykk med dei de har kjær i julehelga! Eg kjenner meg heldig som har bra helse og har mange å vera i lag med. To av ungane våre bur i nærleiken, så me kjem til å møta dei og deira barn og barnebarn. Altså våre barn, barnebarn og oldebarn. Det siste oldebarnet er 15 månader, og ho er eit aktivt sjarmtroll, så ho trekker nok til seg mest åtgaum (Godt ord, ikkje sant?) når me er samla. Eg prøver å halda meg i form med turar i nabolaget og i skogen rundt om her i Kaupanger. Er det dårleg vêr, trimmar eg på ergometersykkel inne. Ho Ragnhild går på symjing tre gonger i veka, og elles er ho ofte med meg på gåtur og.
Mange helsingar frå Oddvar



Så til Gunnar sitt innlegg;
God jul alle saman!
Takk for fin samkome på Hafslo i sumar og ein ekstra takk til deg Oddvar som fekk arrangert det heile!
Eg har hatt eit godt «auer i auer»!
-Ingen brotne bein!
-Nytt serifikat, for 3 år denne gongen!
- Oldefar til Sigrid!
- Ikkje vorten «heilt kalka» enda, trur eg-!
- Halde meg unna Coronaen
Eller vart mest heile familien samla i Oslo i sumar! Kjekt!
Men så finn Mia på å søke seg inn på universitet i Liverpool som han Beatle’s sjefen starta der for lenge sida. Sakn!
Ellers har eg hatt ein fin tur til Torvund og stoppa ei stund attmed grava til Bille. Sårt at ikkje Balestrand og Vestlandet sin store son ikkje er meir å finne i Balestrand-!
Vonar du Oddvar får til eit treff også til sumaren?
Er de i Oslo står alltid dørene min opne for dykk mine gode Russevener!
So vil eg avslutte med å ynskje dykk alle ei god jul og eit godt og smittefritt nyttår

Gunnar Kristian



Kjære russevener!

Så er russetreffet 2021 over. Me var 11 personar i alt. Me møttest på Sogndal vidaregåande skule onsdag 25. august klokka 16. Me helste på kvarandre ute på parkeringsplassen, og så fekk me ei interessant omvising på den nesten heilt nye skulen. Du all verda for ein skilnad frå gamle Trudvang som me forlet i 1960!! Omvisar var avdelingsleiar Henry Helle.

Om kvelden var me inviterte heim til Signe og Jon, og dei diska opp med herleg mat av mange sortar. Veldig velsmakande! Og så var det allsong. Olav Fimreite hadde teke med seg Vik Røde Kors sitt songhefte/songbok, og med Jon sitt velspelte akkompagnement vart det god allsong. Og me tykte at me var veldig flinke!!! Tusen takk til Signe og Jon!

Så bar det avgarde inn til Eikum Hotell. Dei tok i mot oss på ein god måte. Slik som det alltid har vore der i garden!!

Etter frukost på torsdag starta me på biltur til Feigum gard/bruk. Dette er ein stad der ekteparet Marit og Kjell Feigum har restaurert bygning etter bygning: Stovehus, uthus, smie, sagbruk, mølle og kai. Dei har gjort ein imponerande innsats. Det er mykje kultur knytt til dette bruket frå 1700-talet og utover, og den religiøse rørsla Feigianismen hadde sitt utspring her.

Så til bileta: ( Eg legg også ut bilete på Facebooksida vår: Skriv Sogndalsrussen 1960 i søkefeltet på Facebook)




Kjell Feigum til venstre










Framme frå venstre: Magny, Anne Cathrine
Bak frå venstre: Oddvar, Arnold, Per Birger, Gunnar, Geir, Osvald, Olav, Per Erling
Jon var ikkje med oss på Eikum hotell






Kjære russevener!

Så ser det ut til at me blir 11 deltakarar. Jørgen ringde og fortalde at han kjem truleg til å dra til Finnmarkskysten på fiske i neste veke. Han er nettopp i ferd med å kjøpa seg ein ny bruktbåt, og den har han tenkt å ta i bruk. Det står att nokre formalitetar som han må ordna, så dersom det dreg ut med å få det i orden, kan det henda at han kjem på treffet likevel. Eg vonar på det siste, for det er kjekt om Jørgen vert med oss! Om det norske byråkratiet er tregt nok, så kjem Jørgen!

Arnold har meldt seg på og. Flott!

Då ser lista slik ut pr i dag:
Olav, Osvald, Geir, Gunnar, Per Erling, Anne Cathrine, Magny, Per Birger, Jon, Arnold og Oddvar.

Per Birger vert ikkje med på onsdag kveld. Han er oppteken på hotellet. Jon vert ikkje med på turen på torsdag. Han skal jobba med eit korps denne dagen.




Kjære russevener!

Treffet nærmar seg, og her kjem litt førehands-info:

Slik det ser ut pr idag, vert me 11 deltakarar. Dei ti eg lista opp sist pluss Jon. Han har sagt seg viljug til å vera med, men berre torsdagen, då han er oppteken med eit korps han dirigerer onsdag kveld.

Torsdag 26/8 skal me vitja Kinsedalen og få læra litt om det som skjedde der under krigen 1940 - 1945. Det er lite gode bilete som eksisterer, men eg legg inn nokre få som eg har funne og avfotografert.







Denne delen av anlegget ligg oppe i fjellsida. Her oppe fann dei steinen, lasta han på vogner innerst i bremsebane-tunnelen, og så vart han send/bremsa nedover til nedre silo/knuseri. Tom vogn vog 8 tonn, med full last 20 tonn.
Gjennom denne tunnelen vart steinen send ut på lastebandet til båtane.

Ovanståane er berre meint som ein liten forsmak på soga om Kinsedalen under krigen.




Kjære russevener!

Frå Helge sin kjære har me fått dette:

Hei.

Helge kan dessverre ikke komme på russetreffet. Han har fått noe sjeldent som «slag» i ryggmargen, og er lam fra livet og ned. Skal på rehabilitering etter hvert. Prognosene er ikke de beste, men det har også vært gode eksempler, så vi krysser fingrene og håper på det beste. Helge hadde sett fram til å treffe dere. Ha et kjekt treff.

Hilsen Synnøve Aslesen



Då er me nede på 10 namn, og det var grensa som me sette for i det heile å arrangera eit treff: Desse ti er: Olav, Osvald, Geir, Per Erling, Kari, Anne Cathrine, Magny, Per Birger, Jørgen og Oddvar.

Dersom ein/ei til må trekka seg, må me vel dessverre avlysa, eller kva seier de, gode russevener??? Gje attendemelding, same kva de meiner!!!

Mange helsingar frå Oddvar






Hallo kjære russevener!

Eg har motteke følgjande frå Kirsti:

> Hallo Oddvar! >

> Du for et fint og interessant program dere lagt opp!! Jeg var fast bestemt på å komme meg til Hafslo, og gledet meg til å treffe dere. > > Jeg ser nå at det er for mange diagnoser som repeterer seg, og jeg kan ikke reise så langt alene, og stille på faste klokkeslett. Har akkurat hatt en fin telefonprat med California, kanskje kan jeg komme meg til Oslo og treffe henne i det minste. >

> Jeg er lei meg for dette, men slik er stoda. Hverdagene mine er bra når jeg kan følge kroppens krav og bremser, og går turer og treffer kjente når det går. Grimstad er en trivelig småby, og jeg har flyttet til en enkel liten og grei leilighet med havutsikt fra verandaen, og butikk og bibliotek 10 min unna til fots! Nå gleder jeg meg til endelig å få se og klemme barn og barnebarn som bor i Oslo og skal ha Sørlands-ferie. De har en pappa her med romslig hus!! >

> Ønsker dere lykke til med treffet, og deg og dine en god sommer! >

> Beste hilsen fra Kirsti




Hallo kjære russevener!

Litt nytt sidan sist: Eg har hatt kontakt med Sogndal vidaregåande skule ved rektor Jorunn Felde: Ho skriv på SMS:
Hei, Henry Helle tek dykk med på omvising 25. august. Eg har bestilt mat til dykk, men treng å vita kva type mat de ønskjer og kor mange de blir.

Infoen treng eg ikkje før ut i august.Ha ein riktig fin sommar!

Med vennleg helsing Jorunn Felde.

Eg sende så ei lita takkehelsing, og Jorunn svarte:

Det er fint!. Vi set stor pris på at de vil sjå skulen vår!



Eg har også snakka med Marit Feigum som skal stå for serveringa på Feigum Gard under Feigefossen. Og ho ønskjer oss velkommen!

Vidare har eg snakka med Vidar Lægreid, ein kollega frå Sogndal ungdomsskule, som også har vikariert som bussjåfør. Han er klar for å køyra oss den 26. august.

Sjå elles info lenger nede.

Eg vonar at de alle held dykk friske og møter opplagde til samlinga vår!!!



Oddvar


Hallo kjære russevener!

Magny, Olav og Oddvar har hatt møte i dag og drøfta samlinga som me har tenkt å ha 25. - 27. august i år. Me vonar at mange av oss russevener har lyst og høve til å koma.

Her er programmet som me har sett opp:

Etter ei totalvurdering er me komne fram til at me vil satsa på Eikum Hotell som base for treffet.

Onsdag 25. august: Frammøte på Sogndal vidaregåande skule på Fosshaugane klokka 16. Omvising. Etter omvisinga køyrer me til Eikum Hotell

Torsdag 26. august: Avreise frå Eikum med buss til Solvorn, ferje til Ornes, så til Kinserdal. Her får me ei utgreiing om anleggsdrifta under krigen, og det faktum at Norsk Hydro her vann ut råstoff til aluminium som vart nytta i bygginga av tyske krigsfly!!! Turen går så vidare til Feiga/Feigum/ Feigefossen og lunsj på det fint restaurerte bruket her. Omvising. Retur til Hafslo.

Torsdag kveld: Festmidag på Eikum. Festleg samvêr og god prat.

Fredag: Heimreise eller individuelle opplegg etter eige ønskje.

For å gjennomføra opplegget må me ha minium 10 deltakarar. Så gjer vel og meld frå raskt! Send eit svar enten du vert med eller ikkje! Det er greitt for oss i nemnda å få vita korleis det står til med deg, eller om du kanskje er oppteken med andre ting.

Tilbod frå Eikum Hotell:

Enkeltrom m/frukost kr 1150 pr døgn
Dobbeltrom m/frukost kr 1500 pr døgn
Festmiddag (aspargessuppe, kalvesteik, himmelpudding) kr 450

Rombestilling ventar me med til me ser om mange nok melder seg på treffet.

Så er det berre å hiva seg over tastaturet eller telefonen og melda attende til underteikna.

Oddvar

epost: oddvar@walaker.net
telefon. 90 65 92 33






Hallo kjære russevener!

For oss som arbeider for eit russetreff til hausten, er det godt å høyra at det er nokon som kan tenkja seg å koma. Har fått meldingar frå Olav, Osvald, Geir, Per Erling, Kirsti, Inger Johanne, Helge, Kari, Anne Cathrine, Magny, Per Birger og Jørgen. Og så er det sjølvsagt fint om andre skriv litt og. Send meg ein liten epost, eller skriv eit kort/brev.
Epost: oddvar@walaker.net

Bustadadresse:
Haukåsvegen 5, 6854 Kaupanger

Mobil:90659233


Hei Oddvar,

Det er på tide å krypa ut or hiet. Eg dreg til Finnmark i april for å rigga båten til kveitefiske frå mai til oktober. Så i november-desember kjem kanskje silda sigande inn fjordane. Det hadde vore fint å få treffa dåke nokre dagar i august.

Ha det godt!

Helsing Jørgen


Hei.

Eg kjem på treffet viss alt er som normalt med helsa

Beste helsing

Birger






Hallo russ 60!

Hausten passar godt for ny samkome, om koronaen tillet det. Har gløymt å melda meg på, så hermed er det gjort.

Ein lang, kald vinter her i Sogndal, men no er sola komen over fjella og me er i gang med vaksinen Eg startar 18.02 er planen, så mykje ser lettare ut. Fjordstien skal vera ferdig i god tid før sommaren. Det blir nå jobba med gangbrua over elva. Då kan det bli ein fin spasertur frå Loftesnes til Hagelin.

Helsing Magny




I ein SMS skriv Kari:

Ser at de står i med nytt treff. Det er flott, eg vil gjerne koma. Håpar at det roar seg med Korona. Bergen er stengd ned denne veka, så me får sjå om det hjelper.

Helsing frå Kari


Hallo Oddvar, og takk for mail vedr. nytt forsøk på TREFF.

Av en for meg ukjent grunn har jeg gått glipp av dine seneste mailer, men fant nå denne, heldigvis ! Veldig stas at det er planer om treff igjen, og jeg melder meg hermed på! For øvrig hilser jeg til alle og ønsker ( litt forsinket) et godt nytt og "helsosamt" år!

Hilsen anne-kathrine


Hei Oddvar!

Endelig har jeg fått ut fingeren til en liten hilsen fra den grønne kysten som nå (dessverre!) er kvit. Vi lever i nesten beste velgående. Kombinasjonen havregraut, tran og gamalost rår med det meste. Bare at giddaløysa slår til nå og da – og særlig med brevskriving.

Bortfallet av Bille tok noe innpå meg. Vi hadde noe kontakt også litt faglig, om krigshistorie. Spesielt kjekt med den siste boka hans om kontreadmiralen på rom 123 på Hotel Mundal i Fjærland. Bille sleit noe med å få fram dette stofftilfanget.

Vi hadde tidlig i fjor bestemt å slutte av verksted og butikken ved årsskiftet. Men så kom koronaen og alt forskyves. I august starta vi opp igjen etter et par måneders koronadugnad – måtte bare få noe forandring og sjå andre mennesker. Her opplever vi det underlige at folk er sugne på handel og å bruke penger. Kanskje er det syden-pengene som brenner i lomma? Resultatet er at innspurten av fjoråret – og starten av dette året – ble knallbra. Så nå får vi sjå litt utover.

Helsemessig har vi det bra. Men vi holder jevn aktivitet og sysselsetting i helsestellet. I og med mitt analoge hode, har jeg til stadighet krevende kamper med alt det digitale djevelskap som vi plages med.

Jeg vil gjerne være med på treff til sommeren – hvis alt ellers er i god rute. Håper at vaksinen er på plass og at en kan omgås på vanlig høre-avstand for 80-åringer…..

Beste hilsen

Helge


Hei Oddvar og dere andre!

Det hadde jo vært veldig gildt å treffe dere til høsten! Hvis de nå får fatt i nok vaksiner er jeg veldig klar for det! Ganske stuslig å traske rundt selv her i vakre Grimstad, når barn, barnebarn og all annen familie bor i storbyene i øst og vest. Jeg kommer hvis jeg er oppegående!

Det er jeg nå! Turer og prater med skarver og svaner og hundeluftere! Håper vi sees snart!

Beste hilsen

Kirsti
Olav skriv:

Her kjem ei sein attendemelding frå ein aldrande person. TAkk for at de held koken. Det hadde vore kjekt med ei samling att. Tidspunktet er greitt for meg. Dersom koroanen er under kontroll og eiga helse held seg så bra som no, er eg påmeld.

Med helsing Olav F


Osvald skriv:

Godt nytt år til alle.

Eg har fått ny hofte i desember, og den ser ut til å verka fint. Dette i motsetning til den operasjonen eg fekk for ca to og eit halvt år sidan, som eg har hatt mange plager med. Eg skal på kontroll i mars, og då har dei lova å sjå om dei kan operera den gamle på nytt.

Eg er interessert i eit treff i haust, dersom eg ikkje skal opererast då. Ser fram til å møtast.

Helsing Osvald


Hei!

Eg kjem. Tidspunktet Gunnar foreslo i august er fint. Brith og eg er på Finskogen og det har vore friskt og godt- minus 20 på det kaldaste., Me har godt med turr bjørkeved så det går fint. Koselig med fyr på peisa fra morgon til kveld. Er heldig for Tussevangen vell som er vellet i denne delen av bygda brøyter fin skiløype i skogen min så der har eg gått dei fleste dager etter nyttår. Ein tur på 6.8 km går bra sjølv med litt jikt i ein fot. Ser fram til treffet.

Mvh

Geir


Inger Johanne skriv:

Hei Oddvar, og takk for helsing!

Det er vanskeleg å legge planer i disse Korona tider, men som evig optimist synes eg det er flott å tenke på treff neste august! Om eg kan reise til Norge da er eg mindre optimisisk på.... men de må berre planlegge, og så kjem eg om det et muleg. Iallefall kan eg bli representert av BOKA MI, som eg har dreve og skrevet på i mange år! No er den ute av mine hender og hos publisjer???? Det kjem nok ein del eksemplarer til Norge etter kvart..... som min søster Lillegull seier: følg med, følg med!

Håper alle er friske og har det bra!

Vi trives veldig godt i vår nye heim i Sør California, og gleder oss til vi kan ha barnebarna på besøk !!! Beste helsing til alle fra

Inger Johanne




Per Erling:

Kjære Oddvar,

Godt Nytt År, selv om vi har brukt en tolvtedel av det snart, og takk for at du holder tak i oss! For meg vil det foreslåtte tidspunktet passe bra, med de vanlige forbehold. Jeg tror det er lurt å vente til over sommeren…

Jeg hadde tenkt å skrive en Julehilsen og en ‘Årsrapport’, men så tenkte jeg på at jeg hadde plaget deg og mange andre med meldinger og forespørsler pga iMac-problemer på foråret i fjor, så jeg kom til at jeg fikk holde meg i ro en stund. Og det gjør jeg; jeg holder meg stort sett hjemme med tanke på Covid19, med unntak av nødvendig oppfølging hos lege og tannlege. Ellers har jeg det svært bra, jeg venter bare på vaksine, slik at jeg får dra til Sogn.

Hils rundt deg!

Beste hilsener fra

Per-Erling






Eg legg inn att juleklembiletet som Anne Cathrine sende inn ein gong tidlegare. Det vert for lite klemmar no til dags!




Julehelsing frå Jørgen:









Hei

Då eg i fjor haust dreiv kveitefiske ved Silda i Finnmark kom Putin sin spion og kjikka på meg. Eg reknar med at han på uforklarleg vis søkte båten min. Eg fekk båten opp att og berga motoren. Båten har lege i bøyen sidan då.

I år har eg heldt meg heime med terassespikring og reperasjon av ein gamal gavel som har lege i fjæra i årevis. Så er året snart omme og eg vil ynskja dåke alle ei god jul og godt nytt år.

Helsing frå Jørgen.

Julekort frå Haakon, og som eg har scanna:








Julehelsing frå Oddvar:

Eg har hatt eit godt år helsemessig. Og takk for det! Sommaren vart nytta til styrking av musklar og kondisjon. Eg kjøpte meg el-sykkel og tok meg fram på skogsvegane i Kaupanger både høgt og lågt, dvs opp til 600 m over havet. Eg fann ut at el-sykkel er godt eigna reiskap for ein 80-åring. Serleg ledda i beina hadde godt av syklinga. Så difor kjøpte me ny ergometersykkel også, og plasserte han framfor TV-en i kjellarstova. Så no syklar både Ragnhild og eg kvar dag. Sats på sykkel, folkens! Det gir helse og trivsel i alderdommen.

Styrkt helse har gjort at eg har kunna ta del i hjortejakta i haust og, sjølv om terrenget er bratt og ulendt i Solvorn. Me har bra med kjøt i frysen no.

Fruktavlinga i Solvorn gjekk det dårleg med i år. Fekk berre ca 1/5 av den avlinga me hadde i fjor. Men det vart rikeleg til oss sjølve og næraste familie, og me fekk pressa 125 liter med eplejuice. (Mot ca 650 liter i fjor)


Som de ser av biletet, som eg tok nett no, er det ikkje mykje julesnø her i Kaupanger. Det har vore varmegrader i lang tid.


Dette skrytebiletet er teke i sommar, då me var på familetur til Skuløya på Møre-kysten.

Jula skal me feira saman med to av borna våre med familiar, og med syster mi og mannen hennar. Ekstra stas vert det med eit oldebarn som vart født 13. august i år. Det er det føste "ekte" oldebarnet, me har tre bonus-odebarn frå før. Mellomsten vår, Bjarte med familie, skulle ha reist til svigerfamilien i Nord-Norge, men svigerfaren vart sjuk, og så torer dei ikkje å utsetja han for eventuell smitte dei måtte få på flyet nordover.

Så vil eg få ønskja dykk alle ei GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR!




Her kjem Magny si julehelsing:



Hei Russevenner!

Eg ynskjer dykk alle ei God Jul og eit Godt Nytt År!

Denne jula blir nok noko spesiell for mange av oss p.g.a. koronaen. Me er i Hovsmarki i Sogndal denne vinteren og blir to-same i jula. Finn at det er best å følgja reglane, - så får me håpa på eit betre nytt år. Det er heldigvis så og seia smittefritt her, så det ser ut til at sogndølene er tolmodige og lydige. Kanskje hugsar de at me har vore i Spania om vinteren i mange år. Me hadde det godt der, men fann ut at i vår alder var det tryggast å halda seg meir bufast i Norge, så me kvitta oss med huset og kom heim 8. mars. Akkurat i rett tid! Småturane som me hadde tenkt å ta i haust, kunne me berre gløyma. Me saknar nok varmen mest. Den gjorde godt for gamle kroppar. Me tykkjer dagane her blir svært korte og mørke, og det blir mykje innetid. Men no snur sola og 12. jan. kjem ho over Storehougen og me får sola att i Fjøra. Snø har me ikkje, men fjella er kvite, så det er lite vinter her i Sogndal enno.

Håpar me kan møtast til våren ein gong.

Helsing Magny.






Og så har Geir sett seg ved tastaturet og sendt ei julehelsing og:

Hei!

God jul og godt nyttår alle venner frå tida i Sogndal.

Brith og eg har det bra. Brith er også 60 Russ, men frå Sinsen i Oslo så ho feirar med andre. Eg er for det meste i skogen vår på Finnskogen, mens Brith pendlar mellom leiligheita vår i Sandvika og Sætra på Finnskogen. Det går fint, me har vore gifte i meir enn 50 år og har tenkt å fortsetja med det.

Eg driv skogen dvs. eg går for det meste tur i skogen med ein elghund og ser på at trea veks. Trea veks av seg sjølv så det passar bra for ein 80 åring.. Om summaren har eg ein polakk som er her ca tre månader som driv med ungskogpleie. Hogging og tynning utføres av skogsentreprinør fra skogeierforening Glommen og Mjøsen Skog SA. I år har eg hogd/tynnet slik at det blei knappe 3000 m3. Det blei ikkje stort meir igjen enn dekking av utgiftene med polakken og andre driftsutgifter.

Er fortsatt tillitsvalg i Glommen Mjøsen Skog og leder for dei seks tillitsvalgte fra de fire kommunene Eidskog, Kongsvinger, Sør og Nord Odal som utgjør landes beste skogsdistrikt.

Lokalpolitikken har eg lagt opp. Etter årsmøtet i boligsameie vi har leilighet i Sandvika trekker jeg meg fra styret. Har vore styreleder der i fire år, mye mas som eg vil bli kvitt.

Første helga i august har me fire syskjenni årleg, fameliesammenkomst med alle etterkommarene og deira familie på heimegarden i Fjærland Me vert då ca 30 som er saman ein par dagar. I år hadde eg planlagt å gå frå Veitastrondi til Fjærland med son, svigerdatter og svigerson og nokre barnebarn, Veka før plukka eg molter i skogen her på Finnskogen og fekk så vundt i ryggen at eg ikke fekk lov å gå denne turen på 6-7 timer over fjellet. Eg blei derfor sjofør og kjøyrde dei til Veitestrondi. I ungdommen gjekk eg denne turen mange ganger, me var på Larsokke fest på Veitestrondi fleire år på rad og sov i utmarkaløer og såg på budeiene. På denne turen kjøyrer vi gjennom tunet til Hotellet til Per Birger så då stakk eg innom. Var heldig , Per Birger og Aud sat i spisesalen då eg kom og eg fekk ein god prat med dei og god frukost. Svært koselig å friska opp minner. Derifrå køyrde eg til Sogndal og stakk innom Jon og var heldig og blei godt motteken av han og kona. Det var fint og dei hadde det bra.

Utover i august blei ikke ryggen min bedre og jeg var til lege en par ganger og fikk sprøyte, men det hjalp ikkje nok. Så var det slik at ein skogs og politikar kompis gjekk hos ein fysioterapøyt som dreiv med akupunktur. Ei 83 år gammel dame som eg også kjenner då ho kvart år kjøper ca. 200 kg elgslakt hjå meg de siste 10-15 åra. Kompisen kom til å nevna at Geir hadde vont i ryggen. Det førte til at ho ringte meg og sa jeg måtte komme til henne så skulle ho fiksa meg til elgjakta, så ho kunne få elg. Eg takka ja og fekk time same dag- midt i august. Ho konstaterte at det var ISIAS eg hadde. Eg hadde ikkje peiling på slik behandling, men gjekk hos henne 2-3 ganger per veke og vart meget bra til elgjaktstart 3.oktober. Første timen fekk eg ikkje betale for, men seinare var det 100 kr pr time. Meir ville ho ikkje ha, det var nok for meg sa ho. Ho har 3 rom med en pasient i kvart rom som ho behandlar samtidig. .Å bli gammel er en tøff jobb sier ho derfor må vi stå på og være aktive. Det er den beste medisin for å holde seg frisk. Her skulle ho driva så lenge ho kunne. Mann hennar er død for mange år sida, men ho snakkar med han fortsatt. I år skaut me 7 elger ein stor okse på slaktevekt 251 kg den kjøpte ho heile. Geir eg eter elg kvar dag. Ho er sprek og rask i hovudet ,tynn og lett på foten, men orginal.

I haust fra 30 september til nå i starten av desember har sønn min og eg vore tre ganger en par dager på hjortejakt i Fjærland. Då bur me i bardomsheimen som yngste bror min har overteke. Eg var heldig og skaut ein fin hjortebukk. Det var ekstra stas då eit 13 års barnebarn sat sammen med meg på post.

Slik det ser ut nå skal vi væra julafta på Skui hos vår datters familie. Dei er 5 og vi 2 så det går bra.

Gleder meg til å treffa dere til neste år når Koronan har slept.

Mvh

Geir




Her kjem Gunnar sitt innlegg:



Ynskjer mine gamle, gode russevener av den fine sorten RUSS 60 god jul og godt nytt år!

RUSS 60 feira 60 års jubileum i år. Då slo Corona- sykja til! Treffet vårt i Sogndal vart derfor avlyst.

Eg har det bra! Helsa held framleis! Heile familien min er vorten samla i og med at Sara med engelsk kjærast har flytta heimatte frå London! No har eg såleis alle saman så og sei rundt meg-!

Eg har teke min tradisjonelle Vestlandstur til Amla, Sogndal, Hermansverk og Torvund. Turen vart noko amputert i og med at eg ikkje kom meg til Sunnfjord/Bjørvikstranda eller Nordfjord Loen/Hyen denne gongen pga sykja. Lei for at eg derfor ikkje fekk treffe Jon Huslid og Svein Lundevall mine gode gamle vener denne sumaren!

Det kan snøgt «tynnes i rekkene» i vår alder, så det gjeld derfor om å nøyte tida! Så vonar eg at vi får skipa til eit utsett jubileumstreff i 2021 i Sogndal!

Til slutt; Vår kjære gode Russepresident, Johs B Thue, døydde på føresumaren i år heime i Balestrand. I tillegg til tapet og saknet for oss russevenene hans, vil han verte sakna som Sogn sin store historikar, eminent skribent og kåsør! I heile livet hadde Bille beina trygt planta i heimbygda si, Balestrand, der han m.a. fekk mykje tilfang til «Nett-no-innlegga» sine som vart tekene inn ein fast dag i veka i lokalavisa!

Då møtest vi i Sogndal sumaren 2021! >


Mvh

Gunnar Kristian Halvorsen


Gunnar har vore på tur og skriv dette:

Eg har vore i Kirkenes no i tre dagar. Reiste med Hurtigruta frå Trondheim dit! Fantastisk sjøreise, stille, klårt og sol både natt og dag mest heile vegen! Har budd hjå ein god ven og kollega i mange år-! Har vitja grensa til Rusland, Boris Gleb og museet på Kirkenes som m.a. har utstillingar om hjørnesteinsbedriften i samfunnet her, AS SYDVARANGER, litt etnografi m.a. om kjende personar og slekter som har dominert Samfunnet her oppe fram gjennom tidene! Til slutt men kanskje fremst, ein stor avdeling om krigen på Listafronten på Kolahalvøya og i Øst-Finmark ! Og deretter tyskarane sin brente gjords taktikk der heil Øst- Finmark var svidd av.

No går ferdi til attende til Trondheim atte og deretter ekspressen om ettermiddagen til Oslo

Ynskjer dykk ein koronafri og fin summar!!

Mvh,

Gunnar Kristian Halvorsen










Hei alle gode russevener!


Livet går vidare for oss som er så heldige og framleis ha ei brukbar helse. Men eldre blir me etter kvart, og no er det Inger Johanne som har fylt 80! Hipp hurra og gratulerer!


Som eg bad pent om at alle skulle gjera ved paasering av 80 år, så har ho sendt eit bilete. Send eit bilete du og, du som ikkje har har gjort det enno!!!!




Hei Oddvar,

Du oppfordra oss til å sende bilder til gruppa når vi passerer 80, så her har du mitt bidrag, frå Koronavirus-bursdagen min! Beste helsing og ønsker om ein god sommar til alle,

frå

Inger Johanne














Bille er borte. Per Erling og Gunnar har vore aktive med å omtala denne triste meldinga via epost,og Per Erling har bede meg leggja nedanståande inn på heimesida vår:



Kjære venner.

Jeg beklager hvis jeg har brydd dere med delvise og uklare epostmeldinger siste uke.

Grunnen er som jeg forsøkt å meddele dere alle at min kjære iMac brøt nesten helt sammen lørdag for en uke siden. Stor frustrasjon for min følgesvenn i nesten 10 år, og som er mitt vindu mot verden i en utfordrende tid.

Men i går kveld kom min etterlengtede nye maskin, og etter tre timers oppdatering via TimeMachine, var alt fra den forrige over på den nye, med alt på plass!

Det jeg i løpet av uka, er å sende dere epost via den delvis fungerende gamle iMac og webmail via NextGenTel, og dette viser seg bare delvis å fungere. Jeg tror bare noen få av dere har fått det jeg nå forsøker å sende, og flertallet av dere ikke i det hele tatt.

Så nå forsøker jeg igjen, i håp at min nye iMac fungerer!

Nok om min personlige frustrasjon til langt viktigere saker:

Noe av det første jeg kunne se i formiddag, var Billes bisettelse i Tjugum Kirke. Det var vakkert og gripende; noe dere sikkert har sett allerede. Hvis dere ikke har det, er dette å finne på Youtube: https://www.youtube.com/watch?time_continue=85&v=3kr9uRnENGI&feature=emb_logo

Så et par eposter som jeg forsøkte å sende i løpet av uka:
Stor sorg over vår Russepresident sin bortgang! Som Oddvar skriver, var det ikke uventet, men trist likevel.

"Og det er det store, og det er det glupe, at Merket det stend om mannen han stupe".

Ja, Bille var både glup og stor personlighet, og mange er de merkene han etterlater seg. Det vil jeg kanskje komme tilbake til ved anledning.

Men, Gunnar og jeg har snakket sammen på telefon, og har tatt oss den frihet på vegne av dere alle å bestille en krans til Billes båre, med tekst:

Til vår Russepresident, med takk for mange gode minner.

Helsing Sogndalsrussen 1960.



Gunnar som har gode kontakter i lokalmiljøet, vil bestille den.

Vi beklager at vi tar oss den frihet uten å avklare med dere alle først, men det er et tidsaspekt inne i bildet også. Hvis dere har innspill til sløyfeteksten, kan dere sende en epost til Gunnar.

Med hilsen

Per-Erling
Fra Gunnar:

Minneord til Johs. B. Thue, Bille, frå ein ven frå RUSS60 kullet ved Sogndal Gymnas

Johs og eg gjekk på gymnaset i Sogndal saman og tok artium i der i 1960. Det var det året då gymnaset fekk eksamensrett frå styresmaktene i Noreg. Den gongen var det ei såpass sjeldsynt hending at det gav leiarane i Sogndal kommune kveik og grunnlag til verkeleg å satse langsiktig på Sogndal som ein sentral skulestad for Vestlandet. Fram til no har såleis talet på studentar auka frå den gong alt i alt knapt 500 studentar til omlag 3000 i dag.

Johs var Russepresidenten vår i 1960 og såleis leiar for oss dette merkeåret for gymnaset og Sogndal kommune !

Den gongen var fabrikkane i Sogndal Lerum Saft og Syltetøy, Ullvarefabrikken oppe ved elva, slaktehuset og dei tre hotella dei viktigaste av dei private næringsverksemder i bygda. I tillegg kom landbruk og skogbruk med meieri, slakteri og sagbruk samt service og tenesteytande næringar . Dette var i stutte drag det ein hadde av større næringsaktørar i kommunen.

Då vi gjekk utav gymnaset rådde det vårstemning uti bygdene med tru på framtida til distriktanoreg!

Johs hadde utferdstrang og melde seg til teneste for FN i mellom anna Afrika og i Gaza, men valde etterkvart å gå vidare med studiene sine og vart fullt utdanna lektor med historie som hovedfag. Vestlandet trekte han mot Sogn og heimbygda si Balestrand der han etterkvart busette seg.

Han var Balestrending med hud og hår. Men like mykje femde han om heile Sogn frå inst inne i Utladalen i Årdal og Skjolden til dei yste nesa der Sognefjorden renn uti havet vestover og vert internasjonal. Vestlending på sin hals, men også nordmann og internasjonalist var han. Å kunne kombinert desse eigenskapane i det han skreiv om Sogn og om Vestlandet var berre framifrå!

«Nett No» artiklane han skreiv i Sogningen/Sogn avis i ein mannsalder var perler med ein spenst som gav meirsmak. Og avis, S/SA fekk tingarar over heile landet.

Johs var med i styret for Sogn Folkemuseum/De Heibergske samlinger og var med heile tida i Historielaget for Sogn.

Han skreiv, mellom mykje anna, også soga til ÅSV(Årdal og Sunndal Verk) og ei mengd skrifter og bøker fekk han gjeve ut i si tid.

Å skriva for han Johs var sjølve livet. Elles var fjorden ein raud tråd for kva han gjorde og det han skreiv om. Fiskehistoriane hans er blenkjande gode og nedskrevne meistarleg, må eg få seie!

Johs engasjerte seg i politikken for Arbeiderpartiet som leiar av fylkespartiet og fekk sett sitt preg på kulturpolitikken til partiet nasjonalt saman med Sylvfest Lomheim frå Hafslo som også var fylkesleiar i Agder på omlag same tida. Lidvin Osland frå Høyanger kom inn i kulturpolitikken først som kultursjef i Sogn og Fjordane og deretter nasjonalt gjennom å verta kultursjef for Noreg i same tidbolken. Dette trekløveret då inkludert Einar Førde frå Høyanger sette nok i si tid bumerkja sine på kulturpolitikken i landet vårt!

Johs nådd også å vera avisredaktør i ei lokalavis for Ytre Sogn med sete i Høyanger og direktør for eit større konsulentfirma i Sogn.

Johs har nok gjort mykje meir enn folk flest veit til at kulturpolitikken står så sterkt i Noreg og bygdene vore i dag!

Det er såleis ein stor SOGNING som no har lagt frå seg ferdastaven for godt! Han kjem eg til å sakna som som den god venen han alltid var!

Far vel Bille!



Gunnar Kristian Halvorsen RUSS60



Med vennlig hilsen Per-Erling







Hallo alle saman i Russen 1960:

GODT NYTT ÅR!

Eg er no vorten ein gammal mann på over åtti! Og takk for det! Det hadde vore verre om eg ikkje hadde fylt åtti.

Slik såg eg ut på åttiårsdagen, saman med mi kjære kone, Ragnhild. Og no oppmodar eg alle til å senda med eit bilete etter kvart som de fyller åtti. Dei som alt har fylt åtti, får senda meg eit bilete med ein gong, på SMS eller epost.








Jørgen:

Eg ynskjer dåke ei God Jul og eit Godt Nytt År!!

Helsing

Jørgen




Julehelsing frå Magny:





Kjære russevenner!

Ønskjer dykk alle ei God Jul og eit Godt Nyttår.

Ser fram til at vi kan møtast i Sogndal til sommaren. For tida er vi i Spania, men skal feira jul saman med våre næraste i Porto. Og så går turen heim til Sogndal i byrjinga av mars.

Helsing Magny




Julehelsing frå Anne Kathrine:

Ønsker alle russevenner god jul og et velsignet nytt år, da vi forhåpentligvis treffes igjen! Og så en spesiell hilsen med varme tanker til Per Birger !






Her kjem ei julehelsing frå Kirsti:



Hei alle russevenner!!

Så fint at det blir jubileumstreff til sommeren...i Sogndal! Stor takk til deg Oddvar og deg Gunnar Kristian som holder på med praktiske forberedelser!!

Førjulstida her på Sørlandet blir preget av tusen julelys i gatene, konserter og andre opptredener i kirker og kulturhus og vel mye regn og is i gatene. Jeg er heldig og får spille på harpeleiken min med dyktige og artige folkemusikere som trakterer trekkspill, feler, hardingfeler og gitarer. Hadde jeg bare hatt en minirobot som kunne ha stemt de 64 strengene.??

Jeg ønsker dere en gledelig jul!!
Og mange gode stunder i 2020!?????

Flott årstall da! Håper vi sees i Sogndal! Det var noe med om at helsa må holde sånn noenlunde! ??.

Beste julehilsen fra Kirsti!


Hei!
Desse har sagt at dei vil koma på treffet vårt, 9. - 11. juni 2020. Det er mange som tek atterhald om helsa, men det er vel sjølvsagt i vår alder!! Eg må seia at eg føler meg glad for at så mange som 19 personar har lyst til å koma.

Kari
Haakon
Helge
Per Erling
Gunnar
Jørgen
Magny
Kirsti
Inger
Geir
Olav F
Anne Katrine
Bille
Osvald
Øyvind
Arnold
Per Birger slit med helsa, men ønskjer å vera med om alt går bra. Driv med strålebehandling
Oddvar


Jon vert også med, og han vil både spela og førebu songar for oss.


Er det fleire enn dei ovannemnde som har lyst til å koma, så send meg nokre ord, eller ring meg, eller send SMS.

Mange helsingar frå Oddvar

epost: oddvar@walaker.net

Telefon 90 65 92 33



Innsend av Anne Kathrine ved eit tidlegare høve





Førjulshelsing frå Gunnar:

Ser øye fram til å møta dykk i juni 2020.

Då er det 60 år sidan vi døypte oss som RUSS60 og Sogndal kommune fekk ei form for offisiell godkjenning som skulestad ved at gymnaset fekk eksamensrett!

Grovt rekna er det i Sogndal i dag fram i mot ei 10 dobling av elevtallet sidan den gongen Skulane er såleis vorte Sogndal sin største næringsveg med alt det ber med seg!!

Og me var med og brøytte vegen for dette eventyret ikkje berre for Sogndal men for langt utover S og Fj sine grenser

Dette gjev grunnlag for ei skikkeleg feiring!

Eg har det bra! Auri gaur og eg med dei~! Er vel vorten litt meir slarkjen i føtna og meir hugsalsus enn før-. Kontakten med Sogn er ikkje slik som før, men eg får jo litt info ved at eg stundom har kontakt med Bille på telefonen. Det same gjeld Oddvar som eg har vitja i år med god drøs og kaffi, pausmurt og kake attepau da heila! Svogeren min Lars Asle i Amla har jo også ofte kontakt med! No ein dag i desember skal eg treffe Anne Kathrine og Kirsti på Grand Cafe for lunsj. Det gler eg meg til!

Jula feirar eg på tradisjonell vis i Oslo saman med familien min og nyttårsafta saman med gode gamle vener!

So vil eg ynskje dykk alle ei retteleg god jul og ser fram til 2020 i RUSS60 sitt tegn!!

Beste helsing frau han

Gunnar Kristian






Hei igjen.



Gunnar og eg har jobba vidare med treffet som skal finna stad i Sogndal 9. - 11. juni. Festmiddag vert det 10.06 frå kl 18. Det er opp til den enkelte kvar ein vil bu, på Sogndal hotell, andre hotell eller privat. Men det er meininga at Sogndal hotell er "basen" vår. Programmet elles desse dagane kjem me attende til.

Frå Sogndal hotell har me fått følgjande tilbod:

Fra: Marie Elisabeth Lindstrøm

Dato: 7. november 2019 kl. 08:30:49 CET

Til: Gunnar Kristian Halvorsen

Emne: Re: RUSS60 Re: Tilbod på opphald 10-12/6 - 2020



Festmiddagen;

Kveldens 3-rettar: 440 kr

Selskapslokale: 50 kr

Prosecco/alkohol fri: 85/50 kr

Kuverpris per pers: 575/540 kr

Enkeltrom, standard: 1508,- per døgn

Oppgradert rom til superior i den nye hotelldelen: 1800,- per døgn



1. Selskapslokalet blir alltid pynta med kvit duk og levande lys. Vi kan ordne sommarlege blomar til bordet. Eg har notert meg at det er viktig med behagelege stolar.

2. De kan få piano inne i selskapslokalet, slik at dykk får sitte uforstyrra. Alternativet er å ha piano i baren/loungen, men då vil det vere andre gjester tilstades.

3. Buande gjester: betalar samla og kvar for seg ved avreise. Ikkje-buande gjester betalar middagen i resepsjonen, og drikkevarer direkte i baren/restauranten.

4. Endeleg antall må avklarast to veker før ankomst, og namneliste ynskjer vi seinast ei veke før ankomst.



Så vonar me at de alle finn ovanståande tilbod akseptabelt, og at de alle ser fram til treffet med glede.



Gunnar og Oddvar






Hei, gode russevener!

Eg hadde vitjing av Gunnar for nokre dagar sidan, og det var kjekt.
Me diskuterte diverse emne, men som før er det store spørmålet: Klarar me å samla så mange at det er eit poeng å laga ei samling i Sogndal 9. - 11. juni neste år???
Det er eit ønskje frå oss at alle sender oss ein epost eller SMS eller brev eller kva som helst med eit svar på om me bør arrangera eit treff eller ikkje.
Skriv "Eg ønskjer å koma", eller "Eg kan ikkje koma". Eller noko anna. Endeleg påmelding må koma seinare. Set i gang og svar straks!!



Mange helsingar frå Oddvar


Gammalt stoff:





Treffet hjå Geir 7. august 2019





Me hadde eit kjekt treff heime i bustaden til Geir og Brith. Dei bur i ei stor og romsleg leiligheit i Sandvika vest for Oslo. Brith sto for maten, og ho hadde laga ei nydeleg fiskegryte som me sette stor pris på. Kaffi og blautkake kom etter kvart på bordet, (sjå bilete nedanfor)og ymse drikkevarer vart det og.

Desse var til stades: Geir og Brith, Inger Johanne, Kirsti, Verner, Ann-Kathrine, Gunnar og meg. Synd at ikkje fleire hadde høve til å vera med, for me hadde ein skikkeleg kjekk kveld i lag.

Me kom sjølvsagt inn på mange tema i løpet av kvelden, men det me var mest opptekne av, var eit 60-års jubileum i 2020. Me vil gjera det me kan for å få til ei festleg samkome i Sogndal 9. til 11. juni 2020. Detaljar om opplegget må me koma attende til. Det store spørsmålet er kor mange som har helse og høve elles til å koma. Alderen krev sitt, og me lever ikkje evig. Alle har me vel etter kvart større eller mindre skavankar som me slit med. Men me oppmodar alle som kan om å koma.

Har du kommentarar, forslag eller spesielle ønskje for treffet, så send ein epost til meg: oddvar@walaker.net

Så til bileta:








Gammalt stoff:

Inger Johanne har sendt meg eit FB-minne frå eit tidlegare treff, den gongen me hadde tur til Balestrand:



Og så er de berre å vona at mange melder seg på treffet hjå Geir 7. - 8. august. Info om treffet finn du i Geir sitt innlegg lengre nede. Dei som er på Facebook, kan sjølvsagt søka opp heile innlegget på Inger Johanne sin FB-konto.




Gammalt stoff:

Sommaren nærmar seg og temperaturen er stigande. Men det hadde nok vore bra med litt regn og no snart. Det er svært turt og brannfaren er stor.

Elles kan eg fortelja at me har nettoppo hatt ein fin tur med Hurtigruten Bergen - Kirkenes og attende. Eit flott cruise i 12 dagar og 11 neter. Me var ein vennegjeng på 12 som reiste i lag, og heile turen var ei flott oppleveing. Veret var fint, bortsett frå ei natt med storm i Barentshavet. Men også det var ei oppleving!

Nok om det. Etter som Geir seier, er det om lag ti som har meldt seg på til treffet heime hjå Geir i Sandvika 7. og 8. august. Kanskje er det nokon som tel på knappane og lurer på om dei skal ta ein tur til Oslo-gryta??!! Hiv deg rundt og send ei påmelding til Geir! Info om treffet finn du i skrivet frå Geir nedanfor. Eg er overbevist om at det vert kjekt å sjå kvarandre att. Kanskje er det siste sjanse, me vert då eldre og eldre! Geir og kona Brith har lova å henta folk på stasjonen i Sandvika, og eg kjem og til å ha bil tilgjengeleg. Er det nokon som vil ha skyss frå Sogn til Bærum, og retur, så gi meg eit hint, så kan det sikkert ordnast.

Eg legg inn gruppebiletet frå siste treffet frå Hafslo, kanskje er det med på å motivera til påmelding!

Mange helsingar frå

Oddvar






Hei gode venner!

Først en unnskyldning for utstrakt latskap. Jeg skjems ikke så lite for dårlig brevskriving – de fleste av dere er jo så flinke.
Og takk til Oddvar for å holde trådene samla.
Jeg måtte dessverre droppe samlinga hos Gunnar. Det var midt oppe i at Synnøve fikk seg ny hofte av sterkeste titan – og i starten er det ikke alltid en kan bestemme dagsordenen selv. Det går bra, hun er nå raskere på foten enn jeg, noe som forøvrig ikke skal så mye til. Vi lever et rolig liv her i sør-vest, med sydvesten som mye anvendelig hodebekledning. Helsa er bra med havregraut, tran og Gamalost som solid fundament. Men det ser ut til at visse P-sykdommer har en viss affinitet til legemet. Men legen og tannlegen trenger jo også å finansiere nye biler. Så vi må alle yte vårt.

Vinteren kan være hard i Stavanger, den kan vare opp til flere timer. Dere må ikke la dere forskrekke av siste reportasjer fra Jæren. Gamle jærbuer sier at noe snø og rennefokk kommer med noen års mellomrom. Det er bare journalister som med dårlig hukommelse lager sensasjoner. Som sysselsetting driver vi vår lille butikk og verksted i sentrum. (www.steinbutikken.no). Her er det mye å glede seg med – og noe å ergre seg over. Det siste som setter sinnet i raseri-trinnet er pålegg fra det forb.... EU og Bryssel om nytt kassaapparat – stort nok til å betjene hele Colorline. Ikke bra for hjertet!

Ellers har jeg i det siste vært noe opptatt med slekta i Lærdal hvor mor kom fra. Det har resultert i et par hefter. Det viser seg at et par av de gamle tippene var med i krigen mot svenskene i sju-årskrigen som leda opp til 1814. En av dem var innstilt til sølvkorset av Danebrog – men det fikk han ikke da han ble tatt til fange av svenskene...... Kampene skjedde mye i det området Geir har skogen sin – så kanskje.....

Det er også litt underlig å tenke over at en av mine tipptippoldefedre var med i grunnlaget for statistikken som resulterte i Vikjahuset på 1860-tallet. Amtmannen hadde funnet ut at umoralen var størst i Indre Sogn – derfor måtte fengslet bygges i Vik .

Og nå har Geir invitert til ny samling – storveges!!

Beste hilsen

Helge

PS:

Spis gris skyt ulv!


Info frå Geir om treffet 2019



RUSS 60 treff 2019

7 og 8 august hos Geir, Tokerudkollen 13c 1336 Sandvika
Møtes hos Geir 7.de kl 15 til sosialt samvær slik som hos Gunnar i fjor. Geir ordner mat og drikke så ingen skal gå sultne eller tyste.
Kom til Sandvika jernbane stasjon. Der plukker Geir og/eller Brith dere opp. De som kjører bil kjører direkte til Geir.
Sandvika stasjon er et sentralt knutepunkt for tog, flytog og god bussforbindelser fra mange steder bl.a. Sogndal.
Me er hos Geir til utover kvelden og så foreslås at alle overnatter. Kanskje 2-3 hos Geir og resten på EMMA Gjestehus, Høyrabben 4, 2-3 minutter fra Geir. Et slags rimelig Pensjonat. (se på nettet).
Ved at alle overnatter er vi samla til utflukt neste dag.
8.de starter med bisk på Gjestehuset eller hos Geir.
Me har to biler og så kommer sikkert noen med bil så vi kan ta oss dit vi ønsker. 13,2 km til Aker Brygge 13,7 km til Nasjonaltheateret, 10,8 km til Norsk Folkemuseum og Vikingskiphuset. Enklest er jo om vi tar noe i nærheten.
F.eks rundtur med båt, Rigmor eller Rigfar(rigmor.no) fra Sandvika og rundt store deler av fjordbassenget for indre Oslofjorden med servering av et godt måltid.
Meget fin tur i fint vær, blir det dårlig har vi Sonja Henny museet. Mye mer vi kan finne på i Oslo eller i Bærum, men før vi planlegger dag to vil vi gjerne ha en prøvetilbakemelding.

Ja Nei Vet ikke

Kan du tenke deg å komme 7.8?
Vil du overnatte hos/ved Geir ?
Kan du tenke deg å delta 8.8 ?
Har du ønsker/forslag til utflukt eller hva vi bør gjøre 8.8?

Dato Navn


Tilbakemelding snarest og innen 10.02.19 til gtjugum@online.no




Frå Inger Johanne:

Godt Nyttår til alle gode russevenner!

Morsomt å følge med på innlegg og kommentarer??
No er det blitt klart at min Norgestur i år blir to veker i begynnelsen av August.... kanskje 3-18 august. Så flott det ville være om vi kan ha treff då!
Ellers har eg nytt om min fetter Ola, vår klassekamerat. Han har hatt demens i minst 3 år seier kona i julebrev. Ho sendte bilde av eit maleri som Ola har malt for mange år sia, det er deira hus i forgrunnen. Eg sender det også.... Håper alle har ein god start på 2019!
Beste helsing
Inger Johanne






Hallo på siste dag i 2018!
Jeg ønsker dere et nytt år med mange gode stunder!
Håper vi sees!
Vårlig nyttårsaften her. Regnet med å finne snøklokker, men rådyret "mitt" hadde knasket i seg mye av det grønne under stueviduet! Heldigvis dukket 3 par dompaper opp i fugletreet, så de fikk oppmerksomheten min. Vakre fugler!!
Nyttårshilsen fra Fevik
Kirsti


Oddvar:



Kjære, gode russevener!
Det er julafta og julefeiringa har starta. Her hjå oss ventar me no innrykk av barn og barnebarn pluss systera mi og svoger. Dei vert her til lunsj. I kveld skal Ragnhild og eg til dotter Ingrid og familen hennar. Dei er musikkinteresserte så det vert nok både speling og song, reknar eg med. Me fekk forresten konsert a la Leon og konsert a la Louise i julekalendargåve. Dei spelte piano og song. Andre dag jule dreg me austover til Stange, der er det juleselskap for nokre av Ragnhild sine næraste. Tredje dag vert me på Blommenholm hjå Bjarte og familie, så der vert 79-årsdagen min feira. På fjerdedag køyrer me til Fredrikstad. Der er det 80-årsdagsfeiring for svigerfar til Bjarte. Og så heim att på femtedag. Mykje køyring, men me gler oss. Jula er familiens tid, og me får treft mange kjære og kjende på ovannemnde måte.
Så ønskjer eg alle russevener ei god julehelg og eit godt nytt år!


Oddvar


Jørgen:



Hei,
Ynskjer dåke alle ei fin jul og eit godt nytt år!!!
Jørgen




Anne-Kathrine:



Kjære russevenner!
Ønsker hver og en av dere en god og fredelig jul!
Og så håper jeg vi kan treffes i året som kommer, fotetrekker vårt gamle alma mater som base.
Hilsen
anne-kathrine




Gunnar:



God jul adle saman!

"Jeg er kunstner nok til at jeg fritt kan bruke fantasien. Fantasi er viktigere enn kunnskap. Kunnskapen er begrenset. Fantasien setter grenser for vår verden." A. Einstein

Mvh, Gunnar Kristian Halvorsen




Inger Johanne:





Det nærmer seg jul, og her er det vanlig å pynte juletre dagen etter Thanksgiving , i November! Vårt tre kom opp for ei veke sidan.Etter å ha kjempa imot ideen om å ha eit plastikk juletre ga eg omsider opp, og det var sååååå enkelt! Og når jula er over går det rett i garasjen, med lysa på!

Sender helsing og dei beste ønsker for ei God Jul og eit Godt og Friskt Nyttår til dere alle!!!Håper på ein tur til Norge til sommaren, men tidspunkt veit eg ikkje enda. Minitreffet vi hadde i september ga absolutt meirsmak.... håper det blir nytt treff til sommaren, og og at eg kan komme då!

Som Julenissen seier her:

HO HO HO frå Inger Johanne






Magny har sendt både tekst og bilete:





Kjære russevenner!

Nok ein gong takk for sist! Me er no heime i Sogndal etter nesten 3 månader i Spania. Me hadde 9 fine dagar på Tenerife Nord der me begge hadde fødselsdagar før me flaug tilbake til Albir, pakka om og vidare heim. Reknar med å vera her til siste del av januar og så ca. 3 månader i sør. Då nyttar me reiseforsikringa best.



Me blir åleine denne jula då gutane våre er opptekne på andre kantar, men me ventar besøk frå Oslo etter nyttår. Då håpar me å vera utkvilde og aklimatiserte...... Her er det stilt og fint vintervær, - men så korte dagar!!! Det hadde me gløymt!!
Når det gjeld nytt treff, er eg open for det meste. Helga rundt 25. august har me planar om eit slekts-treff. Aust eller vest er det same for meg.
Ønskjer dykk alle God Jul og Godt Nyttår!
Helsing Magny




Kjære RUSS-60 venner!

Min oppfatning er at i vår alder er det fint å ha mulighet til å treffes en gang i året for å friska opp minner og kontakter. Dersom dere i år ønsker en slik samling som vi hadde hos Gunnar i haust, er dere hjertelig velkomne til vår leilighet i Sandvika. Ca 200 m2 så vi skal nok få plass til de som kommer. EMMA-kafe i nabohuset kan tilby oss servering om vi velger det eller noe annet. Dette er litt lengre fra Oslo sentrum enn Gunnars leilighet, men tross alt sentralt i Osloområdet. Jeg bare nevner dette som et alternativ og det er ikke noe alternativ hvis der er andre planer. Det kan ikke være i nærheten av første helga i august for da har vi årlig søskentreff i Fjærland med etterkommere og selvsagt før elgjakta 5.oktober. Gi tilbakemelding om dette kan være interessant i 2019 og eventuelt når det passer best.

Nå har jeg akkurat meldt flytting til Bærum. Det har jeg gjort for nå har jeg fått nok av lokal poletikken. Da går jeg øyeblikkelig ut av kommunestyret, helsekomiteen og eldrerådet i Kongsvinger. Selv om jeg har meldt flytting blir jeg vel for det meste her på Finnskogen. I alle fall så lenge helsa er så bra. Det blir mer planlegging og rusling i skogen. Dessuten er jeg tillitsvalgt i skogeierorganisasjon Glommen Skog SA og det håper jeg å fortsette med. Akkurat nå har jeg en entreprenør i skogen som har hogget ca. 1700 m3 . for det meste gran. Ca,25 cm snø ligger nå i skogen og det gir en fantastisk fin julestemning.

I går og i dag har jeg satt ut 10 mår-feller. Da er jeg pelsjeger.

Tidligere i høst har jeg gått mye på elgjakt i skogen rundt husa. Da går jeg med elghundene mine- 3 i alt og det gir god mosjon. Før jakta er det skogsbær, blåbær. molter og tyttebær. Skog er topp for en pensjonist, den vokser selv om du tar fri en dag eller to.

Julaften skal Brith og jeg være på Skui hos vår datter, hennes tre barn og mann. Første juledag henter vi vår sønns tre hunder og drar til Finnskogen med de. Vi skal passe de mens han og kona med to barnebarn drar til New York.

1 januar 2019 drar Brith og jeg til vår leilighet på Elviria del Sol like utenfor Marbella i Spania og blir der 2-3 uker hvis været er bra.

Da ønsker jeg dere en god jul og et godt nyttår.

Håper vi sees i 2019

mvh

Geir




Her kjem meir stoff frå han Gunnar. Han har tankar om stad for treffet kommande år:



Heia Oddvar!

Leikanger har jo svært mykje å by på når det gjeld tenestytande verksemder både private og offentlege. Trur eg kunne få Grepstad’en til å være omviser. Han er meinkjend i kommunen og vand til å snakke for seg. Infosjef i fylkeskommune over ein rekke år og fødd og oppvaksen på Leikanger, borgar for det! Eg kan gjerne ta kontakt med G som kan gje oss eit oversyn over potensielle objekt for vitjing

Balestrand
Bille veit jo om alt Balestrand har å by på.

Sogndal
Det var jo her vi gjekk på gymnaset. Her er det plenty av objekt vi kunne vitje. Meiner å ha høyrt at ein av slektningane til IngerJohanne driv med omvisninger.

Hafslo
Her har me hatt det supert. Hotellet og vertskapet like eins! Vi er imidlertid avhengig av å reise for å få opplevingar ift dei andre destinasjonene . Kan vi få ha musikk der om kvelden også, ville jo det ha vore fint. Dette krev at romma vore vert lokalisert annaleis enn før!

Når det gjeld program kunne det til dømes være

- vitjing til Marifjøra og lunsj der. Trur vitjing over fjorden til stavkyrkja vil verte for anstrengende for mange av oss og vil take for mykje reisetid.

- eller til Gaupne for å ma vitje i badet der.

- kva med Harastølen ? Det tek lengre tid

Det viktigaste for mange av oss er i grunnen å få høve til å vera saman og drøse. Så vel vi Hafslo, bør det prege programmet.

Konklusjon

Eg held på at vi fortsett med Eikum Hotell.

Mvh,

Gunnar Kristian Halvorsen




(Slik ser eg ut når eg er oppi fjellsidene på trimtur. Amlabukti, Sognefjorden og Revsnes i bakgrunnen)



Som de vil sjå i brevet nedanfor, har me snakka om eit nytt treff i 2019, men så langt har me ikkje bestemt tid. Det er viktig at alle melder inn eventuelle tidspunkt som de veit at de vil vera opptekne i 2019. Inger Johanne må melda inn tid for Norgesturen 2019. Ønskje om stad for treffet bør og vera med.

Mange gode helsingar frå Oddvar

Så til helsinga frå han Gunnar:

Heia alle saman!

Takk for sist!

Det var so innmari hyggelig å få hysa dykk no i haust! No ser eg fram til at det etterlengta store russetreffet i 2019. Treng du hjelp Oddvar, stiller eg gjerne! Vonar de alle er ved god helse, så får vi oss sikkert ein dans utover kvelden i komande vår/sumar/haust-?!

Som eg sikkert fortalde nokon av dykk, planlagde eg å selgje hytta mi ved Landrudfeti, Røn, Valdres! Det vart vanskelegare enn tenkt av minst to grunnar, der det eine var å bearbeide alle dei gode minna. Hytta var på eit vis himmelriket for Kari Bjørg, kona mi! Etter at ho gjekk bort, har eg vore mykje på hytta med gjester. Mellom anna gjeld det det Bille og Geir, og so har eg hatt fin kontakt med Ingrid Husum Øye, Amla og mannen hennar Olav Bjørn Øye frå Lærdal, som er busett nede ved Fossheim i tettstaden Røn! Det andre var at eg nok overvurderte markedet for hytta mi! Men det gjekk til slutt til omlag det taksten hytta vart sett til. Eg burde vel ikkje hatt «hundevet» til å forstå det, men eg var nok blenda av kor fin hytta var! Det er vel bra å ha kontakt med kjenslene sine på det viset!

Dette var vel vel langt Oddvar! Du får kutta! (Men han Oddvar kuttar ikkje. Alt er heilt OK)

Hausten har gått opp i røyk! Vitjing til og av familien min. Vi bur bere 5 min frå kvarandre. So er eg heldig å ha mange gode vener i Oslo-området. Me treffest både privat og ved å gå ut på eit eller anna. Slik er det mange fordelar å bu her.

Jula skal feirast på tradisjonelt vis med røykt pinnekjøtt frå Voss, familien og ei vitjing i kyrkja! Vonar på snø då! I dag «dan fyste desember» er det mange varmegrader og regn!

So ynskjer eg dykk alle ei god jul og alt godt i det året som no er i emning!

Ein luftbåren juleklem frau han Gunnar Kristian

NB! Er nokon av dykk innom hovudstaden er det kjempekjekt om de teke kontakt!

Ds




Gammalt stoff:

Loftesnesbrua er fin!





Hallo russevenner!

Det var så kjekt å treffe dere igjen! Spennende å bli oppdatert på hvoran vi går videre og har det nå som vi snart kan skifte ut 7 tallet i tieren med en 8! Men heldigvis, det er masse tæl og humor (galgenhumor?) igjen, og vi er den samme gjengen som i 1960!!

Tusen takk til deg Gunnar som lot oss få boltre oss i din supre leilighet og på den fine og praktiske terrassen med utsikt over hovedstaden! Du hadde forberedt alt så flott og omsorgsfullt!

Og Oddvar, nettsiden er jo krumpappen i at vi klarer å holde fast på kontakten. Så flott at du gjør det så greit for oss. Skulle gjerne ha hatt deg i nærheten som konsulent når nettsider av alle slag oppdateres og oppdateres og stjeler tid før en får alt det nye automstisert!! Har akkurat bladd igjennom fine foto!!

Ha det fint til neste treff! Jeg tar imot hvis noen tar seg en Sørlandstur.

Eller kanskje vi skulle treffes på Sanatoriet nå som en Sørlending prøver å få bygningsruinene på fote igjen!



Beste hilsen fra Kirsti



Gode russevenner

Takk for sist, og ikkje minst takk til deg Gunnar Kristian som opna heimen din for oss og ordna alt på ein så fin måte.

Det vart eit hyggjeleg "mini-treff". Sjølv var eg nok trøtt etter pakking og reising frå Sogndal om morgonen med Widerøe. Men eg er glad eg fekk det til å passa sjølv om eg måtte bryta av kvelden litt tidlegare enn kanskje de andre gjorde. Sonen, som henta meg, tenkte det måtte vera lenge nok i vår alder. Men så kjenner han ikkje Russ 60! Ser fram til neste møte.

Me hadde fine dagar i Oslo med bursdagsfeiring med familien før me sette oss på flyet til Spania.

Her har me hatt ei flott og lat veke, sol og varme på land og i havet. Gjer godt for min støle kropp. Så kanskje blir det reinlender neste gong, Geir? Eller kanskje me heller skulle satsa på gangar?

Helsing til dykk alle frå

Magny



Hei Oddvar og heile gjengen!

Først av alt, tusen tusen takk til Gunnar Kristian for initiativ, innbyding og organisering og husrom og hjerterom og ein strålande fest for oss som var så heldige at vi var med på dette mini-treffet!!! Og så fin helsing frå deg Anne Katrine, med så nydelige roser du hadde sendt til verten vår! Vi hadde ein utruleg hyggelig kveld! Vi mimra og kosa oss, vi skrytte av våre barnebarn og vi løyste mange verdensproblemer.... Åja, eg må takke deg også, Per, for å ta ein heil gjeng av oss med deg i taxi’en din ned til byen, der vi fekk vidare transport til våre respektive overnattingsplasser. Heilt enig med deg Oddvar at vi må få til eit treff neste sommar også .... no er vi så godt i gang!

Ønsker ein fin haust og vinter til alle, og håper vi møtest neste sommar!

Beste helsing

Inger Johanne



Minitreffet heime hjå Gunnar



Deltakarar:

Gunnar
Kirsti
Inger Johanne
Bille (melde forfall)
Per Erling
Oddvar
Geir
Helge (melde forfall)
Verner
Olav (melde forfall)
Kari
Magny


Dette treffet vart svært vellukka. Me må få takka Gunnar for at han opna heimen sin for oss, og for at han stelte i stand ein slik fin fest. Han hadde kjøpt inn god drikke av alle sortar, og han hadde tinga kjempegode smørbrød/snitter og "Verdens beste" kake. Kirsti må takkast for alt ho gjorde, borddekking, servering etc. Takk til Inger Johanne som stod for fotograferinga!

Eg er svært glad for at eg tok turen til Oslo denne gongen. Eg kjenner det slik at me er svært gode vener, og det er givande å vera i lag. Samtalen går lett, og eg kjenner liksom at me er dei same som me var den gongen i gymnastida. Det syner nok på oss at me nærmar oss 80, men pytt, pytt, me er unge inni! Dersom me får leva og ha helsa til det, så må me nok prøva å få til eit treff neste år også.

















(Er det nokon som har litt stoff å bidra med på denne heimesida, så send meg gjerne ein mail!)




Gammalt stoff:




NB: Gunnar har bede meg retta tidspunktet for treffet til TORSDAG 27. SEPTEMBER 2018

Gunnar har endra på fristen for påmelding til 1. september. Gjer vel og send ei melding til Gunnar om at du er interessert dersom du kan tenkja deg å koma, og så kan sjølve påmeldinga og innbetalinga koma rett før fristen går ut. Dette for at komiteen kan ha noko å arbeida ut frå.

Gunnar, Kirsti og Inger Johanne har begynt å lea på seg, og det er bra. Dei vil laga treff i Oslo til hausten. Sjå berre her:

INVITASJON

Torsdag den 27. September kl 1530 inviterer Inger Johanne, Kirsti og Gunnar Kristian RUSS60 til brunsj med spekemat, potetsalat osv, dessert og ditto drikkevarer. Etterpå vert det kaffi og kaker og underholdning av «ymist slag». Dei som ynskjer alkoholholdige drikkevarer utover ein velkomstdrink med Proseco og eit lite glas aquavit og valgfritt øl med eller uten til maten må ta det med seg det sjølv!

STAD

Vi held samkoma hjå Gunnar Kristian i Grefsenkollveien 20E, 0490 Oslo. Hans mobil er 91359461.

KOMMUNIKASJONAR DIT

De kan ta trikk og T-bane til Storo frå sentrum i Oslo Sentrum (Nathionaltheateret, Sentrum eller Jernbanetorget stasjonar på T-banenettet og sjølvsagt Majorstua Stasjon også ) samt Kjelsås-trikken. Derifrå, Storo altså, kan de ta 56 bussen som heiter Solemskogen opp til Gunnar. Den går fire gonger i timen. Fem på heil og deretter tiover-, fem på halv og ti over halv osv Stasjonen de skal stoppe på heiter Grefsenseteren. Bussen stoppar heilt nær blokka der Gunnar bur i 2. høgda. Bussturen tek eit knapt kvarter.

Elles går det bussar både vest og austover forbi Storo for dei som bur slik til. Stoppeplassen for desse bussane ligg heilt i nærleiken av trikke, T- bane og bussstasjonene på Storo.

Elles er det også drosjehaldeplass på Storo. Minstetakst opp til Gunnar Kristian.

For dei som kjem meg eigen bil, har eg to parkeringsplasser i parkeringshuset på den andre sida av vegen eg bur i. Samt ei par plassar som eg må tinga på

OVERNATTING

Gunnar har ei ekstra dobbelseng til disposisjon for dei som vil overnatte. Elles er det eit godt ungdomsherberge nett i nærleiken som heiter Haraldsheim. Minstetakst dit med drosje-!

PRAKTISKE TING

Påmeldingsfrist er den 1. september. I samband med påmeldinga betaler du inn NOK 300,- til kontoen 1607 11 25800 til Gunnar Kristian Halvorsen. Gjer vel å før opp namnet ditt på betalingsgiroen

FOR FESTKOMITEEN

Beste helsing og god sumar til dykk alle frå

Kirsti, Inger Johanne og Gunnar Kristian!!




Så må redaktøren av denne sida få synt eit bilete: Haakon og Linda var her i området, og dei kom innom for ein kopp kaffi. Svært hyggjeleg! Alltid godt å få mimra litt om det som ein gong var.








Fjorgammalt stoff:







God dag og takk for sist.

Eg sit i Alta og ventar på fly heim.

Båten min har lagt her i Bergsfjord sidan i mai. Når så silda seig inn og torsken etter, var det tid å reisa nord. Eg har fiska torsk i Bergsfjord ein måne no.

De må ha ei god jul og eit godt nytt år!

Jørgen








Kjære Russevenner!

Om en og en halv uke så er 2017 historie. For meg har året bydd på litt av hvert. Fra det hyggelige og positive til ting jeg gjerne kunne ha vært foruten.

I slutten av november fikk jeg operert bort ca. 30 cm av tykktarmen. Dette var resultatet av at min fastlege på den siste av to årlige helsekontroller, syntes at jeg hadde lav blodprosent an sjekke og det ville han sjekke nærmere. I dag er jeg ham evig takknemlig for det. Begynner etterhvert å fungere normalt og i morgen kjører Linda og jeg til Tønsberg for å tilbringe julen sammen med Andrè og hans familie. Vi er hos dem annethvert år. Litt ut på nyåret tar vi en svipptur til Kiel og koster på oss en suite. Har gjort det før- og det er pengene verdt! I slutten av mars drar vi for sjette gang til Puerto de Mogan på Gran Canaria, der trives vi veldig godt. Mener å huske at du, Gunnar Kristian sa at du hadde vært der.

Ønsker dere alle en god jul og et fint og godt 2018. På gjensyn i juni!!

Beste hilsen fra

Haakon








Kjære Russevener!

Me har det godt og har god helse. Eg bur og driv som tidligare skogen min på Finnskogen. Er skogbrukar og tillitsvagt i Glommen Skog SA som er eit relativt stort skogeigarandelslag. Min avvirkning i år ca. 1300 m3 tømmer. Det er bortsatt til entreprenør. Eg høgg ikkje ein gang eigen ved. Det fiksa ein polakk som jobber i skogen med ungskogpleie kvar summar ein par månader. Min aktivitet i skogen er, planlegging, turgåing, bærplukking og jakt. I år plukka eg 42 kg blåbær og 32 kg molter og kjerringa syltar. Elgjakta er viktigaste og der har eg våre heldig å sikra et større område rundt skogen min slik at vi i år hadde ein kvote på 8 elgar. Eg sette ekstra stor pris på at Oddvar og sønn, Bille og Gunnar besøkte meg ein par dagar i jakta. Brith har hatt besøk av ei Thaidama ein par månader i haust så eg har fått mange thaimasasjer og det gjer godt på skrotten.

Som hobby deltar eg i lokalpolitikken for H, medlem i kommunestyret i Kongsvinger, Helse og omsorgskomiten og er leder i Kongsvinger Eldreråd så de skjønar det vert ikkje jakt kvar dag.

Håpar vi kan få til noko på Hans Børli Junikveld som i år er 3.juni slik vi hadde for to år sidan. Me hadde det veldig fint, Bille, Helge, Gunnar, Brita Hansen og eg. Her har me plass til fleire 6 rom på loftet med to senger på kvart rom. Gi tilbakemelding , me må begynne seinast 2.juni.

Julafta skal Brith og eg feira hjå son vår Rolf Olav sin fam på Jar. Der har me to barnebarn. Datra med fam Bur på Skui, men heile fam med tre barnebarn er reist på safari i Afrika med avslutting med badeferie og kjem at like over nyttår. Ein dag før nyttårsafta reiser Brith og eg til leiligheten vår i Spania ,Elviria del Sol 7-8 km fra Marbella. Vert der 2-3 veker. I fjor var me svært heldig. Hadde fint sommarvær i 3 veker og eg rusla oppe i åsane der 3-4 timar kvar dag i berre kortabukse.

Då vil eg ynskja alle ei riktig god jul og godt nyttår!

Håper å sjå mange av dykk i det nye året!

Mvh

Geir






Hallo russevenner! 19.12.2017.

Takk for sist!

Eg har no hatt ei mimrestund her i Spania og sett på bileta frå treffet. Det var kjekt!

I dag kunne me visst like godt vore i Norge for det bles kald nordavind. Men det skifter fort. Når me ser på vervarsla for Vestlandet, så lengtar me ikkje heim.

Me kom hit 7. okt. og skal heim 27. mars. Me har hatt ein fin varm haust, men har ikkje hatt så mange fotturar. Dei får me ta seinare. Eg var uheldig og snubla i ein dørstokk (døra var borte!) fire veker før me reiste og det førde til brot av eit bein i høgre fotblad. Så var det å gå med ein "støvel" i 6 veker. Alt har gått bra, men det var både varmt og tungt å gå med denne "slalom-støvelen". Men i ettertid ser eg at det var ein bagatell. Flyplassane hadde gode rullestolar.

Jula skal me vera i Madrid hos yngste sonen. Reiser med ekspresstog fredag.

Ynskjer dykk alle ei GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR!

Helsing Magny






Framlegg om nytt treff våren, sumaren eller hausten 2018 stør eg! Heldigvis har reiselivsnæringa teke seg opp monaleg. Derfor trur eg det er best å velgje datoer, tidlig vår eller haust.

Me er i ein alder det vi bør nøyte tida! Så derfor stør eg framlegget!

God jul te dikka adle fra han Gunnar Kristian








Kjære venner!

Takk for sist - og for trivelege bilder.

Takk til Oddvar som held kontakt og sender informasjon.

Du Oddvar skriv at du planlegger ny samling til sumaren. Vert det noko av, ynskjer eg å melde frå at beste tidspunkt - for Unni og meg - er frammøte 19. eller 20. juni. Vi skal vidare til Bremanger - til ei samling der 23. juni

Dei beste ynskjer til dykk alle -for jula og det nye året.

Verner






Hallo, og takk for sist!

No er me tett innunder jul, og eg sit her og tenkjer attende på treffet vårt i sommar. Det var kjekt. Eg har bladd gjennom bileta frå treffet (sjå nedanfor), og då opplever eg på ein måte treffet på nytt.

Hausten har gått fort med epleplukking, pressing av eplejuice (ca 500 liter) og jakt. Hjortejakt i skogane i Solvorn og elgjakt i skogane til Geir aust for Kongsvinger. Dessverre "møtte ikkje elgen opp", så noko dyr vart det ikkje. Men Øystein, eldste sonen vår som var med austover, skaut eit rådyr. Men kjekk tur var det, så mange takk til Geir og Brith som tok godt i mot oss!

Helsemessig har det gått berre oppover etter nedturen eg hadde i mars med tre besøk på operasjonsbordet og store blodtap. Fjellsidene i Solvorn krev god kondisjon, og eg føler at eg er på eit bra nivå til å vera 77 år, og 78 om nokre få dagar.

Så seier eg god jul og eit godt nytt år! Og måtte de alle få vera friske i året som kjem!

Mange helsingar frå Oddvar



PS: Eg tek gjerne i mot julehelsingar (epost) som eg kan leggja ut her på heimesidene våre! Om du sender med bilete, så er det aller best.










Hallo og takk for sist!

Treffet vårt var vellukka frå først til sist, slik eg ser det. Me blir berre meir og meir samansveisa etter kvart som åra går. Det ga meirsmak å vera saman, så me får sjå om ikkje me klarar å få til noko om to år og. Og tusen takk til Per Birger og teamet hans for god mat og godt stell! Dessverre var ikkje sistnemnde til stades då me tok gruppebiletet, men eg har tillete meg å kopiera han inn i biletet. (Han hadde gått og lagt seg, for han skulle sikkert stå tidleg opp neste morgon).

Her kjem nokre fleire bilete:



















Fleire bilete. Denne gongen frå Inger Johanne:















































Og slik ser verksemda Mapei i Odalen ut i dag. Imponerande!



Mange helsingar frå Oddvar








Hallo igjen!

Her er eg med ei ny påminning om at treffet kjem nærare for kvar dag som går. Eg vonar alle er i bra form, og at lysta til å treffast framleis er der. Som nemnt før, har Inge hatt hjerneslag, og kan ikkje koma åleine, men kona hans kjem med han, og det er me svært glade for!

Desse er påmelde til no:
Anne-Kathrine
Arnold
Bille
Geir
Gunnar
Haakon (2 personar?)
Helge
Inge (2 personar)
Inger Johanne
Jørgen
Kari
Kirsti
Magny
Oddvar
Olav
Osvald
Per
Per Birger
Werner (Werner 2 personar)
Øyvind

Når det gjeld programmet for treffet, så har det ikkje kome inn noko nytt. Det viktigaste ved treffet er vel at me kjem i lag og pratar. Så då vert køyreplanen slik:

Tysdag 20. juni ettermiddag/kveld: Alle kjem til Eikum. Matopplegg etter individuell avtale med hotellet. Foredrag ved Bille

Onsdag 21. juni: Etter frukost køyrer med i retning Balestrand med Bille som guide. Lunch i Balestrand. Om kvelden festmiddag på Eikum. Biletforedrag ved Geir.

Torsdag 22. juni: Avreise



Magny har sendt meg nokre bilete som vart tekne heime hjå ho i september 2016:













Så då seier me vel møtt!!!!






Gammalt stoff:



Hallo!

Det har kome eit par nyhendemeldingar:

Kirsti:

Hei!!

Blir kjekt å se dere i juni! Flott å ha åstedsinfo fra Oddvar. Her om dagen hadde vår lokalavis Grimstad Adressetidende helsides artikkel med foto fra Lodtesnesbrua. Dere måtte jo ha litt hjelp fra Grimstad for å få elementene på plass. Uglen, flytende kran, som kan løfte 400 tonn, passerer jeg på veg til Fiskebrygga og biblioteket når den ikke er på oppdrag andre steder!!

Sees på Hafslo

Jørgen:

Hei Oddvar,

Det står berre bra til med meg. For tida held eg meg mykje ved sjøen for å få båten klar til lofotfiske. Eg dreg nordover om eit par veker så får eg fiska 5-6 veker før eg dreg heim att til påske.

Eg melder meg på treffet i juni.

Ha det godt!

Jørgen


Hei igjen!

Via epost har me fått avklara at treffet vårt skal vera på Eikum hotell 20. - 22. juni 2017.

Desse er påmelde til no:
Anne-Kathrine
Arnold
Bille
Geir
Gunnar
Haakon
Helge
Inger Johanne
Jørgen
Kari
Kirsti
Magny
Oddvar
Olav
Osvald
Per
Per Birger
Werner
Øyvind

Eg reknar med at fleire kjem med etter kvart. Til deg som er påmeld, ta gjerne kontakt med ein av dei som manglar og gje vedkommande ei lita oppmoding om å melda seg på!

Desse manglar: Målfrid, Signe, Kardinalen



Nedanfor har eg lagt inn eit par bilete av arbeidet med den nye Loftesnesbrui. Køyrbar for vanleg trafikk vert ho først i november.









Med ønskje om eit godt treff til sommaren er de alle helsa frå

Oddvar

PS: Eg reknar med at dei andre i treffkomiteen tenkjer hardt på programmet. Alle har høve til å koma med framlegg!






Hei alle saman!

Eg har fått mail frå Gunnar og Haakon, og begge ser no fram mot treffet vårt til sommaren. Alle som kan tenkja seg å vera med, må senda meg ein mail, SMS, eller ringja: Mobil 90 65 92 33

Oddvar




Gode russevener!

Godt aur te adle dikka!

Vonar de har da bra! Eg er på det jamne, trur eg. Gler meg til å kunne treffast atte til sumaren!

Bille vitja meg på hytta i haust under Rakafisk-festivalen som samlar over 20000 menneske med ei mengde ulike tiltak og arrangement på Fagernes. Denne næringa er vorte viktigare med åra, så saman reiselivs- og hyttnæringa utgjer denne næringa eit viktig tillegg. I den kommunen der eg har hytte er det fem produsentar av dette produktet! Vestre Slidre som kommunen heiter, med vel 2000 innbuare, kan vel kallast den største rakafisk kommunen i landet. Eg vorte imponert over den tiltakslysta som er vorten utvist over svært mange år. Så køyrer de forbi Røn på europavegen til eller frå Sogn er det alltid råd til å få smake samt kjøpe med dykk litt fisk. Er eg på hytta er de sjølvsagt hjertelig velkomne opp til meg der!

Så vil eg ynskje dykk alle eit fint vårsemester i von om at vi treffest i godt slag til sumaren.

Beste helsing frau han

Gunnar Kristian



Hallo Oddvar og resten av gjengen!

Returnerer hilsen og ønsket om GODT NYTT ÅR ( etter det siste amerikanske presidentvalget ØNSKER og MENER jeg virkelig det!!)

Vil gjerne være med dere også denne gangen, men tidspunktet KAN by på litt problem for min deltakelse. Den 23. og 24. juni er en av de virkelig STORE helgene i Sverige, nemlig midtsommerhelgen som , nest etter jul, er den STØRSTE helgen for familiebegivenheter etc. i Sverige. Her må det altså litt bearbeiding til!

Har også merket meg at Ståles forslag til festmiddag-menyen er en blåkopi av forrige gang. Men, det smakte FORTREFFELIG den gangen!!!



Haakon










Helsing frå Anne Kathrine:



Ønsker alle russevenner en fredfylt, god jul og et velsignet nytt år !

Ser fram til å treffes igjen i 2017 !



Hilsen Anne-Kathrine






Helsing frå Magny:




Kjære russevenner!

Adventstida i år er me i Sogndal. Me kom frå Spania 2. des. til Oslo og hadde ei fam.helg der før turen gjekk vestover. Så blir det same veg sørover att med julefeiring i Oslo, og planen er tre nye månader i Albir. Hos oss går livet omlag som før, og det er vel det beste i vår alder.

Me finn ut at me ikkje må gløyma den den norske vinteren, men ser at det blir mørke, korte og våte dagar. Sogndalsfjøra har, som de kanskje hugsar, ikkje sol i desember. Hugsar ikkje at me reagerte så mykje på det då me gjekk på gymnaset eller jobba.

No ser me fram til å koma sørover att der me kan bevega oss noko friare ute i naturen og bli litt mjukare i kroppen. Og så ser me fram til å koma heimatt når det vårast i slutten av mars. Det er alltid godt å ha noko å sjå fram mot. Håpar at russetreffet skal gå etter planen og at mange av oss kan møtast då.



God Jul og Godt Nyttår til dykk alle!

Helsing Magny






Hallo alle saman!

Her kjem nokre ord og nokre bilete frå meg. Eg har vore så heldig å få vera med Geir på elgjakt borte i skogane hans på Finnskogen. Eigedomen hans ligg om lag midt mellom Kongsvinger og svenskegrensa, og til elgjakta disponerer Geir ca 25000 mål med skog. Ein del eig han, og noko leiger han. Heile området er dekka med gode skogsvegar, så det var lett å koma seg på post. Alle postar, ca 170 i talet, har Geir merkt opp med skilt, så det var berre å studera kartet, setja seg i bilen og susa av garde til tildelt post.Nokre stader var postane plasserte i skytetårn. Geir har to elghundar som han nyttar til å driva elgen fram til postane. Hundane er utstyrte med GPS-sendar, og me jegrane, som også hadde GPS-utstyr, kunne såleis sitja på post og følgja med på kvar hunden var til ei kvar tid. Geir sjølv følgde etter hunden i terrenget, så han fekk rikeleg med mosjon. Men sprek er han, så han klaga ikkje, sjølv om det vart tre jag kvar dag. MEN, MEN, elg var det lite av desse dagane, så skyta dyr fekk me ikkje. Dei lokale jegrane sa at det hadde vore ulv i området, og då vert elgen skremd vekk. Me såg forreste ei elgku med kalv ein dag, men avstanden var for stor til å skyta.

Men skote har eg likevel, for eg var på hjortejakt i Solvorn helga før eg drog til Finnskogen, og då skaut eg ei kolle og ein kalv. Jakt er ein spennande aktivitet!

Eg vil få takka Geir for at eg fekk vera med på elgjakt, og sjå korleis det går føre seg. Og takk for god mat og godt stell! Neste haust vonar eg at fleire kan bli med! Synd at Bille og Gunnar måtte melda pass denne gongen.


Geir gir instruksar før jakta startar


I dette tårnet sat eg på post ein gong, og det var stas, samanlikna med å sitja på ei tue i terrenget


Ei naturoppleving å få komma til ein slik post


Matpause i gapahuken


På post og klar med "kanona"








Frå Haakon:

Emne: Re: Treffet 2017 - program/utflukt

Leser på nettsidene til NRK. Sogn og Fjordane om forslag til å utnytte tomten/områdene for den "gamle" saftfabrikken til Lerum. Spreke planer, får man si. På mange måter hadde vi både stor glede og nytte av Lerum i skoletiden!!!

Planmessig har det jo skjedd en del ting i Sogndal siden vi drakk ( he-he) av vår kunnskapstørst der. Hva med en orientering om hva kommunen tenker seg i årene fremover enten etterfulgt av eller samtidig som vi tar en befaring?

Haakon








Kjære Oddvar / festkomiteen !

Takk for info vedr. nytt treff. Synes Eikum er en god ide ! Synes også at Magnys innspill om tur til Astrup-tunet er en super ide og vel verdt å vurdere nærmere ! Vi høres !

Hilsen Anne-Kathrine


Frå Haakon:

Tror nok at vi under "treffet" klarer å utfylle tiden på en minnerik måte ! En tur til Astruptunet på torsdag 22. juni høres ut som en god idè. Relativt kort veg er det også!

Når det gjelder skysstilbud fra Sogndal til Hafslo på onsdag den 21. juni , så melder jeg meg gjerne som "skysskar". Har god plass til 3 personer. Førstemann til mølla osv.... Kjører fra Tønsberg den dagen og tipper at jeg er i Sogndal rundt kl. 1600. Er det noen som dette tidspunktet passer for, så bare si fra!!


Eg er no i full gang med eplehausten i Solvorn. Først skal alle epla i hus, og deretter er det pressing av eplesaft (juice eller most som andre seier). Me plar pressa ca 500 liter kvar haust, så det blir litt sal til venne og kjende og.

Så er hjortejakta i gang og. Eg er med i eit jaktlag i Solvorn, og så langt har me skote 4 dyr, tre koller og ein kalv. Det er eit krevjande terreng me har, så eg sit berre på post oppe på fjellet, medan dei yngste må bæra kjøt og jaga. Knea mine tillet ikkje at eg har tung bør i bratt unnabakken.

Den 19. oktober er det planen at eg skal bort på Finnskogen til Geir på elgjakt, og det gler eg meg til. I same slengen dreg me innom Oslo og får med oss konserten til Eva and the Heartmaker i Operaen.

Men me har det godt, både Ragnhild og eg. Og me er takksame for at helsa er bra.

Oddvar


Takk for sist Oddvar!

Kom til å tenkje på at vi burde gje litt info om mulig assistanse ifm å kome seg til Hafslo. Dei fleste kjem seg til Sogndal enten med snøggbåtane frå Bergen, ekspressbussen frå Oslo, enten om Valdres eller Hallingdal eller fly til Haukåsen. Vi kunne vel vurdere å tilby skyss frå Sogndal til Eikum Hotell. Det kan truleg ha litt betydning for frammøte om det tilbodet vert gjeve om ikkje for lenge, helst med ein gong, trur eg. Det kan være at dei som av ein eller annan grunn finn det litt bale å koma seg til Hafslo, seier med eingong etter at dei har fått meldinga frå deg om tilskipinga, at dette orkar eg ikkje. Ei avgjerd er vond å venda, spesielt i vår alder. Eg vil stille med bil i fall eg har helsa og hotellet vil nok også kunne stille opp på dette. Trur ikkje det vert så mange, men nokon kunne eg tenkje meg vil tykkje dette tilbodet er bra og vil benytte seg av det.

Bh Gunnar Kristian


Kjære programkommite!

Fint at de inviterer til nytt treff. Eg er spent på kva de finn på i år. Sist var det kjempebra - ein interessant tur - med innbakt historie, vatn og stein. Høyrer gjerne meir på Jos og Inge - gjerne også Per Eling. Det kan vere andre? Vi skal vere Bremanger på St.Hanskvelden, derfor må vi dra litt tidleg på fredag.

Helsing

Verner




Hei Oddvar.

Eg var ein tur til Førde i går (vanleg kontroll) og då køyrde me om Astrup-tunet. Det var stengt for vinteren. Men arkitektstudentar dreiv med prosjekteringsarbeid.

Me rusla litt rundt. Sikkert ein fin utfluktsplass for Russ 60. Såg at det var ein kafe med lunsjrettar o.l. Vår/sommar med snø på fjelltoppane er no og ei oppleving. Blir det for tidleg for lunsj, så kan me kanskje rusla ein tur i Bokbyen først? Dette er berre nokre tankar ut frå dine idear.

Me reiser til Spania laurdag 24. sept. og har bestemt oss for å ta ein tur heim til Sogndal 5. - 23. des. Reiser så om Oslo sørover att og kjem tilbake til våren ein gong. Så spørst det om det er mange nok som kjem på treff. Eikum høyrest fint ut. Ha fortsatt ein fin haust.

Helsing Magny

Ps. Me har same E-post-adresse i Albir og håpar få Skypen til å fungera. Legg ved nokre bilete frå Jølster.













NYTT RUSSETREFF SOMMAREN 2017

Frå redaktøren:

Komiteen for treffet vårt i 2017 har hatt møte og vorte samde om stad og tid:

Eikum hotell, Hafslo. Frammøte onsdag 21. juni, avreise fredag 23. juni.Festmiddag torsdag 22. juni om kvelden.

Program for treffet må me koma attende til. Me vonar alle kan tenkja seg å koma, og at alle er friske nok til å klara det!



Desse var til stades på komitemøtet: Magny, Inger Johanne, Kirsti, Gunnar og Oddvar. Haakon er og med i komiteen, men han kunne ikkje møta.





Som mange gonger før har me også denne gongen hatt komitemøtet heime hjå Magny og Odd, i den flotte bustaden deira i Hovsmarki i Sogndal. Tusen takk til vertskapet! God servering fekk me og!






Frå redaktøren:

No har Haakon kome med eit innlegg i debatten om kvar me skal ha treffet 2017. Kan elles nemna at me skal prøva å få til eit nemnd-møte no i august, når Gunnar kjem på desse trakter.

Haakon:

Hallo Oddvar

Nå har jeg gått i tenkeboksen med tanke på ( hei: den var god!!) stedvalg for vårt treff neste år. Jeg har tenkt i Sogndals nærområde, og i et videre geografisk område.

Innledningsvis vil jeg påpeke at de fleste av oss nå bor UTENFOR Sogndal og Sogn. For å ta meg selv som et eksempel ( kan ikke finne noe bedre!!) så tilhører jeg denne kategorien. Tenker de øvrige i denne kategori slik som jeg, vil det være flertall for å legge treffet i disse områder.

MEN: Noen har kanskje lyst å prøve noe nytt, som geografisk ligger slik til at det er tilgjengelig for de fleste. Jeg har også engasjert meg litt i en slik forutsetning.

Mine forslag er:

Stedvalg i Sogn:

AURLAND: Aurland Fjordhotell

FLÅM: Fretheim Hotell

(Utfluktsmål: Aurlandsdalen, Flåmsbanen- begge deler er en opplevelse)

LEIKANGER: Leikanger Fjordhotell

HERMANNSVERK: Sognefjord Hotell ( tidlg. Knausen, og vårt "stamsted" for festlige anledninger, do you remember grisefesten??)

ÅRDAL: Klingenberg Hotell

SKJOLDEN: Skjolden Hotell

SOGNDAL: Quality Sogndal Hotell ( dette hotellet har nok lettere for å ta sluttede grupper enn både Hofslund og Lægreid??)

Stedvalg i omegnen:

JØLSTER: Thon Hotell Jølster ( tidl. Skei Hotell ). De som kommer med fly , kan fly både til Sogndal og Førde.

Stedvalg utenfor fylket:

KLEKKEN ( ved Hønefoss og ikke så langt fra Gardermoen. Buss fra Gardermoen til Hønefoss går forbi og stopper ved hotellet): Klekken Hotell (NB: Et meget godt matsted!!!)

GOL: Pers Hotell

KVAM(Gudbrandsdalen): Rondablikk Høyfjellshotell ( Et hotell som er svært mye brukt for spreke pensjonister. Ligger på 100 m høyde og arr. fot-turer hver dag!!)

Det var det!

Lykke til med den videre planlegging- og hils de andre komitèmedlemmene.



Haakon




Frå redaktøren:

No har nokre av oss karane vore samla hjå Geir borte på Finnskogen, postadressa er Austmarka, som ligg aust for Kongsvinger: I tillegg til Geir var Gunnar, Helge, Bille og eg der. Det vart ei strålande helg med mange gode opplevingar. Geir var den perfekte verten, med full frysar og velfylt kjøleskåp, og Bille var ein god kokk. Veret var strålande, plassen med husa låg fint i ei skråning i skogen, og flagget var heist då me kom. Tidspunktet, 4./5. juni, var valt ut frå det faktum at det var Hans Børli-helg, med stort arrangement på Børli denne søndagen med rundt 1500 menneske til stades. Hafslobygdingen Sylfest Lomheim var hovudtalar. (Han er forresten tremenningen min, og det var kjekt å få helsa på han der borte. Det er sjeldan er ser han "live", det vert helst berre i gravferder.)

Laurdagskvelden hadde me festmiddag i stova til Geir med vitjing av ei sprudlande dame på 82 år, Brita Husabø Hansen. Ho var russ i Sogndal i 1954, og som den revydama ho var og framleis er, framførde ho ein del russerevyviser for oss. På bileta nedanfor vil de sjå ho både heime hjå Geir og på stemneplassen.

Det vart snakka litt om vårt neste "store" russetreff, og konklusjonen trur eg vart at me må prøva å få til noko til sommaren 2017. Hafslo og Per Birger sitt Eikum Hotell neiner me var ein strålande stad å vera. Er det nokon som har meiningar om dette, så send meg nokre ord.
















Brita Husabø Hansen


Heimen til Hans Børli


Karane har lagt seg ned medan dei lyttar til talen til Sølfest


Sølfest i aksjon med talen sin






Hallo 1960-venner:



Har nettopp hygget meg med å lese Gunnar Kristian sin beretning fra trivelige dager på Finnskogen. Støtter så absolutt tanken om et nytt treff ( 57-års treff) neste år og gjerne på Eikum. Som jeg tidligere har nevnt, var etter min mening oppholdet der i fjor så perfekt som det kunne bli. Ingen grunn til ikke å gjenta det!

Er for øvrig nettopp kommet tilbake fra en hamstring og hyggetur til Danmark og Tyskland. Hamstringen skjedde like over tyskegrensen ("Wir verlassen jetzt Dänemark und betrieten jetzt Deutsches Gebiet", som lektor Thorsen sa på vår russetur. Det var vel nesten det eneste han sa på den turen i tillegg til at han lærte oss "Wer zoll das bezahlen.." usw./usw.

Som boende i et EU-land kan man i praksis ta med seg det man vil og det man får plass til når man er innom Tyskland!

Håper vi kan gi: På gjensyn - på Eikum i løpet av sommeren 2017! Jeg stiller!!



Haakon






Heia RUSS 60

Ser at du Håkon heiv deg frampå med eit innlegg til påske. Vonar du besnar snart av flimmeren din!

Ja, vel overstått påske russevener!

Eg med heile familien min sløyfa hytta vår i Valdres i år. Reiste i viking og vel så det til Karibien og levde slaraffenliv i 12 dagar. Det var fint! Me reiste med Norwegian Cruise Line etterkomaren etter Kloster rederiet, trur eg. Båten bar namnet Norwegian Get Away. Fantastisk fin båt med kjempegod service. Kan anbefalast.

Om ein fjortens dagars tid reiser Bille, Geir og eg på hytta mi for å planlegge og legge siste handa på planane våre for tilskipinga vår i sumar. Som de veit set me stemne oppe hjå han Geir i sumar for å feire skogens diktar Hans Børli og vere med på tilskipinga for denne fantastiske karen som går av stabelen ikkje langt frå "skojen" til han Geir. Dei som har melt seg på er Oddvar, Helge, Per Erling og oss tre i komiteen. Me skal hyse oss inn hjå han Geir. Det er framleis litt plass atte i herbyrgje. Så..!?

Me kjem attende med nærare info om reiseopplegget frå Oslo og til Kongsvinger når vi har halde møte om "Prosjekt Børli" uti aprilen.

Samd med deg Håkon! Vi bør freiste å få til eit treff til neste sumar !

No må eg få på meg kalosj'an å kome meg ut ein tur!

Ha det!!

Mvh,

Gunnar Kristian Halvorsen




Haakon:

Hei Oddvar og russevenner!

Håper alt står bra til med dere hvorenn dere befinner deg for tiden. Med din friluftsinteresse, Oddvar, har jeg en anelse om at du kanskje valgte heimen som base for påske- og har du gjort det har du i alle fall ikke hatt for mange og gode doser av bra vær. Jeg holder meg til yr., nrk. sogn og Fjordane og sogns avis for å oppdatere meg på stoda i heimfylket mitt!

Hos oss har det vært en del sol i påsken, men nokså vindfullt og kalt så kaminen har vært i flittig bruk. Løv og vissent gress er fjernet fra gressplenen, så der ligger jeg i rute og kanskje vel så det!

Like over nyttår fikk jeg føle et eksempel på at alderen også kan dra med seg litt ubehagelige ting. Jeg ble plutselig andpusten og fikk betydelig væskeansamling i bena og rundt hjerteregionen. Det viste seg at et hjerteflimmer var på besøk. Med god medisinering og adekvat oppmerksomhet fra meg selv, er tilstanden nå så godt som normal. Det eneste avbrekk for det normale, er at jeg må ta en dose tabletter morgen og kveld.

I begynnelsen av mai skal Linda og jeg ha en tur med hurtigruten fra Trondheim til Svolvær. Skal være to døgn i Lofoten og har bestilt leiebil for å kjøre rundt i denne flotte delen av Norge. Turen er for øvrig en julegave fra meg til Linda og meg selv!! Før vi reiser til Lofoten skal vi en tur til Doha i Qatar. Lindas sønn er p.t. pilot i Qatar Airways og kan således ordne med svært billige flyturer for den nærmeste familie.

Før vi kommer så langt, runder jeg trekvart hundre år. Velkommen i rekken, sier kanskje dere som allerede er kommet såpass langt i livet ?? !! Vel, det er vel bare å innse at man ikke blir yngre med årene og så får man tolke det som man vil!!

Det er heller ikke så lenge til det blir ett år siden vi hadde et på alle måter vellykket treff på Eikum. Skulle gjerne ha gjentatt dette i år, og forventer at til neste år MÅ DET BLI!!

Beste hilsen til dere alle

fra

Haakon


Gammalt stoff:

Kjære russevener.

Takk for sist. Det var kjekt at så mange kunne møtast på Hafslo i sommar. Me er som vanleg "klimaflyktningar" og skal vera her i Albir i jula dette året. Til nyttår får me besøk av Oslo-fam. og gler oss til det. Så reiser me heim til Sogndal til påske. I går kom me att frå ein førejulstur til Madrid der yngste sonen bur. Fin togtur frå Alicante til Madrid,2t.15min. Kjekt å oppleva ein julepynta storby, men det var og godt å koma sørover att til landlege og varmare strøk.

Eg ønskjer dykk alle ei GOD JUL og eit GODT NYTTÅR !

Helsing Magny.



P.S. Gratulerer med dagen til alle dykk som ser ut til å ha fødselsdagar omtrent på denne tida !!!




(Ovanståande bilete er henta frå Facebooksida til Magny og Odd. Det er visstnok teke i Madrid.) Red.anm.




God jul ønskes alle russevenner, fra Anne-Kathrine







Kjære dikka adle saman!

Så er det jul atte! Gleda og morro!

Men, jøss så fort åra går etterkvart!!

Eg har hatt eit fint auer i femtan- jamt og godt!

Familien min med Ida Margreta, dotter mi, med Knut og dei fire ungane deira har eg ofte og god kontakt med. Dei bur, nett i nærleiken, her på Grefsenkollen. Lars Asle Vold, svogeren min, i Amla har eg også ofte kontakt med. Høyre nytt frå Sogn og frå museet på Kaupanger skogen er alltid forvitneleg-.

I haust var eg attende til Den Gamle Stad, "Trondhjem" altså. Feira 50 års jubileet som ferdig siv.ing frå gamle gode NTH, no NTNU. Minnerikt!!

Dan nikkjande er eg 75 år. Den dagen skal eg feire heime! Pølsefest! Gler meg som ein unge! Ope hus!

So vil eg ynskje dykk alle ei god jul! Ja, og vidare i same vendinga vil eg nemne atte det endå er plassar atte hjå Geir, oppe i "skojen" hans, for å feire Hans Børli og høyre på dikta hans. Dei som har meldt seg på er

Johs
Geir
Gunnar Kristian
Per Erling
Helge
Oddvar
Kirsti

Me treng fleire fleire kvinnfolk so skjerp dikka. Det er framleis plass i herberge hjå Geir, seier han. Men nemner atter at det pga plassomsyn ikkje vert høve til å take med seg ektemake / kjæreste/sambuar. Når me får betre oversyn om kven som kjem vil det verte gjeve meir info og utarbeidd eit nærare program for dagane hjå Geir og kva dei vil bli fylte med. Og sjølvsagt meir om reiserute og event transport. No har de jula på dykk for å finne ut og stadfeste at de vil vera ned på denne reisa i Hans Børli sitt rike. Trettande dag jul må de melde frå til meg om det!

Beste helsing

frau han Gunnar Kristian

Mvh Gunnar Kristian Halvorsen




Haakon har sendt meg dette fine kortet:


På baksida har han skrive ei fin jule- og nyttårshelsing til Ragnhild og meg, og han bed meg om å skriva til alle dykk russevenner at det er Linda som har laga denne fine svenske jultomten. Han er laga av ull frå topp til tå. Og så ønskjer han alle ei god jul og eit godt nytt år!

Så vil eg og ønskja dykk alle ei god og fredeleg julehelg! Ragnhild og eg reiser til eine sonen vår som bur i Bærum med sin familie. Der vert me til 4.dag jul, så fødseldagen min feirar eg vekke frå eigen heim i år, men det vert sikkert ein fin dag likevel, for det er alt bestemt at dagen skal feirast i lag med ein del slekt og vener.

Send gjerne nokre ord til meg, så legg eg det ut på nettet. Men eg må ha det innan 20. desember!


Frå Osvald har me fått dette innlegget:


Hei!
Eg ser det er tenkt samling første veka i juni neste ar, men det passar ikkje for meg. Me har alt booka ferie i Kroatia på den tida. Me kjem heim seint laurdag den 5. juni.
Eg vil samstundes takka for 55-årsjubileumet i sommar, det var utruleg kjekt å treffast, og at Eikum var valt til samlingsstad var ein innertiar.

Osvald



Frå dei tre musketerane Gunnar, Geir og Bille har eg motteke følgjande:

Gode klassekameratar!

Takk for sist!

Tre av Sogndalsrussn 60 er no i Valdresfjella. Vi er glad i Hans Børli og diktinga hans. Geir bur i skogen der Børli henta motiva sine. Kvart år vert Børlidagane skipa til den første helga i juni. I 2016 er dette 4. -5. Juni. Vi er komne til at vi skal samlast ein dag på førehand. Dette vert då fredag den 3. Juni. Alle som vil vera med på dette, må melda frå om det innan den 10. november. Grunnen til den korte fristen er den store pågangen etter billettar til Børlis Junikveldarrangement, som er i Kongsvingerområdet. Etter påmelding vil det verte gjeve nærare informasjon . Det er ikkje høve til å ta med seg ektefeller, nykjærestar ol. Påmelding til Geir Tjugum. Mobil 90533933 eller på E post: gtjugum@online.no Hjarteleg velkommen frå oss tre som alt er påmelde. Festen går uansett. Beste helsing Geir, Bille og Gunnar Kristian

Med vennlig hilsen

Gunnar Kristian Halvorsen

HALVORSEN UTVIKLING

Mobil +47 913 59 461





TREFFET PÅ HAFSLO 20. til 22. juli 2015

Frå Kirsti

Hei hele 1960-gjengen!

Jeg bor jo i nabokommunen til Arendal. Der skjer utrolig mye interessant om dagene! Artig å krysse Sam Eydes plass og se hele Dagsnytt Atten-gjengen ta pause foran sitt studio i turistinfolokalene.En dag var der bevæpnet politi over alt. Jeg håndhilste på en blid stortingspresident da han var innom Foreningen Nordens stand hvor jeg hadde vakt og pratet Norden med mange barn som ble interessert i flaggsamlingen vår og Pippi-plakat. Ingen ville at NRK skal dubbe Pippi. Hun og Emil skal snakke svensk. Har hørt et fantastisk foredrag av Gro. I går var det Terje Vigen og humørfylt symfoniorkester konsert! Skulle gjerne ha hatt dere med!!! I kveld kommer partilederdebatten, men får se om jeg orker å stå i kø Jeg skal Høre Nordisk ministerråd og Nordisk råd snakke om: -Lærer våre barn og ungdommer nok i den nordiske skolen?- Kom til Arendal neste år da vel, under uka!! Jeg kan huse en del folk og organisere for flere!! Et treffpunkt for noen som har lyst og anledning?

Håper å se dere igjen snart! Er i Oslo innimellom, og dere er så velkomne til Sørlandet. Takk for fine dager på Hafslo. Var mange jeg gjerne skulle ha snakket mere med. Det gikk fort!!

Beste hilsen Kirsti




Frå Haakon:

Hallo alle sammen

og hjertelig takk for et hyggelig og minnerikt samvær i dagene 20.-22.juli. Minnene fra disse dagene er mange og gode og jeg deler så absolutt det inntrykk Per Erling formidler om samholdet mellom oss. Det er flott og forteller også noe om et skole- og klassemiljø som vi var så heldige å få oppleve og å være en del av!

Valget av sted ( Eikum ) viste seg å bli MER enn vellykket vil jeg si , der maten var ypperlig og i en klasse for seg ! Selv hadde jeg en sterkere følelse av at jeg oppholdt meg i et gjestfritt hjem enn av å være på et hotell! Du har all ære av det du har vært med på å utvikle og å bygge ut Per Birger og du og Aud har lagt et flott og godt grunnlag for det som neste generasjon skal forvalte og føre videre !

Når det gjelder tidspunkt for neste treff, så slår det meg at om 5 år befinner mange av oss seg i andre halvdel av 70-årene, noen også vel så det! To år KAN være et alternativ, tre år er kanskje det optimale ??

Hvem kommer med utspillet??

Ha en fortsatt god sommer. I øyeblikket skinner solen fra en blå og skyfri himmel. For en time siden opplevde jeg torden og haglbyger!

Beste hilsen til dere alle fra Haakon




Så vil redaktøren få smetta inn nokre bilete frå treffet.











Det skortar ikkje på konsentrasjonen sjølv om alderen tek til å bli høg!







Frå Per Erling:

Kjære alle sammen,

Hjertelig takk til dere alle for en flott og hyggelig samling! Jeg gruet meg på forhånd fordi jeg regnet med at så mange følelser vil komme til overflaten, av mange grunner, og følelsekontroll er ikke min sterke side for tiden, slik jeg var litt inne på – det er ikke lett å se den grense under vann. Men i en parafrase over en langt mer betydningsfull person, og helt uten sammenligning forøvrig, kan jeg trygt si: jeg kom til mine egne, og de kjente meg (igjen). Det kjentes utrolig godt og møtes, de fleste av dere har jeg ikke sett på 45 år.

Du Bille sa da vi diskuterte Harastølen, at vi er en ressurssterk gruppe, og det kjente jeg virkelig under hele samlingen, og det gjør meg stolt over å tilhøre Sogndalsrussen 1960. Jeg er overbevist om at vi har tilført samfunnet mye mer enn vi har fått, og slik skal det være. Og så en ekstra takk til:

- deg Oddvar for at du er limet i vårt samvær; en oppgave som du utfører på en stillferdig og effektiv måte som jeg setter svært stor pris på, og for et flott program

- deg Haakon som er og blir den fødte cermonimester, og som lokket meg frempå med iherdige e-poster til noe jeg stillet meg tvilende til

- prikkene over de mange i-er; du Per Birger med familie, som satte rammen rundt vårt samvær, med lune omgivelser og svært god mat.

Til slutt sender jeg en hilsen til dere alle, med Van Morrison – These are the days, i håp om at sommeren ikke er over. Dere finner den på YouTube.....

Med de beste hilsener fra Per-Erling




Litt frå Gunnar:

Til dikka adle!

Takk for ei gild samkome på Eikum Hotell ! Kjekt å fau sjau dikka atte! Inni oss er me akkurat den same som før, trur no eg-.

Så vi må freiste på å halde på ungdomen i oss! Spesiell takk sjølvsagt til deg Oddvar som har stått for det heile! Godt å ha ein slik flink og tiltaksam kar som ein del av RUSS60!

Takk til deg Per som gav oss god info om tilhøva og korleis samfunnet var organisert i Hongkong då du budde der. Og ikkje minst det du sa siste kvelden vi var saman. Det er eg viss på rørde oss alle! Vi er med deg!

Historia i form av ein film om Sanatoriet oppe på Harastølen og bilete av deg Kirsti som ei lita kvikk jente der oppe på dette naturlege platået med flott utsyn over Lustrafjorden var svært interessant. Svært synd at ein ikkje har funne eit bruksområde for denne eigedommen, tykkjer eg.

Og til slutt, men ikkje minst for din flotte solosong Håkon, så og sei på direkten. Heilt likt deg! Flott!

Beste helsing frau han Gunnar Kristian

NB! Takk til deg Per Birger for eit flott opphald på hotellet ditt. Hels til personalet med takk for fin service og svært god mat!


Her er gode ord frå Anne Kathrine:

Kjære Oddvar og alle andre russevenner, takk for tiden sammen på treffet i Hafslo ! Bildene jeg tok med mobilen ble dessverre ikke noe å skryte av - men minnene fra disse dagene sammen med dere er gode og vil være hos meg lenge! Takk hver især, for gode samtaler, åpenhet og ettertenksomhet, latter og tårer ! Min opplevelse av Russen- 60 pr. i dag er at vi har et trygt fellesskap, sterkere enn dengang da, og at det gir mersmak å holde trefftradisjonen vår ved like, gjerne noe oftere... Ønsker alle fortsatt god sommer, hilsen anne-kathrine


Hei alle saman!

Takk for sist! Det var jammen kjekt å treffast, og det var imponerande godt frammøte. Måtte det berre bli like mange nest gong og!

Då nokre av oss møttest på Campus i Sogndal i dag, vart det ymta frampå om eit nytt treff før det har gått 5 nye år. Men dette framlegget får de tyggja litt på og koma med kommentarar! Send meg ein epost, og eg legg det ut på nettet om de ønskjer det.

Eg legg inn nokre bilete, og så vonar eg andre kan senda med bilete og, slik at eg kan få leggja dei ut!









Og her kjem nokre bilete som Magny og Odd har teke












Helsing frå Oddvar

OOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOOO
Gammalt stoff:

Hei Oddvar

Takk for mye info og for stort arbeid med russetreffet. Samtidig beklager jeg treg og sein tilbakemelding. Trist å høre om Svein. Han var en gilde gutt!

Dessverre får jeg det ikke å klaffe med samlingen denne gangen. Livet består av valg – også for en pensjonist. Jeg skulle gjerne si som Ole Brum. Men det går som kjent ikke. Noen familiebegivenheter må gå først.

Ellers har vi det bra. Helsa er ufortjent (?) god – havregraut, tran og gamalost! Aktiviteten på verkstedet og ellers, går i en nokså jevn dur.

De siste årene har det blitt noen bøker som har krevd mye arbeid. I fjor kom et større verk om kverner og møller på Jæren og i Dalane – der korn sildrar.

Krigen interesserer meg. Det har resultert i boka Generalen og hans divisjon – et 75 års minne. Dette i høve markeringer og jublieer denne våren. Divisjonen er den tyske 163. infanteridivisjon som var spydspissen i angrepet på Norge. Her har det vært mye graving i kildematerieale – og vedvarende ergrelser over at en ikke fulgte bedre med i tysktimene..... Divisjonen kjempet i Valdres der bl a en rekke sogninger falt. Den 30. april sto de første tyskerne fra divisjonen på den epletreblomstrende Lærdalsøyri og monterte kanonene pekende utover fjorden. Sluttkampene i Valdres ble ledet av oberst Xaver Adlhoch som etter dette ble sjef for de tyske styrkene i Sogn og Fjordane. Den omfavnsrike obersten måtte bo standsmessig og tok over selveste sornskrivergården på Leikanger!

Du finner mer på heimesida vår www.steinbutikken.no

Ønsker alt godt for samlingen – det går en del tanker vestover de dagene – og kveldene!

Beste hilsen

Helge


Nytt frå Inger Johanne:

Hei Oddvar, og takk for siste melding!

Det var veldig trist å høyre om Svein....men slik er det vel berre, vi er komne inn i ein fase i livet der vi må rekne med at flokken vår minkar etter kvart. Trist, men livets gang.

Eg skriv for å seie ifrå at det blir forandringar på mine sommarplanar, så eg kan ikkje være med på samlinga i juli desverre! Kanskje du har sett på facebook at mannen min hadde eit slag 9. Mars. Det var massivt, så han var på Intensivavdeling i 6 dagar. Men fordi han fekk det dei her kallar mirakelmedisinen TPA, som må gjevast innen 4 og 1/2 time etter slaget, så har han kome seg veldig raskt! Det er utruleg at for mindre enn 4 veker sidan var han totalt lamma på venstre sida, og idag går han utan stokk, set med iPaden sin, tek oppvasken, spelar Scrabble med meg..... Han går til terapi 2 gonger i veka, og dei er flinke! Dersom vi får det til slik at eg reiser til Norge i det heile tatt, så kuttar eg iallefall ned på tida, slik at eg reiser heimatt saman med datter og barnebarna mine, 14.juni(det som også var den opprinnelige planen vår) Så får berre håpe at Norwegian samarbeider når eg må skifte reisedato!

Det er muleg at eg blir i og rundt Sogndal frå cirka 8-12 juli, og då ville det være kjekt å treffast! Då ønsker eg deg og komiteen fortsatt lukke til med planlegginga!

Og ei veldig God Påske til alle sammen!



Beste helsing

Inger Johanne


Gammalt stoff:

Gode venner!

Først denne gongen:Ei trist melding: Under arbeidet med å få tak i alle i russegjengen vår fekk eg til slutt tak i kona til Svein Stokke, og ho kunne fortelja at Svein døydde i fjor, og det hadde skjedd brått. Eg vart sjokka med det same, for eg hugsar Svein som glad, sprek og sprudlande frå samlinga vår i 2010. Dette nemnde eg for kona til Svein, og ho sa då at Svein hadde likt seg veldig godt på nemnde samling, og ho meinte at Svein ville ha likt å vera med denne gongen og, om han hadde levd. Men denne gongen har me altså berre minnet om Svein! RIP!


Så til samlinga denne gongen: Me møtest på Eikum Hotell hjå Per Birger måndag 21. juli klokka 18 og tek sikte på to overnattingar der, altså avreise frå hotellet onsdag morgon.
Desse vert med:
Bakke, Werner
Blaauw, Haakon
Flikke, Signe
Per Erling
(Govin, Inger Johanne) Går ut
Halvorsen, Gunnar
Hovde, Anne Kathrine
Kjos-Wenjum, Per Birger
Kvam, Osvald
Lund-Johansen, Kirsti
Mundal, Arnold
Solbakken, Jørgen
Sørheim, Kari
Thue, Johs
Tjugum, Geir
Vestersjø, Magny
Walaker, Oddvar
Årdal, Øyvind
Årseth, Inge
Solbakken, Jørgen

Fimreite, Olav litt usikker, ventar på avklaring
Gurigard, Målfrid, litt usikker, ventar på avklaring
Haugen, Helge, er usikker, avklaring etter påske

Dette tykkjer eg er flott, sprekt gjort, god deltaking!
Det er sjølvsagt høve til å overnatta privat for dei som ønskjer det, men dei fleste har alt booka seg rom for to netter. Dei som vil ha rom på hotellet og ikkje har sagt frå om det, må senda ei melding til Per Birger eller til meg.

Forslag til program:
Måndag kveld:
Ein lett middag, og koseleg prat
Tysdag:
Frukost, utflukt til Jostedalen, Styggevassdammen og Jostedal kraftverk med omvisar. Lunsj i Jostedalen
Om kvelden festmiddag på Eikum med underhaldning
(Dersom det vert regn og ruskever, tek me heller ein tur til Astruptunet i Jølster denne dagen)
Onsdag:
Frukost på Eikum, omvising på "Nye" Campus i Sogndal. Heimreise.

Det er ønskjeleg med framlegg til underhaldningsinnslag, men eg reknar med at Haakon tenkjer så det knakar når det gjeld fest og moro!

Så vel møtt på Eikum til sommaren! Men hugs å tinga rom snarast om du ikkje alt har gjort det!

Oddvar






Gammalt stoff:

Johs B. kom for ei tid sidan med dette innlegget. Seier meg lei for at det ikkje vart lagt ut med ein gong!

Eg har ikkje vore flink til å svara eller skriva noko. Gildt å sjå all utveksling av idear/synspunkt. Var litt pusken i heile haust, ut og inn på sjukehus. Fotablad. Var fullt kampdyktig over anklane. 1.juledag sende dei meg til Førde sentralsjukehus for å svelgja slangar. Etter solid overtalingskunst fekk eg ein halv neve med valium og slangen gjekk ned på høgkant. Men dei fann ikkje årsaka til plagene mine. Etter at eg ikkje hadde sett over fjorden til Vangsnes på fire dagar i januar,ein skoddeflaum utan like, tinga eg sporenstriks billett til Tenerife. Var der til i går, seks veker. Starta dagen med raspa gulrot til frokost, som eg til vanleg ikkje har ete sidan barndomen. Fekk ikkje noko å eta etter klokka 1800. Dette førte til at eg stod i kø på hotellet før frokost-dørane opna klokka 0700. Og no i dag for eg opp bakkane her på Thue og drog nedblåste eikegreiner til tuns. Dei skal eg saga opp for hand og kløyva med øks. Elles skriv eg som eg har gjort før. Ei bok om 1814 i fjor,” Vårt 1814?” som handla om fråvær av fridom for fattigfolk, både før og no. I år skal eg gje ut ei bok om dagane 9.april til 8.mai her i Sogn ,“Fortrengt nederlag”. Mykje tid brukar eg saman med den funksjonshemma son min, Harald. Stadige konfliktar med ein armodsprega kommune, som er mest opptatt av å heimesnikra oppbevaringsboksar for svake grupper. Men det er godt å ha minst ein konflikt gåande med eit offentleg organ, slik til kvardags. Sjølvsagt kjem eg til Hafslo og tingar med dette rom for to netter.

Johs.B






Hei alle russekamerater fra 1960

og GODT NYTT ÅR til dere alle.

Du verden som tiden flyver avgårde. Snart er det gått 1 uke av 2015 og jeg har så vidt fått 2014 ut av kroppen! En julehøytid som værmessig sett ble innledet på beste måte med et par minusgrader og hvite marker, er blitt avløst en en mildværsfront og grønt miljø, bokstavlig talt. I dag ( den 6. januar) er det trettende dags jul, og det er RØD-DAG i Sverige. Ja, dere leste riktig! Dagligvarebutikkene er åpne som vanlig, men ellers er alt stengt. Under mine to år som bofast i Sverige har jeg så smått begynt å vende meg til noen rød-dager som svenskene holder på som gullet i Norges Bank. Trettende dag jul er èn av dem, midtsommerdagen i juni en annen. Nå har ikke svenskene røddag 2. påskedag,stakkars, den er flyttet ti l6. juni som er Sveriges nasjonaldag. Det er ikke så mange år siden det skjedde, og et langsiktig mål med denne flytting det var at svenskenes nasjonaldag etter hvert skulle likne litt på 17. mai.

Men, gode russevenner, jeg kan forsikre dere at DIT er det ennå et LAAANGT lerret å bleke.

Når det gjelder 55-års treffet bør vi jo ha det på det stedet som peker seg ut. Jeg har en følelse av at det går mot Sogndal. Når det gjelder tidspunktet i forhold til min deltakelse ville det passe best mellom uke 30 (fra mandag 30.juni) til og med uke 34 (søndag 23.august). I september er Linda og jeg på vårt tilholdssted ved den franske riviera. Blir det i september, må det være i tidsrommet fra den 24. og ut måneden dersom det skal bli aktuelt fra meg å delta.

Avslutter med følgende spørsmål: Skal vi ha det med eller uten partner denne gangen? Sist hadde vi det uten partner. Da var det jo også svært lenge siden forrige gang vi møttes. For meg, og også andre, var det første gang siden juni 1960. I løpet av de fem år som snart er gått siden 50-års treffet er det jo flere av oss som har truffet hverandre og partneren. Kanskje er 55-års treffet en god anledning til å utvikle og utvide kontaktnettet og bekjentskapet? Det kan ha sine pluss-sider.

Jeg spørger kun!!

Beste hilsen

Haakon

Hei igjen!

Da jeg leste hilsnen fra Inger Johannes, ble jeg klar over at mitt klarsyn vedr. kalenderen for 2015 ikke var helt på topp. Det tidspunkt som passer best for meg (oss) når det gjelder tilstedeværelse er: Fra og med uke 30 (mandag 20.juli) Til og med uke 34 (søndag 23.august).

Beste hilsen Haakon


Magny og Haakon har skrive ei julehelsing som de finn nedanfor. Per Erling og Geir har sendt helsingane sine som epost direkte til kvar einskild, så dei legg eg ikkje inn her. Sjølv har eg skrive nokre ord lenger nede.


Gode russevener!

Godt nytt år!
Skulle nok vore julehelsing og, men tida flaug frå meg.
Me er no tilbake i Albir, Spania, etter ei veke i Marrakech i Marokko. Jula vart tilbringa der saman med yngste sonen som elles bur i Toulouse i Frankrike. I ein Riad i Medinaen hadde me jul. Framkomstmiddel siste 10 min. til Riaden, var esel, handkjerre eller beina. Me brukte beina.
Der var ikkje noko form for stor julestemning, men fredeleg og godt. Ei opplevelserik veke vart det, - men ein kulturkollisjon når det gjeld jul og mykje anna. Me har vore der før, så det var ikkje noko sjokk. Godt hadde me det med mat og stell sjølv om det var langt frå den norske jula. Men den hadde me god føling med i det norske miljøet her i Albir før me reiste, - fleire ribbemåltid hadde me hatt.
Nyttårsafta hadde me pinnekjøt frå Oppdal saman med vener her hos oss. Så då kan me vel seia at me har fått med oss det meste av norsk mat-tradisjon.

Me skal vera her i Spania til 27. mars, så påske blir norsk dette året. Ser i Sogn Avis at det er rikeleg med snø i Sogndal, men også storm og uver. Så me har det godt her og slepp å tenkja på fjellovergangar m.m. og kan vera mykje ute.

Det var svært kjekt å ha besøk av Haakon og Linda i sommar, og så håpar eg at fleire av oss kan møtast til sommaren.
Flott at du Oddvar står på. Takk for det. Treng du nokon å samråda deg med, så er eg truleg i bygda utover våren. Høyrest ut til at det er mest stemming for å møtast i Sogn, så eg håpar det ordnar seg.

Helsing Magny.
PS. Legg ved eit bilete frå takterrassen i Marrakech. d.s.






Gode russevenner!

Har nettopp hygget meg med å lese "årsrapporten" fra Geir . Mye interessant å lese der, ikke minst når det gjelder politisk kurs-skifte! Gratulerer med det, Geir! Når jeg blikker ut, er det som å få visualisert de kjente setningene fra Jacobs Sande :"Det lyser i stille grender av skimrande ljos i kveld".

Det er minus 15 , klar himmel med stjerner, det funkler i snøkrystaller som dekker plen og mark og tente adventsstaker i omkringliggende hus formidler en stemning av høytid og fred. Det er noe eget, nesten magisk med adventstiden og dagene opp mot selve julen. Inne er begge våre peiser tente, Linda gjør sine siste forberedelser til julaftensmåltidet som etter svensk tradisjon er smørgåsbord. Da vanker det sild (naturligvis!!) i flere fasonger og utgaver, kokt juleskinke som har fått sin touch av grilling i stekeovnen, Jansons Frestelse ( en herlig rett bestående av lagvis ansjos/poteter og løk) kjøttboller (naturligvis) og prinskorv ( spesielle små pølser som i størrelse kan minne om sosisser) og oster. Dertil øl og dram. For at årets julaftens måltid skal være fullkomment svensk i smak og form, har jeg kjøpt hjem den svenske Skåne-akevitten. Den er god, men den slår naturligvis ikke Løitens eller Lysholms Linie! Første juledag er jeg mester for julens Lutefisk-måltid og andre juledag dukker det opp gjester fra Lindas familie. Og til hjelp for å fordøye julens matutskeielser kan jeg nok trøste meg med at kroppens fysikk får seg et par oppfordringer hva gjelder fot-turer og omgang med snøskuff!

Blikker jeg tilbake på årets gang, kan jeg ganske enkelt slå fast at det har vært et godt og trygt år med mange gode opplevelser og minner. Ikke minst fra dagene i Sogndal i slutten av august. Jeg har stor glede av å være med i en aktiv seniorgruppe innen Svensk Pensjonistforbund som bl.a. arrangerer besøk i bedrifter og forskjellige institusjoner for å bli oppdatert på hva de driver med. Mitt medlemskap i Rotary har jeg tatt med fram Trondheim, og nå er jeg også kommer inn i styret i Rotaryklubben i Ludvika.

Blikker jeg fremover, så håper jeg virkelig vi kan få til et "55-års treff" utpå høsten. Det må helst IKKE bli i perioden 1.september og ut uke 38, for da er jeg i Frankrike!! Til dere alle: Ha en riktig god jul og et godt nyttår og vel møtt til 55-års treffet!!!

Beste hilsner fra

Haakon


Hallo frå Kaupanger!
Her går det som vanleg ganske bra. Helsa held bra, og eg kan arbeida med fysisk arbeid og trena som eg vil, og det er eg glad for. Det er ikkje alle 75-åringar som kan springa rundt i skog og fjell og jakta hjort.
Tankane mine går ofte til Per Erling som har mist si kjære kone. Eg er lukkeleg over å ha hatt mi kjære Ragnhild i 50 år, og ho framleis god som ny!!

Eg har hagen i Solvorn, og der dyrkar me eple, pærer, kirsebær, moreller, bringebær og litt til. Båten min har eg også i Solvorn, pluss to kajakkar i naustet. Mykje av sommaren vert såleis staden vår SOLvorn, - og sist sommar har det verkeleg vore mykje sol.
No er det 10 minusgrader og fint vinterver, og me kosar oss med slekt og venner. Me har to av ungane våre med familiar her i Kaupanger, og dei har me sjøvsagt besøk av. I går, til dømes, var me 16 til bords til julelunsj her hjå oss. Koseleg! Til middag var me hjå Øystein, og til kaffi og pakkeopning i går kveld var me hjå Ingrid.
Mellomsten vår er på Cuba med familien sin i jula. Dei er i eit bryllup der.
Om to dagar feirar eg 75-årsdagen min her i heimen vår med slekt og venner. Og det skal bli kjekt!

Så ønskjer eg alle ei god jul og eit godt nytt år!

Mange gode julehelsingar frå
Oddvar



Tangtroll observert i Lustrafjorden



Sidan sist har det kome inn nokre svar frå russevenner av 1960. Haakon har vore flittig med tastaturet, og elles har eg høyrt frå Anne Kathrine, Inger Johanne, Magny, Gunnar, Inge Olav, Kirsti, Osvald og Øyvind. Sistnemnde ringde meg, og me hadde ein koseleg samtale.

Går det mot treff i Sogndal, - eller???????

Komite: Haakon har meldt seg, og det er flott. Andre som vil vera med?? Eg står og til disposisjon. Og eit par damer bør vel melda seg!!

Helsing Oddvar

Her er noko av det skriftlege som har kome inn:


Hei alle saman!

Kjekt å høyra gjete dykk.
Eg er enig i at det kunne vera fint med eit treff til sommaren ein gong, - helst tidleg eller seint. Godt at nokon jobbar med saka. Håpar ei jente melder seg for å støtte Oddvar og Håkon i komiteen. Eg tykkjer det er viktig å finna tid og stad som høver for dei fleste,- gjerne få melding i god tid så me kan få det på planen. Kanskje unngå alle høgtider i mai då det ofte er tid for familietreff for mange på den tida. For meg passar det meste, aust eller vest. Me bur stort sett i Sogndal i sommarhalvåret, men noko reising til familie og hytta på Filefjell blir det. No er snart Odd klar for ein tur til Island og eg til Luster. 27. sept set me kursen mot Albir (Costa Blanca) i Spania som me har gjort kvart år etter at me vart pensjonerte. Kor lenge me blir, ser me etter kvart. Men ca. 1. april reknar me å dra nordover att. Kanskje ein tur til Oslo i mellomtida. Me trivst med denne "vandringa" vår då me ikkje har familie i Sogndal, men legg inn besøk undervegs. Etter denne flotte sommaren er det nok litt rart å dra sørover, men hausten kjem vel dette året og. Då er det lettare å vera i aktivitet i Spania.

Helsing Magny.

Osvald:

Du er god, Oddvar, som skaper kontakt mellom oss på heimesida di. Russetreff til sommaren høyrdest kjekt ut, og gjerne i Sogndal, men er open for alt. Det skal bli kjekt å treffast att. I slutten av sist november, på trening, hadde eg ein hjerneblødning. Det var språksenteret som i hovudsak var råka. Eg søkte ikkje hjelp frå lege før dagen etter, og då bar det rett på sjukehus. Det var rart å ikkje finna ord for å uttrykkja seg, og å lesa og å skriva var mest uråd. Til all lukke har det betra seg, men eg har framleis litt vanskar med å finna fram på tastaturet. Eg har ikkje noko mein fysisk. I slutten av mai var me 14 dagar i Kroatia, og me skal til Tenerife på ein 14 dagars tur i oktober. Det er på ein måte ein erstatning for den turen me måtte avlysa i til Gran Canaria i desember i fjor. Me plar ha ein fast tur til Gran Canaria i desember, så også i år, og turen til Kroatia i mai. Me har hatt ein fantastisk fin sommar i år, og han ser ikkje ut til å sleppa taket. Sommarleg også i september.
Sommarhelsing frå
Osvald.
Kirsti:

Hei Oddvar!

Så kjekt at det kan bli et nytt treff med gamle venner! Jeg tenker som Gunnar: Det hadde vært fint med Sogndal. Satser på en tur til Orkenøyene til sommeren med Foreningen Norden (i begynnelsen av august) og da går en god del av mitt reisebudsjett!! Ellers er jeg alltid klar for en Oslotur hvis det er enklere. Har en liten Vilde der som jeg gjerne besøker. Det kan ikke bli ofte nok!
Jeg sitter akkurat og plotter inn diverse på kalenderen. Nok å ta fatt på selv om en er pensjonist, ja. Mange spennende konstellasjoner med frivillig arbeid. Godt å kunne klare seg sjøl! Hvis noen er I Kristiansand-Grimstad-Arendalsområdet, må dere ta kontakt!
Kirsti
Inger Johanne:

Hei alle saman!

Takk for fin helsing,Oddvar,den kom mens eg driv og pakker kofferten, vi reiser på ein tur til Italia imorgen....så alt står berre bra til her?? Det ser ut som det blir samling av vår familie i Norge neste sommar, og det mest sannsynlige er at vårt treff blir i slutten av juni, eller i juli. Så no blir det spennande å sjå om eg får med meg to treff isteden for eitt!

Hei igjen,

Svaret mitt for av garde før eg var ferdig....skulle akkurat ønske alle ein fin haust,men så gjer eg det no:) Ha det godt alle, og håper vi treffast neste sommar!

Inger Johanne
Haakon:

Hei igjen! I den "føler" du la ut, la du også ut et åpent spørsmål om "komitè". Om jeg kan bidra med noe i denne sammenheng, stiller jeg gjerne opp. Med e-post og internet er avstand og bosted ikke lenger noe hinder!


KJÆRE ODDVAR!

Aller først vil jeg minne deg på at jeg forlengst har tatt tilbake pikenavnet mitt, som er Hovde, og e-postadressen som er : anne-kath.hovde@outlook.com ! Takk for e-mail. og stoff på hjemmesida, alltid trivelig lesnad og fine bilder! Så flott at det har kommet tanker og ideer om nytt treff igjen! Jeg gleder meg allerede til å se dere alle igjen, og håper inderlig at det blir noe av!!! Alle forslag er etter min mening interessante. Hallingdal er et morsomt innspill, selvsagt! I så fall tror jeg at litt utpå høstsiden er best, og da Geilo eller Storefjell , på Gol. For de som ikke kjenner til Storefjell, så må jeg si at dette hotellet 1000 m over hverdagen er fantastisk på absolutt alle måter. Nå har jeg vært pensjonist siden medio 2013, og synes fortsatt at det er en blandet fornøyelse. Som singel, uten familiære forpliktelser (eller fornøyelser !) oppleves det å være "ny" pensjonist nærmest som å være 18 år og usikker på hvor veien går videre....Men siden i vår har jeg vært så heldig å være medhjelper for en historiker her på Vikersund, med innhenting av data ( snakke med aktuelle folk, etc) i f.m bokverket Norsk gardshistorie, denne gang fra Vestfold fylke. Og noe reising har det selvsagt blitt, i inn - og utland. Bl.a. besøkte jeg Magny i Spania sist januar, og Målfrid nå i sommer, så en viss kontakt med russevenner har jeg jo fått til. I høst skal jeg til Tenerife på 14 dagers bridgekurs, så kanskje blir jeg bridgespiller med tiden, som så mange i min situasjon. Helsa er Gudskjelov god, meg vantar inkjest! Lykke til, Oddvar, med å samle trådene fram mot nytt russetreff neste år! - og OBS mailadressen min!

Hilsen anne-kathrine


Hei!

Inge blir med, same kor det blir. Gjerne her nede ved Svartehavet, hit vi kom sist helg for å vera i 3,5 veker.

I sommar stogga eg over på Kroken gard på veg til Røros og mintes turen vår rundt Lustrafjorden. Der bur vi for halve prisen av andre liknande stader. Elles feira vi 80-års dagen til eldste bror min (Sverre) som har budd i Cambridge i 55 år. I desse dagar kjem han ut med "ekspedisjonsboka" si på amazon.com. Går du inn der kan du lesa dei første sidene hvis du søkjer på Sverre Aarseth. "Eventyra til ein uvøren amatør" (oversett frå engelsk) tek deg med på 35 turar til fjelltoppar på alle sju kontinenta.Godt gjort sidan han måtte amputera alle tærne på ein av dei første turane....

Inge


Gunnar:

Takk for mykje interessant info på heimesida vår Oddvar!

Fint med eit treff til sumaren, tykkjer eg. Det er det same for meg kor vi møtest, men held vel ein liten knapp på Sogndal. Er på hytta mi no. I morgon tek eg ein tur til Sogn. Bur på Amla hjå svogeren min, Lars Asle. Deretter fer eg til Torvund og vitjar skyldfolka mine der. Høver det seg slik stikk eg innom Bille i Balestrand. Attende til Amla og enda nokre dagar der. Kanskje vi kunne slå av ein prat ved høve Oddvar-? Den 8. September ber det attende til Oslo. Dagen etter skal eg "spela kort" saman med gode vener! Ellers har eg reist ein del dette året. Før Putin vende vrangsida til var eg såleis ein tur til Volgograd(Tidligare Stalingrad). Russareane veit å hedra sine heltar! Svært imponerande. Deretter var eg ein tur til Wien saman med ein del av venene mine i Dovrehallforum. Det heile vart avslutta med ein tur til Budapest saman med ein kompis. No er hausten her, så hytta mi mellom Syndin og Vaset i Vestre Slidre kommune vert ofte vitja. Tek gjerne i mot vitjing i fall nokon fer den vegen, altså Europavegen frå Fagernes til Lærdal.

Atter stor takk Oddvar!

Beste helsing Gunnar Kristian

Mobil +47 913 59 461

E-brev: gkh@halvorsenutvikling.no




> Gode venner! >

> Som dere har sett, har Linda og jeg hatt et flott Sogndals-opphold der været også viste seg fra en meget god side. Fra vårt tilholdssted i Sverige kjørte vi E 16 mot Oslo og videre til Hønefoss. Derfra over Sokna og Hallingdalen og over Hardangervidda til Ulvik i Hardanger. En virkelig Vestlandsperle!! Så til Voss og over Vikafjellet og til Sogndal. Retur over Filefjell, Valdres til Gjøvik, Hamar og så tilbake til Grangärde. > Hadde nemlig lovet Linda at vi en gang skulle kjøre over Hardangervidda ( som mange av våre svenske bekjente snakker om) og kombinere det med en Sogne-tur. Som sagt, så gjort! Det ble en tur rik på gode opplevelser og mange minner, ikke minst fra Solvorn og Sogndal. > > Det er hyggelig å merke at det er en positiv innstilling for et mulig 5-årstreff.( Det vil si: 15 års treff!) Oddvar har jo lagt ut en "føler" når det gjelder stedsvalg. Personlig tror jeg logistikken blir enklest om vi holder oss til hjemlandet Norge. Vi er jo litt spredt, noen bor i Sogn, andre omkring Bergen og Oslo og Østlandet og èn av oss er altså blitt landsforæder og har flyttet over Kjølen !! Det kan derfor være fornuftig at vi velger et sted som er greit tilgjengelig for oss. > > Med dette som bakgrunn vil jeg foreslå området ved Noresund , ved Krøderens bredd og langs riksveg 7.Tar du Bergensbanen er Sokna nærmeste stasjon. Med bil er det ca. 35 mil fra Bergen, 22 mil fra Sogndal og 14-15 mil fra Oslo. Fra mitt hjemsted og dit er ca. 450 km når jeg kjører den raskeste vegen. Der ligger et veldig koselig hotell som heter Sole (overnattet der selv), egentlig en gammel doktergård (NB: det var IKKE derfor vi stoppet der ) som er bygget ut med meget bra værelser, fine oppholdsrom og møte/grupperom som ligger i en nyere avdeling. Hotellet er omgitt av en parklignende hage ned mot Krøderen og litt i bakkant kneiser stolt "Den gamle Mester", Norges mest berømte eik! Det finnes flere aktivitetsmuligheter der, bl.a. et besøk i Villa Fredheim ( kjent fra en norsk TV-serie /familieserie som jeg ikke husker navnet på ), Norges største og best bevarte hus i sveitserstil som i dag også har et eventyrmuseum knyttet til Asbjørnsen og Moe. Jørgen Moe var jo prest i soknet i sin tid. Det er også mulig å ta en båt-tur på Krøderen med "Kryllingen". Fin bilveg (bomveg ) til Norefjellsplatået, der disiplinene storslalåm og utfor ble avviklet da Oslo var vertsby for vinter-OL i 1952. (Stein Eriksen sørget for øvrig for norsk gull i storslalåm!) > > Vel, dette var et innspill. Som den demokrat jeg er ( ! ! ! ) innretter jeg meg etter flertallet!! > Uansett hvor det blir, DET SKAL BLI GILDT Å MØTES!! Vi blir jo ikke yngre med årene!!! >

> Beste hilsen

> Haakon




Haakon og Linda i Sogn:

Dei var med på tur til Solvorn og me var inne i galleriet på hotellet.

Etter ein tur gjennom Solvornstrondi tok me ein titt på sorenskrivargarden, Kristiannelyst, oppkalla etter Kristianne, kona til den første sorenskrivaren i Solvorn, Lars Johannes Irgens, som også var Eidsvollmann i 1814.




Etter Solvornturen var Linda og Haakon med til Kaupanger på ein kopp kaffi, og då vart neste "russetreff" diskutert. Sist me var samla, snakka me om eit nytt treff om 5 år, og neste sommar er det 5 år. Så då er spørsmålet: Kvar skal me ha treffet???? I Sogndal, i Oslo, i Bergen, eller midt i mellom, t.d. i Hallingdal? Det er og mogeleg å ta ei haustsamling i Spania på ei veke med ektefeller, og der me lagar ein festkveld med berre oss sjølve.

No har eg stilt spørsmålet, så no er det opp til dykk alle å koma med kommentarar/nye forslag. Festnemnd kan me koma attende til.
Kan elles fortelja at me har hatt ein strålande fin sommar med fin badetemperatur i fjorden, så badebuksa har vore flittig i bruk. Ragnhild og eg har elles vore ei veke på Kypros med barn og barnebarn, og 3 dagar i Barcelona med venner. Me nyt pensjonisttilveret!

Mange helsingar frå Oddvar
Mobil 90659233
Epost oddvar@walaker.net



Hallo gode russevener!

Før jul kom det eit julebrev frå Haakon som eg la ut på denne heimesida, og så sende eg ut mail til alle som eg har mailadresse til og oppmoda om innsending av julebrev. Det kom nokre fåe som du ser nedanfor. Eg hadde vel vona på nokre fleire, men det er vel travle tider for pensjonistane i juletida! Men det er ikkje for seint med ein liten epistel etter jul heller, så berre set i gang og skriv!
Eg for min del har det stort sett bra. Eg går rett nok og strir med etterverknader etter ein borreliainfeksjon eg pådrog meg tidleg i haust (flåttbit i skogen ved hjortejakt), men eg merkar det berre når eg er fysisk inaktiv ved at eg vert stupande trøytt og får trang til å sova. Når eg er i fysisk aktivitet merkar eg ingen ting og kan arbeida eller trimma så sveitten siler. Merkeleg! I føgje ekspertisen kan slike borreliaplager vara i månader og kanskje år.
No i juletida har me hatt alle våre rundt oss. På det meste var me atten personar rundt bordet. I dag feirar eg 73-årsdagen min. Har hatt alle barn/svigerbarn og barnebarn her til lunch, og har vore gjennom tilhøyrande rebusløype rundt om i huset for å finna gåvene. Stor moro for dei minste, - og for farfar/morfar! Minste barnebarnet er 4 og den eldste er 20. I kveld ventar eg nokre vener innom for å feira litt med dei og, litt vaksenfeiring! Kona mi, Ragnhild feira 70 i haust, så no er ho vaksen, ho og! Har du lyst til å sjå bilete frå den feiringa, så finn du dei her: Ragnhild bilete

No må eg til å jobba litt med førebuingane til i kveld. Ha ei god jul vidare, og lukke til med alt ditt i det nye året!

Oddvar


Kjære Russevenner!


Godt nyttaur til dykk alle!
Brith (kjæringi) og eg drog nyttaursaftau til Thailand. Me skal kosa oss i varmen og bada på ei øy Koh Chang til 22.januar . Då kjem me heim att. Da gaur berre fint med oss. Som eg sikkert nemnde i fjor hadde eg ein hjarteoperasjon like før jul. «Bypass» tre aura og det hat gautt svært bra .Sprekare enn før og eg var ein liten tur oppe på Jostedalsbren(Flatbreen so me seier i Fjærland) i juli då me fire syskjeni med ektefeller barn og barnebarn som tradisjon siste helga i juli eller første i august, møtes på garden, heimen i Fjærland. Kva ellers har eg gjort i året? Jau eg driv no skogen min og er tillitsmann i skogeierandelslaget Glommen Skog for skogeigarer i Kongsvinger. Det er for øvrig landets største skogbrukskommune. I min skog har eg i år avirka ca 2500 m3 tømmer uten at eg har hogge ei flis sjøl. Det settes bort til skogsentreprenørar. Eg gaur for det meste tur i skogen og administrerar. Vidare plukkar eg litt bær molter, tyttebær og blåbær. Haustens høgdepunkt er elgjakta med fam sønn, svigerdatter, svigersønn, barnebarn og mann til søster datter. Laget har åtte elgar og av dei skaut eg to. Eg har to flinke elghundar som eg ofte ventar spent på om dei kjem att då det byrja å bli mykje ulv i traktene. I jakta i fjor såg me den to ganger.
Son min og eg var ein rask tur i Fjærland på hjortejakt også, men det var så uklart at vi ikkje fekk skote nokon.
Ca 3 månader kvar summar har eg eit polsk ektepar som jobbar i skogen ,rydder, planter og ungskogpleier.
Vidare sysla eg med politikk og er i formannskapet og kommunestyret for FrP i Kongsvinger så det blir ein god del møter. I slutten av januar ble eg valgt til leder i Hedmark FrP for ein to års periode. Det har eg oppdaga at eg ikkje var heilt klar over kva eg tok på meg, men eg får prøva å stå perioden ut. Det er klart det har vore interesant for ein sit jo då i FrP-landsstyre og får treffa desse kjendisane ein ser på TV og det har vore artig,men klart dette vert ikkje meir.
Påsken var me som vanleg ca. 3 veker i leiligheita vår i Spania like utanfor Marbella ca. 8mil frau Gibraltar og møter sumaren der.
I august var Brith og eg i to dagars bryllaup i Polen. Det var ei artig og fin feiring som absolutt kan anbefalast. No kjem eg ikkje pau meir i farten so de faur ha det bra!

Geir

Nyttårshelsing frå han Gunnar:


" Først vil eg ynskje dykk alle saman eit godt nytt år! Året har fare fort, som elv mot os, som mor mi ofte sa!

Vi feira jul på hytta som ligg mellom Syndin og Vaset i Vakdres. Femtedag jul heldt me julaftan på etterskot hjå Ida dotter vår. Var 17 til bords. Pinnekjøt frå Voss, øl frå Hansa og ein Opplandske Gammel eller to--. Og så alle pakkane då! Det svimlar mest for meg! Kva skal alt dette vera godt for-? Her bør det ein snunad til, ellers går det dit høna sparkar! "Men vi koser oss alikevel", som det står i visa!
Ellers av nyhende som eg kan nemne, er det ikkje så mykje å fortelje som kan ha interesse for dykk anna enn at han svigerfar Svein Vold døydde nær 101 år gamal. Han var sjef på Sogn Folkemuseum i ein mannsalder og vel så det. Eg saknar han av mange grunnar-. Helste på Johs B Thue i gravferda.
Seinare vitja eg Johs. i Balestrand og me drøsa då også litt om den gilde tida me hadde saman med alle dykk andre klassekamerarane i hine hårde dager i Sogndal. Om Mora kniven hans Geir, fiske i Dalavatne osv, han "Eilert", Lerum Saft og Vin og Konfeksjon med Geithusen som eit frisk pust inn i forretningslivet i Sogndal og så alle lærarane våre då--. Mimring må til i slike høve og det gjer godt å friske oppatt gamle minne saman. Så Johs. takk for ein gjevande dag i Holmen!
På veg til Torvund for å vitje morfolket mitt fann eg fram til der du, Per (Frivik), har hytta di. For ein fin plass og for ei alle tiders syster du har som eg kom i god prat med. Vonar at alt står bra til med deg og familien din og at eg neste gong eg fer forbi Kyrkjebøstranda har slumpelukka med meg.
Snakka med syskenbarnet(trur det var det) ditt, Kirsti, på Ytre Langora i Oslofjorden. Meiner ho er gift med Geelmeyden (og Kise) Svigerfar til dotter vår Ida har hytte der. Dei er naboar!
Ellers har eg kvitta meg med "vonten" i ryggen og bekkenet, og bekkenbeinet som eg braut sund, har vorte nest nett som før, "-trur eg-". Kari Bjørg slit med Myelomatosen sin, ein blodkreftsjukdom. Men det går etter måten bra!
Eg har berre eit lite mål, men absolutt stort nok for det nye året, og det er at eg vil freista å nøyte tida enda betre enn i det året som fare er!

Beste helsing frau han Gunnar Kristian


Kjære Oddvar og alle russevenner!


(Sorry at jeg ikke fikk gjennom den morsomme julegimmiken, Oddvar, så sender hermed et mer nøkternt julebrev, litt på overtd ! Så kan du legge det ut på fellesen hvis det passer.... ) Håper alle 60-russ har feiret en god jul og ser fram til 2013 med forventninger! Selv er jeg nybakt pensjonist nå, siste jobbdag var 20.12, og har som forventning til framtiden at jeg skal takle "lediggangen". Jeg regner med at det er flere av dere som har hatt samme tanker ved jobbslutt....?!
Min hverdag har jo i hovedsak bestått av jobben, så det er ennå ikke så mye av interesse for andre å berette om. Annet enn at jeg har flyttet fra Oslo igjen, tilbake til Vikersund. Har solgt huset og bor i leilighet, og trenger ikke en gang å måke snø... Jeg ser at flere av dere er utenlandspendlere, og trives med det. Jeg selv er ikke helt klar for en slik løsning nå..... men man vet jo ikke..
I morgen setter jeg meg i bilen for å dra til fjells, for å bo på ei fjellstugu i Hallingdal, 1030 moh, til over nyttår. Skiene er med, og nye støvler. Nå gleder jeg meg til skiturer, peiskos, gløgg og ferdige måltider. Også det gode liv ! På veien til fjells kommer jeg til å passere Ål sentrum, og har planer om å stikke innom Målfrid. Dette var en kort stemningsrapport fra meg. Sender dere alle mine beste ønsker for året som kommer, og håper vi ses igjen i 2015, som planlagt !

Hilsen Anne-Kathrine




Hallo Russevenner.

Ei lita helsing frå Palmeland i desse førjulstider. Ja, vi skal vera her i Spania denne jula, - ikkje får vi besøk heller. Vi har prøvd det før, og det har gått fint. Gutane er opptekne på andre kantar dette året, og då har vi det betre her enn i Sogndal. Ikkje sklir vi på holka, og sola ser vi stort sett dagleg.
Vi har hatt ein fin haust, men noko skiftande ver må vi finna oss i på denne årstida. Men vi tykkjer det er godt å kunna gå ut i vår felles hage og jobba når det passar oss, søkja fellesskap m.a. i klubb og sjømannskyrkje ved behov og elles leva omlag som i Noreg i vårt rekkehus. Mykje av den norske befolkningen er nok reist nordover no. Dei fleste kjem sørover i januar (ofte med forkjøling o.l.). Andre pensjonistar er her anten haust eller vår.
Vi kom dette året 24.sept. og reknar med å vera her til over påske. Får familiebesøk til påske og truleg i januar. Spaniakrisa som vi høyrer om på norsk-TV, merkar vi lite til i vårt område. Men tidene er nok vanskelegare i andre delar av landet. Her er det truleg vi "turistane" som er med og gjer livet noko lettare for mange spanjolar. Dei tek godt vare på oss, og vi håpar vi er til nytte for distriktet.
Vi får eit veldig godt utval av rimelege og gode grønsaker og frukt på markeda, men kålrot til jul er importert frå Noreg. Den spanske veks for fort og er nokså smaklaus. Pinnekjøtet kjem frå New Zeeland dette året, laga av ein nordmann der og importert av ein norsk butikk (det norske var for dyrt å importera, sa dei). Men vi får tru at det blir litt julelukt i huset likevel, - har i alle fall invitert nokre einslege vener til middag på julafta. Og så har vi ekte vossakorv! Og sjølvplukka molter frå Filefjell.
Sogn Avis har vi å nettet og kan lesa nyhende frå Sogn før frukost. Ser ut for at vi kjem heim til ein byggeplass rundt oss i Hovsmarki. Storsenteret er visstnok ferdig, men no er det vegen bak Kulturhuset mot Hovsmarki som skal utvidast, så delar av våren/sommaren kan nok vera noko uframkommeleg for oss. Men vi får sjå på dette som ein overgang til noko betre.
Tykkjer etter kvart det må vera nok butikkar i Sogndal. Den bygda vi rusla rundt i då vi var unge, er det lite att av. Men vi har vel berre å følgja med.....
Det var svært kjekt å ha besøk av Håkon og Kari i sommar, så berre kom att! Det gjeld sjølvsagt også dykk andre som er på utflukt (kan vel ikkje kalla det ferie?). Sambygdingar frå Russetida er alltid fint å møta i Fjøra.
Ynskjer dykk alle god jul og godt nytt år. (Prøver å senda eit bilete)



Helsing Magny



Hallo gode skolevenner !

Har nettopp over nettradioen hørt håndballjentene valse over sine ungarske motstandere under semifinalen i håndball-VM. Svensk TV sendte ikke denne, mens finalen sendes på TV 4, så det hjelper jo litt. Det er lenge siden jeg har befunnet meg i en slik ramme av julestemning som tilfellet er i år. "Snøen daler ned" som det heter i en av de nye julsangene og gir en stemningsfull ytre ramme til advent-og førjulstiden. I dag har jeg to ganger vært ute og måket snø! Det er over 20 år siden jeg gjorde det. Heldigvis har jeg det slik at jeg ( i alle fall foreløpig ) kan ta det som en form for god mosjon! Vedlegger et foto av vårt nye tilholdssted i Grangärde, et tettsted ca. 20 km nordvest for byen Ludvika i den sørlige delen av Dalarna i Sverige. Fotoet er tatt 1. søndag i advent og som skiltet viser har Linda innrettet et tovningstaljè her. I underetasjen er et tidligere hobbyrom på 32 kvm blitt fullisolert og innredet med panel i tak og vegger og et såkallt "klick-golv" i lys furu. Riktig fint er det blitt! Min svenske bedre halvdel har ulltovning som en stor hobby og har høstet mange lovord for den både på marknader og utstillinger. Til vinteren skal hun også ha kurs her i regi av det som i Sverige tilsvarer AOF i Norge.

Det var i mai vi flyttet fra Trondheim og hit- og her trives vi veldig godt. Linda bodde i nærheten her innen vi kom sammen og hun flyttet til Trondheim, så hun har både familie, venner og tidligere arbeidskamerater her. Selv har jeg flyttet mitt Rotary-medlemskap fra Trondheim og hit og også meldt meg inn i en lokalavdeling av Sveriges Pensjonistforbund. Der er jeg bl.a. med i en studiesirkel (!!) - man blir jo aldri for gammel til å motta nye impulser og ny lærdom. I denne studiesirkelen reiser vi bl.a. rundt til bedrifter, kulturinstitusjoner og deler av forvaltningen for å se og å høre. Veldig o.k., ikke minst for meg som er ny på disse traktene! At jeg fra mitt nye bosted har fått over 200 km kortere veg til barn og barnebarn i Tønsberg, har også vært en stor plussverdi. Skal man trekke frem et lite minus, må det være at vi i Trondheim hadde mye,mye kortere veg til f.eks. internasjonal flyplass enn her. Der ( i Trondheim altså) kunne vi bare sette oss på flybussen og etter en drøy halvtime var man på Værnes!

Blant de triveligste minner fra 2012, er augustdagene i Sogndal og hyggelig samvær med Magny,Kari Margrethe,Oddvar og Per Birger og frokost-stoppet på Eikum. Et besøk i Sogn og Sogndal hører til årets faste innslag. Linda og jeg har forøvrig snakket litt om å oppholde oss der noen uker, kanskje leie en leilighet eller fritidshus. Kom gjerne med innspill! Håper det står bra til med dere alle sammen. Det hadde vært mer enn hyggelig å få besøk her. Vi har god plass og tar gjerne i mot. Send i så fall en e-post, eller en s m s . Har beholdt min norske mobil ( 907 51 495 ). Adressen hit er:

Gamla Vägen 66 S-770 13 Grangärde SVERIGE.



God jul og godt nytt år til dere alle!

Beste hilsen Haakon








Hei! Her kjem bilete frå minitreffet i Sogndal 6. og 7. august 2012:


Måndag kveld var me samla på restauranten Pergola på Sogndal Hotell til eit godt måltid: Kari, Magny, Haakon, Per Birger og Oddvar. Tysdag midt på dagen var Haakon og underteikna heime hjå Magny og Odd til god lunsj.
Det var kjekt å treffast, og praten gjekk livleg ved begge høve. Haakon gjekk inn for at i 2015 må det bli nytt "stortreff". Dette vert fullt ut støtta av underteikna. Så kjære alle saman: Hald dykk friske og i live og så møtest me i Sogndal i 2015.



Gammalt stoff:

Gode russevener! Inge Olav har vore ute og reist og sendt oss nedanståande:



Hei Oddvar!

Den 19. mai var det eit "minimøte" i Morgan Hill, California. Eg har vore på ein nesten fire vekers ferietur i 9 statar saman med kona og forlovarane våre (har sølvbrudlaup no i juni). Sidan vi m.a. reiste halve California på langs tok eg kontakt med Inger Johanne i Morgan Hill og ho ba like godt alle fire på lunsj med nogo attåt. Vi "spente" nesten heile 19. mai hjå henne og mannen i varmt fint vær med besøk på m.a. den lokale vingarden. Ho skulle feira 45 års brudlaupsdag i Carmel like etter vårt besøk. Vi hadde ein triveleg dag i Morgan Hill og Los Gatos.

Eg legg ved bilde frå den hendinga. Elles har eg (vi) flytta til Os (Ferstadvegen 60B, 5200 Os) med utsikt over den fjorden der eg tok hovudoppgåva mi i slutten av 60-åra!

Helsing Inge


Me er eit stykkje inne i det nye året og Bille har vore frampå og skrive litt om russen 1960 igjen. Sjå teksten nedanfor! Vonar alle er friske og raske slik at de kan nyta tilveret som pensjonistar!




Julehelsings-stafetten har fungert godt. Er det enno fleire som har noko på hjarta, så er det berre å setja seg til å skriva. Det er svært kjekt å høyra korleis folk har det rundt omkring. Eg tek også i mot bilete som kan leggjast ut her på heimesida vår. Det kan vera bilete av kva som helst som måtte vera av interesse for oss 1960-russ. Eg tykte det var svært kjekt då det kom bilete frå Inger Johanne , Kirsti og Ola.
Er det nokon av dykk som er på Facebook og som eg ikkje alt er ven med? Gi lyd!

Mange helsingar frå Oddvar







Helge:

Riktig godt nytt år til alle! Det er kjekt å "høre" fra dere - all honnør til Oddvar for pådriveri.
Det er tydelig vi holder koken selv om det må skiftes ut en del deler etterhvert. Selv har jeg sluppet unna (foreløpig?) takket være havregraut, tran og gamalost - og meget moderat fysisk aktivitet. Da jeg forleden spurte min bror om en av mine jevnaldringer i Valdres, svarte han at vedkommende hadde det bra. Han hadde fått tupé, nye tenner - og ny dame! Det gjelder ikke å gi opp. God ide med samling - det skal bli kjekt. I likhet med Olavs bestemor, hadde min bestemor alltid et visst forbehold om framtidige engasjement: Ja, så sant jeg lever og har helsa. Etter siste samling, har jeg laget et par artikler som kanskje kan interessere noen av dere. En er om tobakkdyrking i Luster, en annen om Munthe-garden i Ytre Kroken og en er om de gamle kobbergruvene i Årdal. De ligger også på heimesida vår, under Artikler. Ellers hadde jeg gleden av å være med på den store julegaven på Jæren i 2010; Duale mæ steidn. I noen hektiske døgn i april 1940 var Vangsmjøsa base for de norske militærflyene i Sør-Norge etter som de ordentlige flyplassene var tatt av tyskerne. Til Vangsmjøsa, via omveier, kom også fly flyktende fra Sola. De fleste ble bomba, også et italienskprodusert bombefly. Vrakrester som er berga, danner nå kjernen i en gjenoppbygging i flymuseet på Sola. Ringen er slutta. Jeg kunne ikke la denne artige historien ligge. Det ble bok med den provoserende tittel Vangsmjøsa lufthavn - og litt til. Dessuten er det med en del vestlands- og anna sogne-stoff med i boka. Det var jo mange sogninger som sloss mot den tyske framrykkingen i Valdres. OG: Historien om Jan Harald Torvund i Høyanger som har en Sherman tanks på 34 tonn stående på tunet, er med! Ja, dette var noe om hva jeg har pusla med siden sist. Det er travelt (og kjekt) å være pensjonist.
Beste hilsen til alle
Helge

PS: Skulle noen være interessert i boka, er det selvfølgelig hyggelig "studentrabatt" ute og går.
H
.........................................................................
Helge Haugen
906 32 322
www.steinbutikken.no



Kirsti og Inger Johanne har møtt Ola på Gol då dei var på gjennomreise frå Sogn til Oslo. Eg har fått tilsendt eit par bilete av dei. Bileta vart tekne i november i år under kaffistoppet på Gol. Dei ser unge og friske ut alle tre, tykkjer eg.

Så ønskjer eg dykk alle eit GODT NYTT ÅR!

Oddvar









hallo oddvar og dere andre 60sogndalsruss.

vel overstått julefeiring.

etter 47 år i norsk grunnskole kan jeg noe om stor forboksrav og punktum, men en morgen i begynnelsen av jenuar hørte jeg stemmen til kardiologen min, sofaen blir din verste fiende, så jeg løp freidig ut ned langs bukta vår,og endte på operasjonsbordet hos ortopedene. nå går jeg rundt med et fastskrudd stativ på venstre underarm, har hatt en kjekk men vond jul. det går for tregt å trykke på caps lock i ett sett. hadde nok vært bedre å bo i områder hvor du per har arbeidet til og fra, hvor en kan ha en personlig oppasser. kjekt å ha nå.

ellers syns jeg forslaget om 55 årsfeiring er flott. jeg må ha minst en porsjon vestlandsnatur i året, helst flere.aller best sammen med gamle gode venner.

sier som geir. norsk helsevesen er topp. jeg føyer til spesielt ambulansjesjåføreene. de er mine helter. gi lyd hvis noen er i aust-agder. det hender at jeg er hjemme i strandsonen mellom grimstad og arendal.

beste hilsen kirsti godt nytt år til alle.




Hei klassekameratar!

Ja, no er det nesten berre eg som ikkje har svart på julehelsinga og invitasjonen til 55 års-jubileum i 2015. De tenkjer vel at eg skal stå og hjelpa kona med julemiddagen nett no når klokka er 15.15 julaftan, men eg køyrde henne på sjukestova for ein halvtime sidan. Heldigvis ikkje som passient, men ho er "ringevakt" og kunne ikkje seia nei til 130 % overtidsbetaling.... Eg skal få nyta pinnekjøtet hjå eldste stesonen min med familie og henta Berit på veg heim 21.30 i dag. Så får vi to opna dei få pakkane som ligg under treet.

Dette vert siste jula på Tertnes. I mars flyttar vi til Os: 4 km frå ferjekaien på Halhjem - det må jo vera eit framsteg, ikkje sant Geir! Vi vert ikkje yngre med åra og etter å ha budd 8 år i 5. etasje utan heis med 79 trinn opp frå garasjen ser vi fram til alt på eit golv i eit 5 år gamalt hus med utsyn til Bjørnefjorden og Folgefonna!

Elles skal vi feire sølvbryllup med amerikatur det meste av mai 2012, og vi tek forlovarane våre med. Eg har alt fått brev frå Inger Johanne at vi skal treffast på Stillehavskysten ein stad. Vi feirar 17. mai på stranda i Santa Barbara og skal elles sjå att stader vi har vore tidlegare.

Eg var saman med Geir på eit anna 50-årsjubileum i august: Det er 50 år sidan vi gjekk ut frå Befalskulen i Kristiansand. Sidan vi var så langt sør tok vi turen over Skagerak og køyrde like godt gjennom Aust-Europa til leiligheta vår ved Svartehavet (Bulgaria) der vi var i 5 veker før vi køyrde heim att. No er det vinter der ned og til neste år vert det nok berre tur til hausten.

Vi møtest att i 2015 om ikkje før.

Helsing Inge




Kjære alle sammen!

Takk for julehilsener og oppdateringer ad liv og røre hos Sogndalsrussen -60. Fint å holde kontakt !

Takk særlig til Oddvar for administreringen !

Jeg har det bra, skal jobbe nok et halvår, men så regner jeg med å coole\n. Ser fram til neste treff, god ide! Ønsker dere alle en riktig god jul, god bedring til deg, Geir, hils til Britt. Og et velsignet nytt år ønskes for alle !

Hilsen Anne-Kathrine




Hei alle saman.

Denne skikken med julehelsingar som har kome no i seinare tid mellom russevener, er flott. Eller er det alderdomen som har gjort sitt inntog for fullt. Jubileet i 2010 var ei fin sak - så ideen om å feira i 2015 støttar eg fullt ut. Til deg Geir vil eg berre seia: Velkommen etter. Med meg har det gått fint etter blokkinga , og det gjer det heilt sikkert med deg også.

God jul og godt nytt år til dykk alle.

Beste helsing Aud og Birger.




Kjære alle sammen,

Først, det er med stor beklagelse at jeg har måttet utebli fra samlingene våre; men som Geir sier, vi er i reparasjonsalderen, og garantien er utgått, så vi må finne oss i at helsespørsmål tar prioritet i planene våre. Men det er hope in hanging snore som Rosenborgtrener Eggen så presist uttrykte det på en pressekonferanse i tilknytning til Champions League. Så litt om meg/oss: de siste 10-15 årene har vært omskiftelige. Etter mange år i NTH/NTNU og SINTEF-systemet, hvor jeg etter hvert gjenkjente de fleste oppgavene som kom på mitt bord, tok jeg en periode fra 1997 til 2001 som vitenskapelig/industriell attache i Singapore, med ansvar for oppgaver i Singapore, Indonesia og Malaysia. Jeg hadde også et friår i -93/-94, hvor jeg jobbet i Kværner i Malaysia, stasjonert i Kuala Lumpur, og det gav mersmak. Det var en ny og svært interessant erfaring, både fordi at hele området der ute er en heksegryte i utvikling, og fordi jeg fant det umåtelig nyttig å se Norge utenfra en periode. Det vi ser i Europa og USA nå, er i betydelig grad influert av utviklingen i Asia, spesielt Kina og India, det har vært i emning de siste 10-15 årene for alle som vil se, og det kommer sannsynligvis til å fortsette. Som eksempel har Singapore et nasjonalprodukt på linje med Norge, uten en eneste naturlig ressurs, utenom sin befolkning og beliggenhet, og Kina kan skape hundre Singapore hvis de får litt mer tid på seg. Etter Singapore kom vi hjem til jul i 2000, etter permisjon fra NTNU/SINTEF, hvor jeg begynte igjen umiddelbart, med oppbygging av et nytt Gassteknisk Senter, og med internasjonal aktivitet i mot EU og japanske, kinesiske, og amerikanske universiteter. I 2005 sa jeg at nå er det nok, og etter mange år med lange dager og uker, og store veksler trukket på familien, gikk jeg ut i pensjon. Det er nok blant de beste beslutningene jeg har gjort; jeg fortsatte som rådgiver for NTNU og SINTEF, hvor jeg kunne arbeide så mye som det passet meg, samtidig som jeg fikk tid til det meste jeg/vi måtte forsake før. Jeg er fortsatt med, nettopp nå arbeider vi med et kjempestort prosjekt i Nord-Italia, med undergrunns kjølelagre for epler, i Trento-regionen. Her dyrker de 400,000 tonn epler i året som de kjølelagrer og sender ut på markedet i en jevn strøm hele året. Så hvis dere spiser Golden Delicious, er det en god mulighet for at det kommer derfra. Ellers reiser vi en god del; vi lærte ungene våre å ta seg ut i verden, og det ”svir” vi litte granne for nå, når de har slått seg ned langt borte, og vi må reise for å se barnebarna våre. Heldigvis har den eldste sønnen vår som har jobbet i 20 år i Siemens i Tyskland, Kina og Sveits, flyttet hjem til Bergen, det er jo halvveis utland, men nærmere enn Frankfurt, Beijing og Zug. Og eldste datteren vår som er utdannet kjemiingeniør og vinmaker (til farens store glede), er hjemme hos oss en periode for at datteren skal lære norsk. Og yngste datteren vår bor i Sveits, i nærheten av Lausanne, og der har vi vært en god del de siste to årene. I alt har vi fire barnebarn, to jenter og to gutter, i alderen 2 til 10 år, til stoooor glede for oss. Vi bor fortsatt i Trondheim, selv om vi hadde/har planer om å flytte permanent til Sogn. Men det har blitt satt på vent fordi Margit dessverre har fått en nevrologisk sykdom som gjør at hun må være nær St. Olavs hospital i Trondheim i perioder, hvor hun får god oppfølging. Men vi kan heldigvis reise i perioder. Vi er mye i Sogn, hvor vi har et hus, både sommer og vinter, og det er der familien helst samles. Vi skulle ha vært der nå i julehelgen også, men med det værlaget som hersker, og alle polske trailerne på veiene, har vi valgt å være i ro i Trøndelag. Jeg har for øvrig tenkt å dra ned klimagassutslippene kraftig ned i høytiden, i håp om bedre vær over nyttår. Den gamle mann i månen smiler like rund og blid som han gjorde leeenge før Jens kom forbi…. med sin månelanding.

Vi var for øvrig en kort tur i Sogndal i sommer, på vei hjem til Trondheim. Det forsøker vi å få til hver sommer; det er alltid en glede å besøke tante Agna (Sørheim) på Flatane. Så kniper jeg øynene godt i igjen når jeg kjører gjennom Øyane og Fjøra; det er ikke mye igjen av vår ungdoms Sogndal. Men det er nok for mye forlangt å opprettholde det gamle for å glede meg hver sommer. Og så Geir da, jeg som alltid har trodd at du hadde et godt hjerte. Kan det være politikken som har forherdet det? Fra spøk til alvor, jeg er glad det gikk bra, og at du er på bedringens vei! Jeg skulle ha skrevet et dikt til deg, men kilden har ebbet ut, så jeg tar frem ett jeg skrev til deg og Olav da dere var på tur til Trondheim, og kjørte dere overende med motorsykkel (og du eller Olav brakk et bein):

Løft ditt hode du raske gutt

om et ben eller to er brutt

gror det på nytt i det fjerne

styrthjelmen reddet din hjerne

Avslutningsvis, takk til Oddvar og dere andre som tar slike flotte initiativ. Jeg håper inderlig at jeg kan være med neste gang.

En riktig God Jul og et fredfylt Nytt År til dere alle!

Ønskes av Margit og Per-Erling

PS Jeg ber om unnskyldning for språket; jeg ser at de fleste av dere har holdt fast ved Åsen og Fåberg. Men etter flytting fra Kyrkjebø/Høyanger til Sogndal, og videre til Trondheim og ut i den store verden, er jeg blitt en språklig nomade. Nynorsk er heller ikke det fremtredende fagspråket i termodynamikken. Så dere får se på det som en yrkesskade. Men jeg leser Olav H. Hauge med stor glede. DS




Hei alle saman!

Takk for flott initiativ Oddvar. Det er fint at nokon tek eit tak for å halde kontakten oppe. Me skal feire jol i heimen på Vangsnes med våre hjå oss. Det ser me fram til! Framlegget om 55-års feiring har vore lagt fram til røysting og fekk 100 % oppslutnad. Eg seier som far min pleidde å seie: Dersom eg har helsa og levedagane, stiller eg opp. Så vil eg ynskje alle ei retteleg fod jol og eit signa nytt år!

Olav F




Den 23. des. 2011 kl. 15:49 skrev Gunnar Kristian Halvorsen:

Ka farske Geir! Du er jo berre junioren når det gjeld slike sløyeopersjonar. Eg gjorde same øvelesen då eg var 49 aur. Men eg har aldri fåre å vima rundt adle fjedl og nes på jakt ette kjøt og fisk hedle. No fekk du vel røyne at noko kan vera bra i Kongeriket og godt va da!! Eg trur også han Johs har vore vorti noko liknande for ei tid attende. Måtte beree jøla lite vetta med deg no det stundar til jol og eg set med ei juleøl frå Polet i venstrau og eit glas Opplandske Gammel i dan andra. Unge Asbjørn Kloster, som var russenmanet mitt, har nok brote lovnaden og lever godt med det, om ikkje heilt i sus og dus som det mest høyrest ut til. Femtan aur æ leingje å venta på noko godt, so han sa-? Fem års planar er vel betre i så måte. Spesielt dei utan innhald bortsett frå eitt punkt som gjeld slutt markeringa av planperioden som eg gjer framlegg om vert markert med eit drustelegt lag ein eller annan stad i kongeriket eller helst utanskjærs. No er det opp til dykk gjeve Indre Sogningar å take badl på same vis som Saftkaradn gjer. Eg fekk eit lite hugskot og kom på at eg kjem til å vera ein del gonger i Saungdal i planperioden og dau kunne da ha vore fykande kjekt å få treft nokre av dykk i Fjøra. Fyrste høve vil kunne by seg i rom juli i år. I fall føre og helsa gjer det mogleg kjem vi til å reise på hytta i Valdres, då med ein avstikkar til Amla/Sognadal for m.a. å vitja svigerforeldra mine som bur på Sjukeheimen i Sogndal no. På grunn av omstenda må eg få høve til å kome attende til tid seinare. Men dersom det vert noko av kunne eg ha tenkt meg Lægreid Pensjonat der vi kunne ha mimra litt om ho Alvhild og m.a. minnast dei framifrå utspedde kjøtkakemiddagane vi fekk serverte der. Osv, osv. I adle høve, god jul til dikka adle med ynskje om at de fer varleg fram i det nye aure med dikka sjølve og med tida i da!

Lev vel og bete helsing frau han Gunnar Kristian

Er det nokon som frekventerar hovedstaden er det berre å plinge på for ein drøs! Gaur da so gaur da!

Mobilnr. mitt er: +4791359461 E-brev adressa er: gkh@halvorsenutvikling.no




Hei.

Kjekt å plutseleg få brev frå så mange. Me sit her i Spania med pakka koffertar klar tll å reisa til Oslo på "juleferie". Her har me vore sidan midten av september og gjer visst det motsatte av det vanlege i Norge,- reiser nordover til jul. Gler oss til å sjå att familien. Men nokon tur til "basen" vår i Sogndal blir det ikkje denne gongen. 3.jan. reknar me med å vera her igjen. Men når 1.april kjem, då set me kursen nordover. Ingenting er vel som våren i nord og Sogn. Kanskje møtest me snart?

Ynskjer dykk alle ei God Jul og eit Godt Nytt År .

Helsing Magny.




Hei Oddvar og heile gjengen!

Takk for julehelsing!

Margrete og eg kom nettopp att frå Gran Canaria. Me var der i to strålande veker, så me slapp unna stormane og regnet her på Sør-Vestlandet i desember. Me var og to veker på Kreta i september, så no har me vel fått D-vitaminar nok og skaffa oss eit bra grunnlag for å ri av vinteren. Me fekk nokre cm snø tysdag kveld. Ein strålande, fin og solrik dag i går vart bokstavleg eit eit lyspunkt i gråveret. Men i dag har snøen smelta i det milde gråveret. Me var ikkje mange på minitreffet i sommar, men det var koseleg for oss som møtte. Diverre vart den planlagde turen vår avlyst, men eg gjekk han åleine. Det var fuktig ver, men med gode regnklede og niste vart han vellukka likevel. Eit 55-årstreff stør eg fullt og heilt opp om. Til slutt vil eg ønskja alle ei retteleg god jul og eit godt og fredeleg nytt år.

Beste helsingar frå Osvald.




Hei Oddvar, og alle sama!

Det var koseleg aa faa ei julehelsing her, og eg takkar og sender tilbake oensker om ei God Jul og Godt nyttaar til Russen 1960! Og er enig med Haakon om at eit 55-aars treff er ein god ide! Beste julehelsing fraa Inger Johanne





Hei alle sammen!

Takk for julehelsinga Oddvar.Med dette ønsker jeg deg og dine og alle dere andre god jul og et godt nyttår. Jeg har sett på meg som en relativ sprek 70 åring, bosatt på Hokåssætra i skogen på Finnskogen.I overgangen mai-juni var sønn vår og jeg på en vellykket Steinbukk og Bjørnejakt i Sibir i 11 dager hvor vi sov og gikk rundt i fjella der. I slutten av juni var jeg og noen ungdommer i Finnmark på Sørøya på fantastisk havfiske i strålende midnattssol utenfor fuglefjell.I olsokhelga var jeg naturligvis en tur i Fjærland og da gikk jeg uten problem opp på Flatbreen Ca 1000 opp. I elgjakta i høst gikk jeg stort sett hele dagene med min elghund og var i relativt god form syntes jeg. I slutten av jakta i oktober/november fikk jeg mer og mer trøbbel med motbakkene, så jeg måtte stoppe noen minutter før jeg kunne gå videre .Da det ikke ga seg i løpet av 3-4 uker, bestilte jeg time 25.november hos fastlegen.Han reagerte momentant på det jeg fortalte og han sendte meg rett inn på Kongsvinger Sjukehus, hvor det ble konstatert at jeg hadde hatt et hjerte atakk.Derfra ble jeg etter to dager sendt til Ullevål Sjukehus for videre undersøkelser.Etter undersøkelser der ble jeg bypassoperert 5.desember,hvor de satte inn tre nye årer i hjertet.8.desember ble jeg flyttet tilbake til Kongsvinger Sjukehus hvor jeg ble utskrevet 13. desember etter en vellykket operasjon. Denne erfaringen har gjort meg full av beundring over hvor god behandling jeg fikk av vårt helsevesen.Det gjelder selvsagt prøver,behandling , operasjon og forpleining.Det ga meg hele tiden tillit til at jeg ble godt omhandetatt. Fra slaktinga i elgjakta visste jeg at det var langt inn til hjertet og at man måtte bruke stor kraft for å holde sidebeina fra hverandre for å komme inn.Dette virket enkelt for kirurgene på Ullevål, som jeg er full av beundring for. Dette har minnet meg om at selv om man føler seg bra er vi i reparasjonsalder ,men dette går fint. De har sagt jeg skal bli sprekere enn før.God idee med 55 års jubileum,jeg kommer.

Mvh Geir




Hei Oddvar og resten av gjengen!
Fikk lyst til å sende en jule-og nyttårshilsen. Har vært i Sogn to ganger i år, den ene gangen hadde jeg Skjolden Brygge som base i noen dager. Og for en base!! Her manglet det ingen ting- og beliggenheten ga god anledning til å ta en tur på Nigardsbreen såvel som å reise med Flåmsbanen. For et fylke Sogn og Fjordane er! På denne turen hadde Linda og jeg med oss Lindas datter ( som bor i Indiana,USA) og hennes tre sønner. Ingen av dem hadde tidligere sett "fjords and glaciers!"- så dette slo an!! Under oppholdet i Skjolden hadde jeg også en hyggelig kaffestund hos Kari Margrethe.
Til våren gjør jeg svenske av meg i den forstand at vi har kjøpt et hus i Sverige, i nærheten av byen Ludvika i det sørlige Dalarne. Overtok det i oktober og har vært der og foretatt noe innvendig arbeid inkl. malerarbeid. Fra der vi bor er det ca. 50 km til Falun- og jeg har muligheter for å bli en av dem som betjener norsk presse under ski-VM i 2015. Dit frem er det jo fortsatt 3 år- og det betyr jo at man har god tro på seg selv!! Fra vårt nye tilholdssted kommer jeg ca. 200 km nærmere mine nærmeste, mens det blir tilsvarende lengre å kjøre til Sogndal ! Nå ja, det går nok, så om alle makter vil meg vel stiller jeg på et mulig 55-års treff!!
Haakon





Minitreffet i Sogndal hausten 2011




Minitreffet i Sogndal dette året vart verkeleg eit mini-mini-treff. Kun fire personar kunne møta, og desse ser du på bileta ovanfor. Me møttest på China House i Sogndal og hadde ei koseleg stund saman, og me avtalte ein lett tur på fredag føremiddag, før regnet etter meldinga skulle koma, men så synte det seg at regnet kom alt før me hadde fått augene opp, og me avlyste like så godt turen pr telefon.

Men har nokon planar om tur til Sogndal dette året eller seinare år, så ta kontakt, og me kan avtala møte. Det er kjekt å treffast sjølv om ein ikkje er så mange. Ha ein god sommar vidare alle saman!





Stoff og bilete frå treffet vårt 10. - 12. august 2010 finn du nedanfor:


NB: Har du gode bilete frå treffet, så send dei til meg: oddvar@walaker.net

Haakon har sendt nokre bilete frå treffet, og han skriv følgjande:
Oddvar:
Nå har jeg endelig summet meg til å sende noen fotos fra det meget vellykkede Russetreffet den 11. og 12. august i år. Foto 1,2,3 og 4 er alle fra det hyggelige kaffestoppet hos Aud og Birger , mens 5 og 6 er fra Solvorn! Kanskje finner du disse fotos kvalifisert til å bli overført hjemmesidene ( som jeg regner med fortsatt eksisterer!!)
-- Var for 14 dager siden på et NRK-kurs der temaet var: Forberedelser for pensjonsalderen. Blant bidragsyterne her var Verner! Jeg blir alderspensjonist for alvor fra 1. mai ( fyller jo 70 i april)- men har en kontrakt med N R K ut mai måned for å fullføre programforpliktelser .

Beste hilsen
Haakon














Inger Johanne har sendt meg to bilete frå festen på Hofslund. Fleire bilete frå Hofslund ser du lenger nede på sida.
Det er "Hybelvisa" frå revyen vår som vert framførd her:


Bille fyller 70 år og me gratulerer! (Nedanståande sto i avisa i går, 15.09.2010)



Nemndi har hatt siste møtet. Me var på China House i Sogndal i kveld, 16.09.2010, saman med halvdelene våre:




Bille har skrive om treffet vårt i Sogn Avis i dag (19/8)


Bilete frå nemndmøtet 5. august, der også Inger Johanne var med.


Bilete frå turen til Fuglesteg tysdag 10.august 2010


Bilete frå Campus og frå Fjørevandringa 11. august 2010


Bilete frå turen rundt Lustrafjorden 12. august 2010


Bilete frå festen på Hofslund 11. august 2010




Ein mail frå Inge er attgjeven her:
Hei Oddvar!
Eg veit ikkje kor langt de er komne med programmet, men eg sender ei data-fil eg fekk tilsend frå ein av mine gamle studentar for eit par månader sidan (sogningen Torbjørn Vangsnes frå Leikanger, no Statoil). Det er eit programinnslag som sikkert har spreidd seg ein del på internett, så hvis mange har sett det er det ikkje aktuelt. Det er amerikanaren George Carlin (102 år) sine tankar om korleis vi reknar tida frå barneår til alderdom ("Philosophy of old age") med fin musikk og suverene bilete (frå USA). Eg sender kopi til Inger Johanne sidan ho skal leia kvelden. Vi (kona og eg) skal nytta dette når vi feirar 2x70 siste helga i august saman med vener i huset eg vart fødd i (Fjelberg prestegard, Sunnhordland). Det inneheld mange sanningsord. Eg reknar med at Hofslund har utstyr til å syna dette på skjerm - eg kan ta med PC'en min. (Videokanon skal vera på plass v/Oddvar)

Inge

Ein mail frå Helge er attgjeven her:
Hei alle i øst og vest!
Altså er det 15 år siden sist - og femti år siden først.... Ja, en kan bli filosofisk og det som verre er, bare av tanken. Her er det nok noen kilo og hår siden... Selv har jeg det bra, etter at en kvitkledd på legekontoret vaska ørene mine i dag, hører jeg også ganske godt ( i hvertfall det jeg vil høre). I Gilde/Nortura avslutta jeg jobben med å gå gjennom arkivet, sortere dette og få det plassert i Statsarkivet. Det var en ganske stor jobb - regna ut at jeg tok ut 23 500 binders. Det ble over 1000 arkivbokser med dokumenter. Med bakgrunn i dette skrev jeg så bedriftshistorien for kjøttsamvirket i sør/vest. Det ble over 600 sider. Navnet er Hjørnesteinen, av de mer spydige kalla Mursteinen. Her er også ganske mye om Vestlandske Salslag fram til det gikk inn i soga. Regna med at Bille ville ha en flengende kritikk av boka - Boka er ikke autorisert av Nortura, så det ble et tungt løft, men jeg berga likevel hus og bil. Ellers har jeg vært tilknytta landbrukstidskriftet Bondevennen der jeg fortsatt lager en del kulturelt/historisk stoff. Litt bok-prosjekter er det også. Min steingalne Synnøve og jeg har etablert en liten bedrift Sliperiet AS. Her jobber jeg med sølv - noe som har tatt skikkelig av. Lager og selger halvfabrikata av sølvvarer til brukskunstnere og håndverkere. Samt driver en del kursvirksomhet. Må trolig gjøre som jærbuene: skaffe meg et par polakker. Det er travelt å være pensjonist. Skal bli kjempeartig å møtes igjen, gleder meg mye!
PS: Hvis dere er interessert i mer, gå inn på heimesida www.steinbutikken.no

Hilsen Helge (nyslått bestefar til to)

GEIR HAR SENDT OSS DENNE TEKSTEN OG EIT BILETE:
Eg kjem med buss frå Oslo til Sogndal kl 2200 10.08 og dreg heim med fly om kvelden 12.08. Tenkte det var greitt å ta buss og fly i tilfelle det blei noko attåt kaffien eller Gammaldansk til frukost/lunch. Har bestilt rom på Hofslund to netter. Eg er gift med Brith, nå snart i 44 år.Vi har ei jente og ein gut og fem barnebarn(3 jenter+2 gutar).Dei bur på Skui og Jar i Bærum.Brith og eg har ei leilighet på Emma Hjort i Sandvika, midt i mellom Barnebarna ,ei lita mil frå kvar. Det er no hytta vår,då eg fekk buplikt då eg kjøpte ein skog i KONGSVINGER kommune ca. år 2000.Me fekk også kjøpt ein gammal heim i skogen her på Finnskogen som me har fiksa opp så eg er det meste av tiden her som skogbrukar,mens Brith er meir i Sandvika.Som hobby driv eg hjort ,elgjakt og storfugeljakt.Andre hobbyar er tillitsvalgt i andelslaget for skogeigere i Kongsvinger og kommunestyrerepresentant for FrP i Kongsvinger.Der er eg ledar i kontrollutvalget i Kongsvinger og det har vore interessant. Som dere skjønar er eg heilt ute av bransjen eg dreiv ca. 25 år.For den som ikkje hugsar,så gjekk eg rett frå gymnaset til befalskulen for infanteriet i Kristiansand.Etter knappe to år i militæret,så studerte eg kjemi på Universitetet i Oslo og tok Hovedoppgave i Polymerkjemi i 1968.Deretter begynte eg som kjemikar i ei bedrift ein onkel hadde på Lørenskog. Etter ca 8 år var det generasjonsskifte problem og vi rauk uklar med onkelen og ein bror og eg etablerte bedriften Rescon i Nord Odal.Denne leda eg de meste av de 25 årene før vi solgte den til Italienske Mapei.Deretter dreiv eg 3-4 år som investor på børsen hvor eg stortsett tapte før jeg slo meg til ro med skogbruk ,jakt og lokalpolitikk.Hedmark fylke og lokalsamfunnet satte pris på min innsats for etablering av Resconmiljøet så for ca 2 år siden fikk jeg Kongens Fortenestemedalje i gull for det.Det rørde meg og ga inspirasjon for arbeide i lokalpolitikken frammover. Både Brith og eg har hittil hatt god helse.Eg er ein tur i Fjærland kvar summar og ein eller to turar på hjortejakt kvar haust.



KIRSTI HAR OGSÅ SENDT NOKRE ORD:
Mail nr 1:
Nå puster jeg ut etter en svært aktiv dag med Sara, en sprek og klok gjeterhund som jeg passer for noen uker. Jeg burde være i bra form for Fuglesteg. Inger Johanne drar til Oslo fredag etter vår feiring. Jeg skal i et bryllupp i Lillesand den 7. Vi har planlagt (fordi det ser ut til å være eneste mulighet for oss) å dra til Fuglesteg på tirsdag. Jeg kommer til Sogn på mandag. Har ikke tenkt på klokkeslett. Vet at det er stopp med servering helga før. Men det går vel an å få en nøkkel for oss som er Turistforeningsmedlemmer. jeg hørte formannen i Luster Turlag fortelle og vise bilder sist jeg var i Luster. Jommen har de lagt ned mye arbeid der oppe og så flott som det er blitt!!! (NB: Eg har DNT-nøkkel. Oddvar)
Mail nr 2:
Gleder meg virkelig til turen vestover! Jeg er i Kandal i Breim fra 10. juli og ut måneden. Er hjelper på noe som heter Galleri Skarstein. I år går inntekt av salg til Haiti. Velkommen til alle på utstilling og tur til geitebreking! (500 spretne geiter på fellesstøl!).
Hilsen Kirsti
Mobil 99298976




HAAKON HAR SENDT TO BILETE OG EIN TEKST:

Hei på dere !
Det skal bli veldig hyggelig å møtes i Sogndal til 50-års gjenforening! Mange av dere har jeg faktisk ikke sett siden vi sa farvel til hverandre etter russeturen til Hamburg… Umiddelbart etter slo jeg meg på journalistikken. Begynte den 1. juli 1960 som sommervikar i avisen Vårt Land. Dette ga mersmak og ble fulgt opp med journalistutdanning i Oslo og ved universitetet i Århus. Har ikke angret på yrkesvalget som bl.a. har gitt meg tre interessante år i Gøteborg og i København og to år i Køln. Siden 1983 har jeg vært i NRK , der jeg nå arbeider på "overtid". Fra siste årsskiftet har jeg arbeidet 75 %, planlegger å gå ned til 50 prosent fra januar 2011 for så å si takk for meg en eller annen gang i løpet av neste høst ( 2011 ). Har trivdes meget godt i NRK der jeg siden høsten 2001 har hatt medansvaret for programposten "Sølvsuper"- et kombinert reportasje/portrettprogram. I desember 2005 døde min kone Dagny etter å ha kjempet med kreften i tre år. Da hadde vi vært gift i 40 år. Sammen fikk vi en sønn ( som har gått i sin farfars fotspor) og ble besteforeldre til en gutt og to jenter. I september i fjor giftet jeg meg igjen med min Linda, som er svensk og spesialsykepleier av utdannelse. Vi traff hverandre på Kypros der jeg var ledsager for en gruppe norske "senior-turister". Linda flyttet i fjor til Trondheim og arbeider som sykepleier på en kommunal helsestasjon. Hennes store hobby er nåltoving. Hun lager de flotteste figurer og dukker og deltar på messer og utstillinger!

Og her kjem bileta til Haakon:

I feriemodus ved La Napoule ved den franske Riviera der Linda og jeg har tilgang på en leilighet:


Fra ferieleiligheten vår er det ca. 15 km til Cannes. Her poserer Linda og jeg for fotografen på La Croisette:







Desse var med torsdag 20. mai: Per Birger, Johannes Brynjulf, Oddvar, Nora og Magny


Som ein ekstra service har eg no lagt inn vermeldinga frå YR på russesida vår, slik at de kan finna ut kva slags klede de skal ta med til Sogndal når den tid kjem!

Desse var med på første møtet:



Epostadressa mi er: oddvar@walaker.net
Postadresse: Haukåsvegen 5, 6854 Kaupanger
Telefon mobil 90659233


Slik såg me ut i juni 1995

Biletet er teke ved Brevasshytta i Fjærland, der me også åt lunch.

Synd er det at Eiler har gått bort sidan sist. Han var svært aktiv i arbeidet med å få 1995-samlinga i gang. Me saknar han!

Elles har eg skanna nokre bilete som vart tekne sist. Ikkje av topp kvalitet sett med dagens kvalitetskrav med mange pixlar i alle retningar, men me har vel falma litt me sjølve og. Det vert spennande å sjå kvarandre att!

Merk denne internett-sida som favoritt i nettlesaren på PC-en din og titt innom no og då for å sjå etter nytt stoff. Til dei som ikkje har sendt meg litt stoff om seg sjølve enno, ber eg om nokre få linjer om statusen. Eg vil så laga ein liten oversikt og leggja han ut her.

Her er namna på dei som har respondert så langt:
Øyvind, Nora, Verner, Haakon, Olav, Signe, Målfrid, Per Erling, Inger Johanne,Helge, Gunnar, Per Birger, Osvald, Kirsti, Ivar, Arnold, Jon, Jørgen, Svein, Kari, Anne Kathrine, Johs Brynjulf, Geir, Ola, Magny, Oddvar, Inge Olav. (Erling har eg eit mobilnummer på, men det er aldri svar å få. Kanskje er han i Afrika no og, slik han var sist me hadde treff)

Så har eg tenkt å leggja ut litt stoff om den enkelte, dersom vedkommande gir meg lov til det. Klikk på desse linkane:

Anne Kathrine

Osvald

Svein

Arnold

Magny

Helge

Bille

Inge "Kardinalen"

Adresse- og telefonliste

Inger Johanne

Me har vorte til godt stoff i SOGN AVIS

Bille har det å vera pensjonist som tema i sin artikkel i lokalavisa denne veka. Sidan ikkje alle les Sogn Avis, legg eg artikkelen inn her: Sogn Avis (men det er vel ikkje berre Haakon som er i jobb enno?)