Hallo Russ 1960.

 

Godt nytt år til dykk alle saman!

Eg har fortsatt heimstad i Sogndal. Vi har vore pensjonistar i mange år no etter 25 år som lærarar ved Trudvang skule. Åra frå vi var i begynnelsen av 60-åra til 70 åra har gått så altfor fort. Men det skulle vel og tyda på at vi har funne oss til rette med å vera pensjonistar.

 

Då vi flytta til Sogndal, kjøpte vi eit hus øverst på Leite. Før vi slutta i jobb, bytta vi huset ut med ei leilighet i terrassehusa i Hovsmarki rett over Hofslund Hotell. Det var ikkje alltid så lett å ta seg opp og ned bakkane vinterstid. Dei to gutane våre bur i Oslo og Paris, så dei er lite i Sogndal.

 

Vi er mykje på reise vi og. No sit eg i Spania og skriv. Fann ut at at vi hadde godt av varmare klima vinterstid., så for ein del år sidan kom vi over ei eldre rekkehus-leilegheit her i Albir, ca 40 km nordaust for Alicante. Vi kjøpte den som ”pensjonist-prosjekt”. Odd måtte ha noko å pusla med, og her var rikeleg med malingsarbeid og andre kreative aktivitetar. Vi har ein stor felles hage som vi kan bruka krefter på når det passar. Men nokon luksusbustad er det ikkje.

 

Her er mange norske ”klimaflyktningar” i området, så tida går fort. Vi brukar koma hit ca. 1. okt. og heim påsketider. Her i Albir har vi fjella rundt oss,- godt tilrettelagde for turar og stranda når veret høver for det.

 

Vi føl med på det meste som skjer i Norge då vi har norske TV-kanalar og internett. Vi les Sogn Avis på nettet og svingar innom riksavisene.

 

Dette var litt om korleis vi har innretta pensjonist-alderen vår,- og det passar oss no. Men Sogndal er vår base, vi har ikkje flytta ut. Våren og sommaren må vi ha i Norge.

Skal bli triveleg å møtast i august.

 

Helsing Magny.