Hei Oddvar!
Kjekt at nokon tek initiativ til russetreff for russen 1960. Det vert jo
50-årsjubileum til våren, og det bør feirast.
Det vert kjekt å møta kvarandre att. Eg vil gjerne møta.

Adresse, telefonnummer og epostadresse finn du under.

Noko serleg nytt har eg ikkje å fortelja. Gjekk av med AFP-65 år for 3
år sidan, så no kan eg gjera kva eg vil når eg vil.
Eg driv framleis som trenar i Bryne friidrettsklubb, og eg tek av og til
korte vikariat på skulen når det er krise.
Elles er det nok å gjera med å restaurera eit eldre hus på Nesheim
(tilhøyrer kona og søskena hennar) og hjelpa ungane med med førefallande
arbeid på hus og eigedom.
I vinter fekk eg påvist ein mild type kreft i prostata. Prostata vart
fjerna 3. juni i ein kikkholsoperasjon. Så no er eg i fin form att.

Ser fram til å få fleire opplysningar om russetreffet.

Helsing Osvald Kvam