Inger Johanne


Inger Johanne skriv:
"Her kjem eit bilde du ba om, det er Minni og meg paa Loftesnesfjellet sist sommar. M.h.t. tur til Fuglesteg saa tenkte eg at det blir vel vanskeleg aa arrangere fellestur, saa eg har gjort avtale med Minni om at vi skal gaa dit soendag 15. august. Minnie er den finaste og beste fuglehunden i verda, og ho er veldig glad i aa trekke (ho er Dag og Birgit sin).Eg sender ogsaa eit par andre bilder fraa ein tur no nylig her i Morgan Hill."
Er det fleire som vil vera med til Fuglesteg søndag 15. august?

Fuglesteg er ein høgdegard i Fortunsdalen som har vorte restaurert dei siste åra. Eg har forresten vore med på dugnadsarbeid der eit par dagar då hovudhuset vart oppattbygt. Den eine dagen var det muring, og den dagen bileta er frå, var det nytt jordtak som skulle på plass. Me trilla opp ca 25 tonn med jord den dagen.Eg legg inn nokre bilete derifrå etter dei tre bileta til Inger Johanne.

Turen til Fuglesteg tek om lag ein time etter bratt veg og noko sti til slutt.