Hei alle saman,                                                                                                                                             Asker 30/12-2009

 

 

God jul og eit riktig så godt år i 2010!!  

 

                                                                             

50 års russetreff vert spennande, nesten for spennande. Men ordentleg moro og!

 

Dei fleste er vel pensjonistar no, om ikke så erfarne i den bransjen som eg alt er.  Har vore pensjonist i 6-7 år allereie, er 70 no.  Fekk eit godt tilbod, som det heiter, om førtidspensjon då eg var vel 63. Eg har ikkje sakna jobben; -I min bransje har utviklinga gått svært så fort, så eg var vel i ferd med å gå litt trøytt av galoppen, kanskje litt ut på dato også, tenkjer eg. 

Så når folk spør korleis det er å vera pensjonist brukar eg å svara at det er som å vera student igjen, men med nok pengar og utan pensum og eksamen; – med andre ord eit bra liv så lenge helsa er god.

 

Pensjonistar før og no er no ikkje det same. Då eg var ungdom gjekk dei i heimemiljøet og kjeda seg eller klaga over helsa;- no har me både helse og velstand og er blitt så aktive og opptekne at det er vanskeleg å finne ledige dagar i kalenderen. Diverre er ikke statistikk nokon garanti for den enkelte;- trist å høyra at Eiler er borte.

 

Det er fint at hausten vår ikke er ventetid som før, men har fått innhald i rikt mon. Då er det nok verre med haustfargane;-naturen sine er nok finare enn våre, ha-ha.

 

Me har vore heldige med tida, heilt frå russetida då me slapp å gå opp i alle fag og til no. Maken til velstandsauke i Norge i desse 50 åra får knapt dei etter oss oppleve.

 

På heimefronten er det roleg. Bur framleis i Asker. Har same ekteviv, har 2 døtre og no 3 barnebarn.

 

Etter eg vart pensjonist er eg  mykje av våren og sumaren  på hytta på Vassdal i Osterøy, fødestaden  min.  Om vinteren kortar eg ned mørketida med eit par turar til Thailand.

 

Me sjåast i Sogndal

 

Svein